TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 23. mars 2010

Kvifor ein ikkje kan vere Kristen og tru på evolusjonsteorien!

Mange i dag hevdar at dei er Kristne og at dei samstundes trur på evolusjonsteorien. Desse meiner då at dette ikkje er ei motsetning. At det går greitt å seie "Det kan då vere at Gud berre sette i gong Big Bang og so utvikla alt seg etter kvart." Eller: "Er det ikkje slik at skapinga berre er ei likning for å få menneska til å skjøne at Gud har skapa himmel og jord på ein eller annan måte." Desse argumenta er ikkje so vanskelege å motbevise. Eg kunne sjølvsagt gått inn på detaljane om vetenskapelege metodar, t.d. den usikre Carbon14 metoden eller "Lucy", -the missing link som dei har funne, der kvart bein vart funne nokre kvadratkilometer ifrå kvarandre.. Men der er so mange bra artiklar, bøker og filmsnuttar der ute om kreasjonisme at eg brukar ikkje tid på det. Dessutan er det ikkje alltid dei vetenskapelege metodane det er noko feil med. Eindel av dei er både bra, smarte og konsekvente og resultata er overveldande. Det er konklusjonane me dreg ifrå resultata som er problemet. Lat meg gje eit døme. Då Jesus gjorde sitt fyste under i bryllaupet i Kanaen gjorde han vanleg vatn om til den finaste vin. Alle som såg underet kunne vitne om at berre nokre sekund tidligare hadde dette vore vatn. Men no var det vin som hadde smak, konsistens og eigenskapar til 30, eller kanskje 40 år gammal vin. Hadde du tekje denne vinen inn i eit laboratorium og undersøkt saka, so skulle du og komme fram til at vinen var 30, eller sei 40 år gammal. Men det unike var at Jesus hadde skapt 30-40 år gammal vin på ein augneblink. Det er på same vis med annan vetenskap. Dersom vetenskapen seier meg at det tek so og so mange millionar år for lyset å gå herifrå og bort dit, kor mykje meir fantastisk er det ikkje då å innsjå at Gud gjorde dette på ein augneblink, og at alt vart skapt på 6 dagar. Som sagt, det er konklusjonane det er noko feil på, ikkje berre vetenskapen. Men no går eg heller rett til Bibelen. Ein av grunnsteinane i heile Kristendomen, i heile frelsesverket er faktumet at synda kom inn i verda. Hadde det ikkje vore slik hadde det ikkje vore naudsynt for Gud å bli menneske. Me kan lese i 1.Mosebok 3:19, etter at Adam hadde synda korleis Gud straffa han: "Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jorda att; for av henne er du teken. Jord er du,og til jord skal du atter verta.» På grunn av syndefallet straffa Gud mennesket med at det skulle døy og verte til jord att. Det Nye Testamentet er like rett på sak: Rom 5:12 "Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda." Rom 6:23 "For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre." Eit av hovudpoenga med Kristendomer er altso dette. Der var ikkje død, men so kom syndefallet, og alt byrja å døy som ein konsekvens av dette. Menneske lever og døyr, dyr og plantar lever og døyr. Kristus som ikkje hadde synd skulle difor ikkje ha blitt gammald og døydd av seg sjølv. Det er difor ein seier at Han La ned sitt liv. Berre slik kunne Han døy. Og no kjem eg til det viktige poenget: Ein som trur på evolusjonsteorien fornektar desse faktuma. Han seier at dyr, plantar, aper, innovative mellomledd og til slutt mennesket sjølv vart fødde og døydde, vart fødde og døydde heilt fram til syndefallet. For ein evolusjonist kjem slik døden inn i verda FØR SYNDA gjer det. Ein kan difor ikkje vere evolusjonist og tru på arvesynd, Bibelen eller frelsesverket. Det er difor umogeleg for ein Kristen å tru på evolusjonsteorien.

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar