TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 29. mars 2010

St. Nilus profetien!

St. Nilus var ein av dei mange læresveinane til St. John Chrysostom (347-407). Han var ein offiser ved hoffet i Konstantinopel, gift, hadde to søner, og vart seinare prest. Verka han skreiv, inkluderar ei mengde brev som tek opp fordøming av heresiar, avgudedyrking, misskjøtsel av tukt og brot, reglar og prinsipp av ascetisme. St. Nilus døydde omlag år 430 e.Kr. Festdagen sin har han 12. November.

Profetien!

Etter året 1900, mot midten av det 19. århundret, menneska av denne tida kjem til å verte ugjenkjennelege. Når Adventstida for antikrist nermar seg, kjem menneska sine sinnelag til å verte fulle av skodde, på grunn av kjøtlege lyster, og vanvørdnad og lovløyse vill vekse seg sterkare. Då kjem verda til å verte ugjenkjenneleg. Menneska sin utsjånad kjem til å endre seg, og det vert umogeleg å skilje ut kven som er menn og kven som er kvinner grunna den skamlause måten dei kler seg på og har håret sitt. Desse menneska kjem til å vere som ville dyr på grunn av freistingane frå antikrist. Der kjem ikkje til å vere meir respekt for foreldre og eldre, kjærleiken forsvinn, og Kristne hyrdingar, biskopar og prestar vert forfengelege menn, som heilt mislukkar å skilje mellom vegen åt høgre og venstre handa. På denne tida kjem moralen og tradisjonane til dei Kristne og Kyrkja til å endre seg. Menneska kjem til å gå vekk ifrå blygsla, og splittring vill regjere. Falskheit og grådigheit får ein sterk posisjon, og ve til dei som samlar seg skattar. Lyst, homofili, løynde synder og mord kjem til å styre i samfunnet. På denne tida i framtida, grunna krafta av slike enorme brot og laus oppførsel, kjem folk til å verte fråtekne nåde frå Den Heilage Anden, som dei fekk i den Heilage Dåpen og det same gjeld anger.
         Guds Kyrkje vert fråteken Gudfryktige og pietistiske hyrdingar, og ve til dei Kristne som vert att i verda i desse tider; dei kjem til å miste trua heilt for dei kjem ikkje til å få høve å sjå kunnskapsljoset frå ein einaste ein. Då kjem dei til å skilje seg frå verda på heilage gøymestader, på leiting etter å lette dei andelege lidingane, men på alle kantar møter dei støytesteinar og motstand. Og alt dette kjem som ein konsekvens av det faktum at antikrist ynskjer å vere herre over alle ting, og å verte styrar over heile universet, og han kjem til å gjere mirakel og fantastiske teikn.
           Han kjem og til å gje stolen visdom til ein ulukkeleg mann, slik at han kjem til å finne opp eit vis som gjer at ein mann kan føre ein samtale med ein annan mann frå ein kant av verda til ein annan. På denne tida kjem menn og til å kunne flyge gjennom lufta som fuglar og gå ned på havsdjupa som fiskar. Og når dei har oppnådd alt dette, kjem desse ulukkelege menneska til å leve liva sine i stor behagelegheit i uvisse om, stakkars sjeler, at det er lureri frå antikrist. Og, den ureine! Han kjem til å ha slik enorm framgong i
fåfenge at den rette vegen vert løynd og menneska mister trua på at den Treeinige Guden eksisterar.
         Då vil Gud, som er heilt god sjå menneskeslekta sitt fall og vil korte ned dei dagane for dei få utvalde si skuld, dei som vert frelste, fordi fienden ynskjer å leie sjølv dei utvalde ut i freisting om det er mogeleg... då kjem tuktesverdet brått til å openberre seg og drep han som perverterar og hans tenarar.

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar