TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 29. mars 2010

Asarja si bøn!

(Bilete frå ei av Novus Ordo sine klovnemesse)
Der er ei bøn i Bibelen, i Daniel, som er slåande lik den ståa som me har i Den Katolske Kyrkja i dag. Ei profetisk bøn rett inn i våre tider. Daniel 3:34 "For Ditt Namn si skuld, forkast oss ikkje for alltid, og opphev ikkje Di pakt. 35 Ta ikkje Di miskunn frå oss, for Abraham, Din ven si skuld, for Isak, Din tenar si skuld og for Israel, Din heilage si skuld! 36 Du lova dei å gjere etta deira så talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havet si strand. 37 Men no, Herre, er me blitt gjort til det minste av alle folkeslag. Alle stader på jorda er me i dag fornedra for våre synder si skuld. 38 Me har no verken fyrste, profet eller leiar, heller ikkje brennoffer, slaktoffer, grødeoffer eller røykjelse, eller ein stad der me kan bere fystegrøda fram for Ditt Åsyn og finne miskunn. 39 Men ta imot oss fordi me kjem med angrande sinn og audmjuk ande. 40 Lat dette vere slaktofferet vårt for Ditt andlet i dag, som om me kjem med brennoffer av verar og oksar og titusenar av feite lam. Lat oss trufast fylgje Deg, for dei som set si lit til Deg, skal ikkje verte til skamme." Nett som når Jødane vart vekkførde til Babylon, so har me i dag ei Babylonhore i Vatikanet. Den sanne Katolske Kyrkja, som ikkje fylgjer det Andre Vatikankonsiliet, har vorte redusert til det minste av alle folkeslag. Og me veit at Gud skulle ikkje straffe oss slik om det ikkje var for syndene våre, for modernismen og fråfallet av den sanne trua som spreidde seg mellom Kristne som pest. No har me ikkje nokon Pave, me har ikkje prest eller biskop i Noreg, heller ikkje det heilage messeofferet eller noko Kyrkjebygnad å samlast i, der me kan få nåde i Sakramenta. Det ende me kan gjere er å halde fram i ei sann tru, å praktisere trua. Me kan naudbe Gud om nåde, gjere bot og ofre opp bøner og botgjeringar for våre eigne synder og for andre sine synder. Ja, til og med for fedrane våre sine synder og for nasjonen vår sine synder. Den som held ut til enden skal verte frelst. Det er profetert i Bibelen at i dei siste tider skal det daglege messeofferet takast vekk. Stå då faste i trua. Det skal då verte som i Noa sine dagar, og då var det då berre 8 sjeler som vart frelste, so sjå ikkje på tala, men på Kristus, som framleis kan frelse deg! Ingenting er umogeleg for Gud. Sann syndene dine for Gud med intensjonen å Skrifte dei for ein prest om du får høve til å gjere det. Be om at Han må gje deg perfekt anger for syndene dine og lov Han å forbetre deg. So er Han framleis trufast til å tilgje deg.  
(Bilde frå ei av Novus Ordo sine klovnemesse)

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar