TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 3. september 2010

St. Denis del 2/2, henta frå "Dei gyldne legendane" samla år 1275

....Men djevelen, som var svartsjuk, og som kvar dag såg korleis makta hans vart mindre og gruslagt, og korleis Kyrkja auka og vann siger over han, rørde opp Domitian, keisaren, til slik ondskap at han laga ei ny lov, der han påbudde alle som kom over Kristne menn å tvinge dei til å offre til avgudane eller å plage dei med tortur av ymse slag. Han sende so borgarmeisteren Fescennius av Roma til Paris i kampen mot dei Kristne. Denne fann den Heilage Denis midt i forkynninga, og fekk det ordna slik at han vart voldsomt banka opp, spytta på og håna, og ilag med Rusticus og Eleutherius vart han bunden og teken fram til borgarmeister Fescennius. Då denne fekk sjå korleis desse heilage menna stod faste og urokkelege i truskap til vår Herre, vart han vemodig og sorgtyngd. Då kom det til plassen ei høgetta frue, som fortalte at mannen hennar hadde vorte fullstendig hjernevaska av desse trollkarane. Mannen hennar vart henta med det same, og då han og stod fast i truskap til vår Herre, vart han avretta på staden.
                   Og helgena vart banka opp av tolv riddarar og bunde med jernlekkjer innan dei vart kasta i fengsel. Dagen etter vart Denis lagt på eit grilljern og utstrekt heilt naken over det brennande kolet, og der song han til Herren desse orda: "Herre, ditt ord er som ein brennande eld, og tenaren din er femna i denne kjærleiken." Etter dette vart han kasta inn hjå ville dyr, som hadde vorte utsvoltne etter lang tid i svolt og faste, og med det same dei kom springande imot han, gjorde han Krossteiknet mot dei, slik at dei vart tamme og milde. Denis vart difor kasta inn i ein fortærande eldloge, men elden slokna med det same og han fekk verken smerte eller skade på kroppen. Han vart då hengd på ein kross, og der vart han ille plaga lengje før han vart teken ned og kasta inn i ei myrk fengselshole saman med fylgjet sitt og ei mengd andre Kristne menn.
           Det hende seg då i fengselet at han sang den Heilage Messa og gav folket Kommunion, då vår Herre openberra seg for han med eit himmelsk ljosskin, og gav han brød og sa: "Ta dette, min kjære ven, for løna di er stor hjå Meg." Etter dette vart dei stilte framfor dommaren og vart enno ein gong gjeve over til ulike plager, før dei til slutt kappa hovudet av dei tre venane, det vil seie Denis, Rusticus og Eleutherius, fordi dei sanna namnet åt den Heilage Treeinige Gud. Og dette vart gjort ved templet til Merkur, og dei vart halshøgde med tre ykser. Men med det same han var halshøgd røyste Denis sin lekam seg opp, plukka opp hovudet sitt i armane sine og ein engel leidde han tre romerske mil (vel 6,6 km) frå plassen, til martyrhøgda, til høgda der han no kviler etter eige val og etter Guds forsyn. Og ein kunne høyre ein spektakulær og søt melodi av englar som song, og mange av dei som høyrde det kom til tru på Herren. Ei kvinne kalla Laertia, kona til den tidlegare borgarmeisteren Lubrius, fortalte at ho var ein Kristen, og med det same vart ho halshøgd av dei onde forbrytarane, og mottok blodsdåpen og slik døydde ho.
                  Og Virbius, sonen til Lubrius, som var ein riddar i Roma under tre keisarar, drog seinare til Paris og vart døypt og la seg sjølv til skaren av religiøse. Og dei onde heidningane tvila på at dei gode Kristne menna ville freiste å gravleggje lekamane til Rusticus og Eleutherius, og gav difor ordre om at dei skulle slengjast i elva Seine. Men ei høgetta kvinne bad dei som skulle bære lika om å ete middag heime hjå henne, og mens dei åt tok denne kvinna og gravla dei i løynd ute på eit jorde som tilhøyrde henne. Noko seinare, då den intense forfylgjinga var over, tok ho dei derifrå og la dei vyrdsamt attmed lekamen til den høgvyrdige St. Denis. Og dei leid dauden omlag Herrens år 96, under Domitian. St. Denis var då 90 år gammald.

Då Regulus den heilage Biskopen sang Messa i Arles, og øvde seg på namna til Apostlane i Kanonen, hende det at han la til namna åt dei velsigna martyrane Denis, Rusticus og Eleutherius. Men mange trudde at dei framleis levde og undra seg då han nemnde deira namn i Kanonen. Men mens dei tenkte på dette, synte det seg brått på Krossen på Altaret tre sittjanede duer, som hadde namna åt helgena skrive på brystet med blood, og då dei såg dette skjøna dei vel at helgena hadde forlete denne verda. Hinchmar, biskopen av Rheims, sa i sin epistel som han sende til Charles, at denne Denis som vart utsendt til Frankrike var Denis Areopagite, som tidlegare er sagt, og det same seier Johannes Scotus i ein epistel til Charles, dersom nokon med tida skulle seie noko anna, ettersom det alltid vil vere dei som protesterar. I vår Herres år 832, i regjeringstida åt Louis, konge av Frankrike, hende det seg at budberarane åt Mikael, keisar i Konstantinopel, m.a. sende til Louis, son av Charles le Grand (Karl den Store), boka av St. Denis om englehierarkia, oversett frå det greske målet til latin. Dette vart motteke med stor glede og den same natta vart 19 sjuke menn bota i Kyrkja hans. 
                 I Herrens år 643, som det er nedskrive i ei krønikebok, byrja Dagobert, konge av Frankrike, som regjerte lengje innan Pepin, allereie som barn å syne stor vyrdnad for St. Denis, og ein gong då han tvila på intensjonane til faren Clothair, rymde han til St. Denis Kyrkja. Og då denne heilage kongen var død, vart det synt til ein heilag mann i eit syn korleis sjela åt kongen vart stilt framfor domen, og at mange heilage der skulda han for å ha plyndra Kyrkjene deira. Då dei onde englane ville ta han med til smerter, kom den velsigna Denis og løyste han frå plagene, og sjela fekk vende attende til kroppen for å gjere bot. Kong Clovis oppdaga lekamen åt St. Denis, og braut beina på armen hans og slenge det skjødeslaust vekk, men i same stunda vart han sinnssjuk. Lat oss då tilbe den Allmektige Gud i hans heilage, at me, gjennom deira siger, må rette til liva våre i dette onde jordelivet, slik at me etter vår tid på jorda måtte nå den himmelske saligheita i all eve. Amen

1 kommentar:

  1. La merke til at på bloggen avemarisstella.blogspot.com hadde det den 25.august komme i gong ein liten dialog om sedevacantisme. Det er jo bra, og om andre sedevacantistar vil kaste seg inn i debatten, so kvifor ikkje. La inn ein ny kommentar i dag.

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar