TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 23. mars 2010

Kva Kanon skal me fylgje?

Kva er det som gjer at Katolske Kyrkja kan hevde at Ho har den rette samlinga av Bibelskrifter og at alle er like inspirerte? Protestantar har då ikkje dei 7 bøkene som dei sjølve tykkjer om å kalle for "Apokryfar." Katolske Kyrkja fylgjer Vulgata. Grunnen er at denne latinske oversettjinga kjem frå Septuaginta. Septuaginta kom til FØR Kristus gjekk på jorda. Når verda framleis levde under den Gamle Pakta. Jødane sjølve hadde Skrifta på hebraisk, og i ei tid då hebraisk framleis var eit talespråk som dei kunne snakke og forstå perfekt, i ei tid då dei hadde tilgong til gamle hebraiske dokument som i dag er vekke (les:eldre enn dødehavsrullane), so samla jødane sjølve dei 72 mest lærde personane for å oversette dei hebraiske skriftene til gresk i Alexandria 280-250 FØR Kristus. Dette er Septuaginta. Vulgata er ei direkte oversettjing av Septuaginta, gjort av munken St. Jerome på slutten av 300-talet, då paven St. Damascus ba han om å gjere det. St. Jerome hadde og tilgong til hebraiske manuskript som me ikkje har idag. Både Septuaginta og Vulgata inneheld dei 7 bøkene som Luther fjerna på 1500-talet. MEN! So kjem visse protestantiske teologar og seier fylgjande: "Desse 7 bøkene var ikkje med i Bibelen til dei fyste Kristne, eller til Jødane som levde i Jesus samtid. Katolske Kyrkja bestemte heller ikkje at dei skulle vere med før Kyrkjemøtet i Trent på 1500-talet." Dette utsagnet er berre tull, og eit typisk eksempel på protestantar som siterar andre protestantiske moderne kjelder, utan å kontrollere grunnkjeldene sjølve. Dersom ein les om Kyrkjemøtet i Roma i 382 e.Kr., Kyrkjemøtet i Hippo 393 e.Kr. eller Kyrkjemøtet i Carthage i 397 e.Kr. kan ein sjå at allereie då var lista over Bibelbøker klar, bl.a. under stor innflytesle frå St. Augustinus. Kyrkjemøtet i Trent tok berre opp att ein gong til noko som hadde vore sikkert i over 1100 år, og dei gjorde det berre fordi det kom slike løkar som Luther og lærte noko heilt nytt og forvirra dei ulærde. Dessutan kan ein sjå frå dei Nytestamentlege grunntekstane at Septuaginta vert sitert særs ofte, ja omkring 75 % av alle sitat er frå Septuaginta. Dette syner oss berre endå betre at det var Septuaginta som t.d. St. Paulus sjølv nytta. Visse protestantar gjer ikkje opp so lett, og seier då "Men Jødane på Jesu tid hadde ein Kanon og den inneheld ikkje desse 7 bøkene." Gløym no ikkje at Jødane før Kristi komme til jorda hadde desse 7 bøkene, eg har då nett forklart litt om Septuaginta. MEN! Etter at Jesus døydde og stod opp att, samla dei Jødane SOM IKKJE TRUDDE AT JESUS VAR MESSIAS seg for å diskutere saka. Dei kom då fram til at eindel av Bibelbøkene var for tydelege når det gjaldt den Kristne læra. Difor tok dei vekk desse bøkene. So kjem protestantar og seier at det er desse jødane me skal fylgje??! Kor sjølvmotseiande går det an å bli? Desse jødane som Krisus kalla for kalka graver? Nei. Me må akseptere heile Bibelen og ikkje halde på å tulle slik.

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar