Henta frå boka "History of Heresies and their refutation" av Sankt Alphonsus M. Liguori, 1857.
Simon Magus, den fyste kjettaren som uroa Kyrkja, vart født i ein del av Samaria kalla Githon eller Gitthis. Han vart kalla "Magus", eller "Magikaren", då han nytta trollformlar for å forføre mengda; og slik fekk han mellom landsmennene sine det heilt spesielle namnet "Den Store Guds Krafta" (Apg 8:10). "Denne mannen er Guds kraft som er kalla stor." Då han såg at dei som Apostlane Peter og Johannes la hendene sine på, tok imot den Heilage Ande, baud han dei pengar for å gje han den same krafta til å formidle den Heilage Ande på same vis; og etter denne forteljinga er det at den ofselege synda å selje heilage ting vert kalla for Simoni.
Han fôr til Roma, og der i byen vart ei statue sett opp for å æra han, noko Sankt Justin i sitt fyste apologetiske verk slengjer i andletet på romarane: "I dykkar kongelege by," seier han, "vart han (Simon) rekna for ein gud, og ei statue vart sett opp på øya ved Tiberen, mellom dei to bruene, med den latinske inskripsjonen -SIMONI, DEO SANCTO." Samuel Basnage, Petavius, Valesius og mange andre fornektar dette faktumet; men Tillemont, Grotius, Fleury og Kardinal Orsi forsvarar dette, og held fram til fordel for det heile autoriteten til Tertullian, Sankt Irenæus, Sankt Cyril av Jerusalem, Sankt Augustinus, Eusebius, og Theodoret, som til og med seier at statua var av bronse.

Basnage, som freistar å prove at Sankt Peter aldri var i Roma, og aldri sat i Pavestolen i denne byen, seier at alt dette berre er oppspinn; men me har vittnesbyrda åt Sankt Ambrosius, Sankt Isidore av Pelusium, Sankt Augustinus, Sankt Maximus, Sankt Philastrius, Sankt Cyril av Jerusalem, Severus Sulpicius, Theodoret og mange andre som vittnar til vår fordel. Me har dessutan ein passage i Suetonius som stadfestar deira vittnesbyrd, for han seier (i lib.VI., kap xii) at mens Nero var nærverande ved den offentlege sporten, var det ein mann som lukkast i å flyge, men etter at han hadde vore svevande ei stund, ramla han ned og den keisarlege paviljongen vart flekka av blodet hans.