TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 23. mars 2010

Sitat frå mannen som fjerna 7 bøk frå Bibelen!

Det er mykje her som eg i røynda kvier meg for å leggje ut på trykk. Nett fordi det er so blasfemisk, fordi det gjer meg so sint og fordi det gjer meg so trist. Men samstundes so er det altfor mange som fylgjer den protestantiske galne læra. Og det er for å opplyse den uopplyste at eg vel å publisere dette i bloggen min. Altso; Luther fjerna 7 BØKER FRÅ BIBELEN. Han fjerna Tobits bok, Judits bok, Visdomen, 1. og 2. Makkbearboka, Syraks bok og Baruks bok. Dessutan fjerna han 7 kapittel ifrå Esters bok og 66 vers ifrå Daniels bok, berre fordi det ikkje passa inn med den nye teologien som Luther ville promulgere. Eindel protestantar har tekje inn att desse bøkene i Bibelen, men dei rangerar dei framleis som 2.rangs bøker i tråd med det Luther ville. Når det gjeld Nytestamentet so var heller ikkje Luther trufast. Han kalla Jakobs brev for "Ein stråepistel utan evangelisk karakter." Han vanvørde på same vis Judas brevet og Hebrearbrevet. Luther sa t.o.m. at det berre var eit av Evangelia som var "heilt inspirert" og at alle bibelvers måtte jamførast med dette innan ein kunne akseptere det som Guds Ord. Ein skulda då heller ikkje å tru på det ein ikkje makta å tru på. Noko anna ekkelt å innsjå er at Luther ofte vrei på Bibelske sanningar og uttala seg både vulgært og ut av det blå. Eg kan då berre sitere Luther sjølv, so får hans eigne ord døma han. Luther-sitat 1: "Vær ein syndar og synd med mot, men tru med endå større mot. Synd skal ikkje skilje oss frå Han, sjølv om me skulle drive hor og drepe tusenvis av gongar om dagen." (Luther, M. Letter of August 1, 1521 as quoted in Stoddard, p.93). Luther-sitat 2: "Når det gjeld Gud, og ang. alt som handlar om frelse og fordømmelse. har mannen ingen fri vilje, men er ein slave, ein fange, anten av Guds vilje eller av satan." Luther-sitat 3: "Kva skade gjer det om ein mann fortel ei god og saftig lygn for ei verdig sak og for den Kristne Kyrkja si skuld? Å lyge når det er naudsynt eller passande eller for å orsake seg- slik lygn skulle ikkje vere å synde imot Gud, då han var villig til å ta slike synder på Seg." .Luther-sitat 4: "Kristus dreiv hor fyst of framst med kvinna ved brønnen, som St. Johannes fortel oss: Sa ikkje alle som stod ikring han -Kva er det han har gjort med henne? For det andre med Maria Magdalena, og for det tredje med kvinna som vart teken i ekteskapsbrot, som han sende ifrå seg so lett. So er det då slik, at Kristus som var so rettvis, må ha vore skuldig i hor innan han doydde." Luther-sitat 5: " Om ektemannen ikkje er villig (til samlag), so er det ein annan som er villig, om kona ikkje er villig, so lat tenestekvinna komme...Dersom eg skulle gje råd til kona av ein impotent mann, med hans tillatelse, at ho får gje seg sjølv til ein annan, for eksempel ektemannen sin bror, men å halde dette ekteskapet løynd og å rekne borna som den fyste ektemannen sine born. Spørsmålet er då, er ei slik kvinne frelst? Utan tvil!...Det går ikkje imot Skrifta om ein mann har fleire koner. Når det gjeld skilsmål, er det framleis under debatt om det er lov. For min eigen del foretrekk eg bigami.. Guds Ord og Gjerning er klar: Kvinner er til for å vere anten mødrer eller prostituerte...Eit ekteskapeleg samlag kan heller ikkje gjennomførast utan synd. Kroppen har ikkje noko å gjere med Gud. Når ein tek dette i betraktning kan ein aldri synde i mot Gud, berre imot sin neste." Luther-sitat 6: " Eg set større lit til kona mi og til elevane mine enn eg set til Kristus.. Det spelar ikkje noko rolle korleis Kristus oppførte seg, berre kva Han lærte." Noko anna underleg med Luther er at han var so oppteken av djevelen, toalettet og slike ekle saker. Sjølv protestantiske teologar har funne dette urovekkjande. Luther fortel korleis han hadde lange samtalar med djevelen. Desse demonane gav han syn som han opplevde som verkelege, der djevel slengde avføring på han og han slengde attende. Under eit av desse slaga utmana Luther djevelen til å sleike endetarmen hans. Luther tenkte at den beste taktikken sikkert skulle vere å "kaste han inn att i anusen min, der han høyrer heime."(H.W. Crocker, Triumph, Roseville, CA: Prima Publishing, 2001, p. 237.) Etter at Luther kom fram til kva han tykte om pavedømmet, kalla han dette for "djevelens avføring." Han sa og at paven og kardinalane burde drepast og at han sjølv og tilhengjarane hans skulle vaske hendene sine i blodet deira. (Pastor, History of the Popes, Vol. 7, p. 393.) Luther fortel og korleis han kom fram til læra om rettferdigjering av trua åleine mens han sat på toalettet. Han hevdar at "Det kom til meg som kunnskap frå Anden mens eg sat på toalettet i tårnet." Luther sin ide' om at ein burde gjere gode og ærlege synder, oppstod visst etter ein samtale med djevelen. Det er berre å lese Luthers verk "Tisch reden/Table talk/Bordssamtaler." Eg kunne ha halde fram, men tykkjer ikkje at det er naudsynt. Det som er vanvittig å tenkje på, er at dette er mannen som so mange menneske vel å stole på og fylgje, medvite eller umedvite når dei skal prøve å vinne det evige livet. Eindel protestantar hevdar at dei ikkje bryr seg so mykje om Luther. Dei berre trur på Bibelen. Men kvifor vender du ikkje attende til Kyrkja då? Det er då Luther som byrja med å "berre fylgje Bibelen." Luther sin eigen Bibel då.. Utan Luther skulle du ikkje tenkje i dei baner som du gjer. Anten du kallar deg Lutheranar eller pinsevenn, baptist, adventist, Jehovas Vitne, Israelsven, andedøypt osv.. 33 000 greiner, eg kan ikkje ramse opp alle.. sjølv om du tykkjer at du har eit personleg forhold til Jesus, so har du det ikkje til den sanne, historiske, Bibelske Jesus. Men til Luther sin Jesus. So no står du utanfor Kyrkja som Kristus grunna på St. Peter då Han gav han nyklane til Guds Rike. Omvend deg før det er for seint.

1 kommentar:

Følgere


Vitjarar