TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 27. juli 2011

Faste for Noreg


Ei veke innan Sankt Olav sin dag vert lander vårt minna om korleis me for lenge sia har teke steget ut av Gudsvelsigninga og inn i elendeståa. Kor mange sjeler vart ikkje fordømde for alltid sist fredag.. Eg vonar at alle som sannar den Katolske Trua vil faste for Noreg innan me feirer Noregs Vernehelgen, Sankt Olav, konge og martyr, den 29. Juli. Gløym heller ikkje den tradisjonelle vigilievaka, olsok, kvelden innan. Er det ikkje nett i slike opprivande tider at menneske som elles ikkje tenkjer i slike baner byrjar å søke Gud? Og "kyrkja sine menn" utnyttar situasjonen til å halde fram med lygna om at alle desse menneska, som med politikken sin har tekje livet av tusenvis av born i mors liv og mykje anna styggedom som sender Guds vrede over lander vårt, no er i himmelen.. Dei som fordervar sjelene er enno verre enn dei som tek fysiske liv! Heilage Sankt Olav, be for oss at me må verte verde Kristi lovnader. Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar