TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 11. januar 2012

Den beste tida å leve på!

Sjølvsagt møter alle generasjonar utmaningar, og å vere Katolikk i ei tid då mange, store delar av tida, ikkje ein gong har ei Messe å gå til, er i sanning ei veldig straff for syndene våre. Ein generasjon som ikkje er funne verdig å feire det heilage Offeret, å gå til skriftemål til kvardags, å ha tilgong til Sakramenta på dødsleiet.. Eg minnar meg på at Gud sette meg på jorda i denne tida, på denne plassen på jorda då det er den beste tida for meg å leve, å tene og å frelsast frå helveteslogene. Kvifor dette er den beste tida for meg, veit eg ikkje, men det er på same viset for kvar ende sjel. Det ligg ein tanke bakom dei tider og grenser som me har vorte tildelte. Berre Gud kjenner årsaka, og det er det eine som er viktig. So er det då viktig å minne meg sjølv om at dette er mi Gudegivne tid. Takk Gud! Hjelp meg å bruke henne godt, å vere det beste eg kan vere gjennom Din Nåde og å aldri gje opp, kompromisse eller fortvile. Hugs på at då Gud kalla Josva, baud Han honom å "vera sterk og djerv, å ikkje reddast og ikkje fæla!" Eg har komme fram til at dei fylgjande orda fortener eit eige blogginnlegg: Frå utgjevaren sin introduksjon til boka "The Catholic Controversy" av Sankt Francis de Sales..

Salesisk tradisjon fortel oss at då den heilage Francis de Sales som ung prest kom til Chablais, Frankrike i 1594, var det berre 27 personar av 72 000 som framleis var Katolikkar. (Dei andre var Calvinistar.) Men etter at denne heilage mannen hadde lagt ned 4 års arbeid i regionen, var tala heilt omvende, då det berre var 27 Calvinistar att: 72 000 sjeler hadde vendt attende til den Sanne Trua. Dette er ein av dei mest oppsiktsvekkande omvendingsforteljingane i Katolsk historie. Men i byrjinga var mange redde for å høyre på forkynninga, so difor byrja han å skrive små hefter som han knuffa under dørene til folk. Han hadde dei åtvarande orda til Vincent av Lerins i tanke:

"Lær ut det du har fått lære, og då du gjer dette på nye vis, sjå då berre til at du ikkje lærer ut nye ting." 

Sankt Francis byrjar argumenteringa si med ei ransaking av misjonsoppdraget frå Gud, der han syner at det er den Katolske Kyrkja som har fått oppdraget og ikkje dei protestantiske sektene. Han legg og fram åtte trusreglar- Heilag Skrift, den Apostoliske Tradisjonen, autoriteten åt Kyrkja, autoriteten åt Kyrkjemøta, autoriteten åt Kyrkjefedrane, autoriteten åt Paven, mirakel og harmonien mellom tru og sunn fornuft- og han syner korleis alt dette peikar attende på den Katolske Trua som den gudegivne religionen. Han seier at: "Når alt kjem til alt er likevel den ultimate trusregelen Guds Ord forkynt av Guds Kyrkje." Men kvifor, spør han, skulle nokon bøye seg for autoriteten åt ein Luther eller ein Calvin?
                Vår beundring for teknikkane som Sankt Francis nytta seg av må ikkje gjere oss blinde for at våpena han nytta fyst og framst var andelege. Han planla å erobre Genève med kjærleik- "Kjærleik skal skake murane i Genève." "Brennande bøn skal rive ned murane i Genève og brorskjærleiken skal mane dei.." "Men måten å gå fram på er å naudbe Gud gjennom botgjeringar." Eit stort veggmåleri i Vitjingsklosteret i Thonon, Chablais gjev oss eit anna hint om Helgenen sine framgongar: Det syner han og fetteren hans Louis som påkallar Skytsengelen for området i det dei nermar seg regionen for fyste gongen. Og ein skal heller ikkje gløyme at frå ungdomen av lova Sankt Francis Vår Frue å be Rosenkransen dagleg.
          Der var og mirakel. Eit spedbarn, barnet åt ei protestantisk mor, døydde utan dåp. Sankt Francis hadde gått til mora for å tale med henne om den Katolske læra, og bad då Gud om at barnet skulle komme attende til livet lenge nok til at det kunne verte døypt. Gud gjorde som denne heilage mannen bad om, og heile familien vart Katolikkar.

Hill deg Maria, full av nåde
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner
og velsigna er di livsfrukt Jesus
Heilage Maria, Guds Moder
Be for oss syndarar
No og i vår dødsstund. Amen

2 kommentarer:

  1. Kan henda var han ein utkropen dysangelist, men når det galdt kløkt og auga som kan sjå, nådde han korkje Calvin, Beza eller dei calvinistiske skolastikarane til knea. Og difor leia han tusenvis til helvete.

    SvarSlett
  2. Hald fram med å fylgje ein 500 år gammal religion du, men Kristendomen- Han er 2000 år gammal! Kontinuitet skjønar du, vittnesbyrda frå tusenvis av Katolikkar..og ja, namnet "Katolikkar" vart ilag med namn som "nasarearar" og Jesu etterfylgjarar" til og med nytta under Sankt Paulus levetid på jorda..Oppdater deg, det er ikkje so vanskeleg

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar