God sent His Son down from Heaven.
Teksten kan du lese her
Gode Jesus, eg fell audmjukt ned for Dine føter og bed Deg ved Dine Heilage Sår og ved Ditt Dyrebare Blod som Du let renna ut for heile verda, om å miskunna Deg over dei skandinaviske folka. Villeia for fleire hundre år sidan, er dei no avskilde frå Di Kyrkje og utestengde frå dei uvurderlege godene av Din Lekam og ditt Blod, og dessutan frå mange andre nådemiddel som Du har innstifta for å trøyste Dine Trufaste i liv og i død. Hugs på, Du Verda sin Frelsarmann, at for desse sjelene og let du utrenna Ditt Dyrebare Blod og har halde ut i useielege lidingar. Gode Hyrding, lei desse Dine sauer attende til dei gagnlege beitemarkene i Di Kyrkje, slik at dei kan verte ein flokk i lag med oss under din Vikar her på jorda -Den Romerske Biskopen, som i den Heilage Apostelen Peters stilling fekk i oppdrag frå Deg å ta seg av både lamma og sauene. Høyr, Å Miskunnsame Jesus, desse våre bøner, som me ber fram for Deg, fulle av tiltru til den kjærleik som ditt Høgheilage Hjarte har for oss. 
Ja, Ratzinger, som den tilhengjaren av protestantisme som han er, hoppa jo av båten og inførte "pavepensjon." Som om pavedømet var eit midlertidig yrke på linje med fotballstrenar eller "den norske-kyrkja-sjaman." Og so fekk me anti-Frans. Då kjende eg som Tradisjonalist lang inn i sjela kor trøytt eg var. Skulle eg orke å setja meg inn i detaljane rundt enno ein galning? Det vert so mange avsporingar frå Katolsk Tru at ein nestan vert immun mot informasjonen. Eg og mannen min byrja so vidt. Me kikka på ulike fjernsynsprogram som anti-Frans hadde delteke på i Brasil. Det handla jo mykje om samme smørja som dei andre har kome med; om at det t.d. ikkje er nokre viktige teologiske skilnader mellom jødar og kristne og at me alle kan synge Kum ba yah ilag utan redsle. Og noko av det fyste anti-Frans gjorde som ny leiarskurk i Vatikanet var då å vitje ein synagoge. Eg kjende meg berre trøytt og umotivert. Mannen min held ut noko lengre. Han grov fram artiklar, bilete, utsagn, avgudsseremoniar og videoar for å eksponere kvifor og denne mannen var ein manifistert kjettar. Vaticancatholic.com har teke tak i same oppgåve som vanleg, og det er jo bra.