TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 9. august 2011

Olav den Heilage- Katolikk, Konge og Martyr!

Helgedag 29. juli
Denne teksten er henta frå Leonhard Goffine sin Postilla (1687) i svensk oversettjing frå 1841.

Den heilage Olav vart født i Noreg år 995. Same år hadde gudfaren hans, Olav Tryggvason, som i England hadde motteke dei sakramentale gåvene å verte Døypt og Stadfesta (konfirmert), sett seg på nordmennene si kongetrune då han kom attende, med den gode intensjonen å innføre kristendomen hjå dei. Han skulle truleg og ha lukkast med denne fromme føresegna, dersom han i sin nidhug på alle stader hadde gått fram med same mildskap som han synte då dei heidenske rogalenningane samla seg til Tingmøte. Hjå dei bad han om den lydnad som "var passande for frie menn", og han tala til dei frå ei klippe og sa mellom anna "at dei skulle tene han, men fyst av alt Den som han sjølv tente, den høgste Kongen, Han som skapte Himmel og jord. Han som ville av tenarar gjere dei til sin einborne Sons brør og arvingar av Himmelriket, til herleg utløysing; for dei jordiske rika var berre oppretta for at dei som var innbyggjarar skulle oppsedast for Himmelen"..m.m., og slik lydde dei han alle og let seg døype. Men då han so ofte gav seg åt sitt harde sverd heller enn sitt milde ord for Kristendomen sin framgong, fekk han mange uforsonlege og mektige fiendar hjå heidningane, og det var grunna desse at han bukka under, år 1000, i slaget ved Svolderen. Etter hans død sokk Noreg i store delar på ny attende til den heidenske Åsadyrkinga, og gjennom denne andelege træledomen til og med åt den gamle lekamlege træledomen.
                Olav den Heilage, ein av si tids framste heltar og hærførarar, tok denne for Kristendomen nidkjære gudfar til føredøme, og då han allereie ved 12 års alder utmerka seg på vikingtokt, ved 16 års alder hadde vore sigervinnar i 9 store og mange små slakt, og hadde fått seg eit rykte for si tapperheit både i Frankrike og Spania, vende han no attende- ein 19-årig yngling, til fedrelandet sitt og til foreldra sine, fast bestemt på å tilkjempe seg fedrane si trune (Kong Harald Hårfagre var onkelen hans), frie Noreg frå framande sitt undertrykk og velsigne landet gjennom å innføre Kristendomen. Ved 21 års alder var han Konge over heile- for største delen på ny heidenske, men ved hans død Kristne- Noreg. Tapperheit, redeligheit, edelmot, både mildskap og strengheit i rette tid, gudsfrykt og ein brennande nidhug for utbreiinga av Kristendomen utmerka seg hjå denne kongen; men uvenene han hadde, då særskild Knut, konge i England og Danmark, trøyttna aldri på å sette kjeppar i hjula slik at han skulle gå under, og då Olav var ute på ei pilgrimsreise til det Lova Landet, sameina fiendane hans seg og trengde seg inn i riket hans. Då han vart underretta om dette, overgav han med det same sitt fromme formål. På attendevegen til Noreg forsterka han skaren av frivillige, men han tok ikkje imot andre enn dei som ville late seg døype. Uredd og viss på sin død, gjekk han den dobbelt so store fienden til møtes. Han visste gjennom ei openberring at han skulle falle offer, men og at Gud gjennom dette skulle krune hans verk med framgong. Framleis om morgonen den dagen slaget stod, den 29. juli 1030, kom ein tapper heidning til han, let seg døype med heile fylgjet sitt, og tilbudde seg å stå han til teneste. Rusta og med ein gullkross på skjoldet sitt, møtte han fienden ved Stiklestad, og stupte i sitt 35. levnadsår og under sitt 15. velsigna regjeringsår, lømskt gjennombora av ei lanse av sin gamle uven Thorer Hund, som sjølv låg såra på marka. -Blodet frå liket åt Kongen gav synet åt ein blind og bota såret åt hans eigen mordar, og det var og denne som var den fyste til å vitne om Olavs heilagdom, som og vart stadfesta av seinare mangfaldige andre teikn. Snart vart minnet av han feira i heile Norden, og kyrkjer vart innvigde til hans æra både i Tyskland, England, Russland m.m. Grava hans er i domkyrkja i Trondheim, den han bygde, og som tidlegare var ei av dei mest praktfulle kyrkjene i Kristenheita, men som etter fleire hendingar med eldsloger, no er redusert slik at berre høgkoret står att.

Lesning: Visdomen 10:10-14, 1.Mos 37:24
Forklaring: Denne leksjonen frå Visdomsboka syftar på Josef, Jakobs son, som vart seld av brørne sine, kom til Egypt, og vart gjennom si reine dygd frå fornedringa opphøga til den høgste æra, m.m. Med "Visdomen" skjønar me Guds forsyn, som beskytta, leia og opphøga den rettvise Josef til både timeleg og evig herlegdom. Ved tillempinga av leksjonen på den Heilage Olav, merksamar me korleis Gud førde han på dei rette vegane og synte han Kristi Rike som sitt endelege mål, gjennom at Han let han få kunnskapen åt dei Heilage: Han heidra han og velsigna arbeidet hans; utbreiinga av Kristendomen. Gud var nære han då han vart forrådt og seld av understottane og dei falske venene sine, samt stødde han i striden mot fiendane, slik at Han synte han døden som den ærerikaste sigeren han kunne få. Slik vart det og, for hans død vart grunnvollen for oppretthaldinga av hans jordiske rike og fridomen åt understottane hans, noko som dei og sidan har nytt godt av like lenge som dei har heidra det heilage minnet av han. Fiendane han hadde, sjølv om dei sigra på slagmarka, høsta ikkje noko frukt; tvert imot splitta Gud dei og gav Olavs rike åt son hans, Magnus, samt at Han let den heltemodige Olav få ei slik æra, slik som det aldri har vorte gjeve ein konge etter hans død. Han vart då ikkje berre vyrda som Riket sin faderlege Skyddshelgen, men heile Norden forklara seg skattskyldige under den Heilage Olav, slik at han, sjølv om han er usynleg, vart verande nett som den eigentlege Kongen og i sjølve verket fekk "Riket til å spire og makt over dei som hadde utført vald mot han."

Kyrkja si Bøn:
Gud, du som er kruna åt Kongane og sigerspalmen åt Martyrane!
Me bed, lat oss vernast etter den sæle Kongen og Martyren Olav si faderlege forbøn,
i det me, som gler oss av hans æra,
måtte vinne det evige livet si krune:
Ved Jesus Kristus vår Herre
som med Faderen og Den Heilage Anden lever og råder
Ein Sann Gud frå eve til eve
Amen

3 kommentarer:

  1. Pilegrimsgang mot Olavsvaka
    Dei kjem frå sør, dei kjem frå nord
    Får aust og vest
    Ein pilgrimsflokk ,eit stille tog, mot Nidaros til Olavs fest.

    Frå suderland og vestan hav, dei kjem
    i tru og trygd med hjartefryd til Olavs skrin og grav.
    Frå aust og nord eit pilgrimskor syng Herrens pris
    Og vandrar glad på pilgrimsvis med audmjuk hug
    mot Nidaros.

    Om vegen tykjes tung og lang, dei går med lette steg
    For med dei fylger Han ,som sa: Eg væra skal din veg.
    Og fylger du meg, fær du og ,som Kongen Olav sjå
    ved vegens ende, himmelporten, åpen for deg stå.

    Ingrid Hamberg

    SvarSlett
  2. Takk for fine ord!
    I dag har pilgrimsferdene hamna under kategorien "turistreiser". Inga botgjering, inga koppling til tradisjonen..

    SvarSlett
  3. Men vi er likevel mange ekte pilgrimer,og Olavsvaka i Nidarosdomen er et av årets høydepunkter.

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar