TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

lørdag 19. februar 2011

Om domen og syndestraffa! Av Thomas A. Kempis (1380-1471)

Enno ei andakt henta frå boka "Om Kristi etterfylgjing"

Bok 1, kapittel 24: Om domen og syndestraffa!

Tenk i alt på enden og korleis du skal kunne stå deg framfor den strenge domaren, som ikkje noko er løynd frå, som ikkje kan bestikkast med gåver, som ikkje tek imot orsakingar men som dømer det som er rett. O, du elendige, dåra syndar! Kva skal du svare Gud, som kjenner all din ondskap, du som til tider bever for eit rasande menneske sitt åsyn? Kvifor førebuer du deg ikkje i tide på domens dag, då ingen kan orsake eller forsvare den andre, men kvar og ein har nok med si eiga tunge bør? (Sjå Gal 6:5) No ber strevet ditt frukt, gråten din er vel imotteken hjå Gud, dine sukk vert høyrde, din angst gjer skilnad og reinsar.
            Ei stor og sunn lutring får den tolmodige mannen, då han, når han lid urett, syrgjer meir over den andre sin ondskap enn over den uretten som råkar han sjølv, då han gjerne bed for motstandarane sine og tilgjev dei all skuld av heile sitt hjarte, då han heller ikkje sjølv ventar med å be andre om forlating, og syner seg heller miskunnsam enn sint, då han sjølv ofte gjer vold på seg og sysselset seg med å fullstendig kue kjøtet under anden. Betre er det å reinse seg frå syndene no og utrydde feila, enn å gøyme dei til reininga i det komande livet. (Skjærselden for nokre og helvetet for dei mange.) Sanneleg, me bedreg oss sjølve gjennom ein upassande kjærleik til kjøtet.
            Kva anna skal elden ein gong fortære enn dine synder? Dess meir du skonar deg sjølv og fylgjer kjøtet, dess hardare får du seinare sona for det, og dess rikare næring bevarar du til elden. I det som mennesket har synda mest, i det skal det og straffast hardast. Der vert dei late drive framover med glødande jern, der pinast dei utan måtehald med forferdeleg hunger og tørste. Der skal dei ukyske og vellustige overskolast med sydande bek og stinkande svovel og der kjem dei svartsjuke til å ule av smerte som galne hundar. (Sjå Jes 34:9)
            Inga synd finnst som ikkje og har si særskilde straff. Der vert dei overmodige metta med skuldingar og dei gjerrige stilte i den yttste naud. Der er ein time av straff verre enn hundre år av dei strengaste botsøvingar. Der får ingen kvile, inga trøyst for dei fordømde. Her får du i det minste no og då kvile etter arbeidet og trøyst av vener. Ver difor uroa og syrg for skulda åt syndene dine, slik at du på domedagen måtte verte trygg hjå dei salige. For då skal dei rettvise med stort frimod stå imot dei som plaga dei og undertrykte dei. (Sjå Visdomen 5:1) Då skal den stå opp og døma som audmjukt har bøygd seg under menneske sine domar. Då skal den fattige og audmjuke eige stor tillit, men den overmodige skal berre finne forferding på alle sider.
             Då skal det verte openberra at i denne verda var han vis, som lærde å for Kristi skuld verte rekna for inkje og ein dåre. Då skal all liding som har vorte bore i tolmod, forvandlast til glede og på all ondskap skal munnar verte lukka. (Sjå Salme 106:42 (107)) Då skal den fromme glede seg og den ugudelege syrgje. Då skal kvar ei plaging av kjøtet føre til meir glede enn om det alltid hadde vorte næra med lekkerbitar. Då skal ein enkel klednad skina mens ein fin skal myrkleggjast. Då skal den enkle bustaden prisas framfor eit forgylt slott. Då skal det standhaftige tolmodet hjelpe meir enn all makt i verda. Då skal den enkle lyttinga verte opphøga over all sluheit i verda.
            Då skal eit reint og godt samvite gje meir glede enn den lærdaste filosofi. Då skal ringeakt for rikedomar vege meir enn alle skattane som menneska har hatt. Då skal du ha meir trøyst av ei andektig bøn enn av eit herremåltid. Då skal du glede deg meir over å ha halde deg i tystnad enn over lange samtaler. Då skal heilage gjerningar gjelde meir enn mange vakre ord. Då skal ei streng livsføring og harde botgjeringar behage meir enn noko jordisk glede. Lær deg difor no å lide det ringare, slik at du framleis må verte fria frå det som verre er. Prøv fyst her kva du kan klare der. Når du no kan halde ut so lite, korleis kan du då stå ut med evige kvaler? Når no ei stakkars liding gjer deg utolmodig, kva skal ikkje då helvetet gjere deg? Sjå, du kan sanneleg ikkje ha dobbel lukke: Her å nyte av lysta i verda, der å regjere med Kristus.
            Om du fram til denne dagen alltid har levd med godt omdøme og i høg standard, kva skulle alt dette gagne deg, om du i denne stunda måtte døy? Alt er inkje utanom dette: å elske Gud og tene Han åleine. (Sjå Fork.1:2) For den som elskar Gud av heile sitt hjarte, han fryktar verken død eller plager, verken dom eller helvetet, for den fullkomne kjærleiken førebuer sikker tilgong til Gud. Men den som har lyst til å synde, kva er det å undrast over om han fryktar død og dom? Godt er det difor, at om kjærleiken enno ikkje er sterk nok til å dra deg vekk frå det onde, so kan i det minste frykta for helvetet halde deg i band. Men den som set Gudsfrykta til sides, kan ikkje stå seg lenge i det gode, men fell snart i djevelen sine snarer.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar