FN Menneskerettsrådet (UNHRC) Resolusjon 1618 vart godkjend i mars 2011. Kva som meinast med dette er at det no i namnet åt "yttringsfridomen" har vorte ein menneskerett å spotte. Implementeringa av den same resolusjonen vart underskriven i Istanbul den 15. juli 2011. Mellom dei som skreiv under på resolusjonen var Utanriksministrar frå EU, medlemmar av den Arabiske Ligaen, REPRESENTANTAR FRÅ VATIKANET, den amerikanske utanriksministeren Clinton og generalsekreteren for Organisasjonen av Islamsk Samarbeide (OIC).
Den nye lova fokuserar på "beskyttelsen" av individ heller en religionar. (Det viktigaste er m.a.o. heller at du får seie det du vil imot Kristendomen enn at sanninga kjem fram, ettersom det ikkje finnst noko anna sanning enn menneskerettane.) Gjennom denne resolusjonen tek det internasjonale samfunnet eit kraftig tak for yttringsfridomen, religionsfridomen, og mot diskriminering og vald basert på religion og tru.
Dokumentet held fram med å forklare korleis "dette er fundamentale fridomar som tilhøyrer alle menneske på alle stader, og at dei er særskild essensielle for demokratiet." Deltakarane vert oppmoda om å vurdere korleis dei kan komme med oppdateringar, som ein del av den framhaldande rapporteringa til avdelinga for Øvstekommisjonen for Menneskerettane, og stega som vert teke på nasjonalt nivå ang. implementeringa av Resolusjon 16/18, som og byggjer på relaterte mål i dei andre resolusjonane som er vedtekne i saka om religionsfridom og tru, og om ELIMINERINGA AV RELIGIØS UTOLERANSE og diskriminering.
Og no er tida komme for å settje saka til verks. Resolusjonen kallar på nasjonane til å beskytte religionsfridomen, til å motarbeide støytande uttrykk (les: i denne konteksten er det som er støytande alt som påstår å vere den ende sanninga, og noko som ikkje får kritiserast.) gjennom utdanning, INTERRELIGIØS DIALOG og offentleg debatt, og å forby diskriminering, profilering og hatbrot, men utan å kriminalisere yttringar dersom dei ikkje direkte fører til voldshandlingar. Dei bed alle land om å gjere rekneskap for- og å gå i lag med dei i å rapportere til FN-kontoret sin Høgstekommisjon for Menneskerettane, for at det framhaldande arbeidet skal lukkast. Sitat: "I Europa ser me no korleis samfunn kjem ilag for å tiltale både den gamle piska av antisemitisme og dei nye straumingane av antimuslimisme, samt å understreke kontinentet sine demokratiske ideal. I Midt-Austen og Asia oppmodar me no både folk og leiarar om å stå imot utspel frå ekstremistar som freistar å blusse opp sekteristiske spenningar, og å avvise forfylgjinga av religiøse minoritetar som t.d. Koptarar eller Ahmadiar eller Bahaiar."
Legg merke til korleis INGENTING vert nemnd om anti-Katolisisme. Det er den ende (sanne) trua som ingen treng å nemne går eg ut i frå... Og slik held Vatikanet, i ein sann Novus Ordo ande, fram med å le åt Guds Bod gjennom å gjere brot på det Fyste og Andre Bodet til ein MENNESKERETT.. Det er som husbonden min sa: "Europa slår spikar i si eiga likkiste." For den som vil lese meir om saka, anbefalar eg desse to linkane:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar