Novus Ordo (Ny Verdsordning), som dei frimurarane dei er, går her hand i hand med ein anna global organisasjon full av frimurar-ideologi som og kallar seg NWO- New World Order. Desse globalistane har mellom anna sett opp eit monument i Georgia, USA, for å markere at ein må minske verdsbefolkninga no.. frå 7 milliardar til 500 millionar! Dette er altso ei befolkningsminsking på 80-90%!! Ved fyste augekast skulle ein kanskje tenkje seg at dette må vere ei galen lita gruppe av ekstremistar, som berre har fått litt ressursar og sett opp eit monument som liknar på Stonehenge monumentet. Men nei, denne ideologien går hand i hand med det FN og freistar å oppnå; me skal ikkje få halde fram med å reprodusere oss, nei, mange av oss skal ikkje få leve i det heile. Me skal reduserast til ein global elite som kan leve i fryd og gaman, med enorme ressursar mellom hendene som alle er kontrollerte av ei global verdsordning. Det er jo heilt apocalyptisk, men desse kreftene er i full rørsle over heile verda..i FN, i Vatikanet og hjå ulike organisasjonar som poppar opp over det heile for å rekruttere og hjernevaske lekfolket.
Eit døme er "The Optimum Population Trust", som har rekruttert Sir David Attenborough som sitt store æresmedlem. Han lagar no fjernsynsprogram om kor viktig det er å minske befolkninstala for å redde dyreriket og for å kunne ha ei bærekraftig utvikling med ressursar for alle. Program som ikkje i det heile tek opp kor mange som døyr, problema med alle jenteborna som vert aborterte i Kina og India, eller problemet med overskot av mat som vert kasta, fordi agurkane er for svingete og potetene og tomatane for avlange eller fargelause..Det ligg til historia at Attenborough er ein hardbarka ateist, heilt utan kristen moral. Det nye som kjem og allereie har komme, er at dei som får meir enn 1 eller 2 born vert rekna som uansvarlege, korttenkte, umoralske og ein fiende mot menneskeslekta. Dei som vil fylgje eit Katolsk familieideal vert likna med naturressursterroristar som får bære skulda for alt frå global oppvarming til krigar og konflikter som oppstår. Til slutt kjem det til å verte statlege sanksjonar for dei som får for mange born, kanskje som redusert barnetrygd, problem med socialen, straffeavgifter og miljøskattar eller liknande tiltak. I India på 80-talet arrangerte staten t.d. STERILISERINGSFESTIVALAR" der fattige fekk pengar for å sterilisere seg, og der alle lovbrot vart straffa med tvangssterilisering, brot som å ta toget utan billett.. I Thailand vert fattige kvinner tvinga til å vaksinere seg under graviditeten for å kunne få personnummer til borna sine. Problemet med desse vaksinene er at dei fører til spontanabortar i høg skala. Og indiske kvinner opplever ofte at dei vert sterile av vaksinene som dei får. Til og med i Noreg uttrykte helse-Noreg ei uro over dei auka spontanabortane som kom i samband med influensavaksiner. Men lækjemiddelindustrien nekta sjølvsagt å granske saka grunna "manglande finansiering." At brus, flaskevatn, kvitteringar, tåteflasker og allslags hardplastprodukt som me alle brukar inneheld kjemiske emne som skadar fertiliteten er ikkje tilfeldig. For korleis skal FN, den Nye Verdsordninga og David Attenborough oppnå slike enorme menneskenedskjæringar? Gjennom prevensjon, abortar, hjernevasking, statlege sanskjonar, krigar, pestar, vaksiner, forpesta genmodifisert mat, kjemiske våpen..? Noko drastisk må dei i alle høve gjere, for menneske forsvinn ikkje berre av seg sjølve. 500 000 000 menneske! Det er då ingenting, eit vanvittig tal!
Den veksande avhengigheita mellom nasjonar gjer internasjonal handling (ang. befolkningskontroll) enno viktigare. Internasjonale strategiar kjem berre til å nå målet, som må oppnåast i all hast, gjennom strukturelle, økonomiske og sosiale reformar som aukar levestandaren... hurtige demografiske endringar må til, endring av menneskeleg OPPFØRSEL, INNSTILLINGAR OG VERDIAR! Desse endringane skal utførast i samsvar med prinsippa og måla til FN, dei universelle Menneskelege Rettane sin Deklarasjon og den Andre Forente Nasjonars utviklings Dekade..
http://www.tcrnews2.com/Agenda21.html
1.Halde ved like menneskeslekta under 500,000,000 personar i evig balanse med naturen. (Å redusere 80-90% av verdsbefolkninga med andre ord)
2. Å gje vise rettesnorer for reproduksjon- å forbetre helse og mangfald. (Døme: abortar, p-piller. eutanasi, å halde fram å forsyne fattige med ammunisjon slik at dei kan krige krigar og utrydde seg sjølve osv.)
3. Å sameine menneskeslekta med eit levande nytt språk. (Verre enn Babel.)
3. Å sameine menneskeslekta med eit levande nytt språk. (Verre enn Babel.)
4. Å styre pasjon, tru og tradisjon med måtehald og sunn fornuft. ( Å avskaffe Kristendomen)
5. Å beskytte menneske og nasjonar med rettvise lover og domstolar. (Større makt til eliten)
5. Å beskytte menneske og nasjonar med rettvise lover og domstolar. (Større makt til eliten)
6. La alle nasjonar styre internt og løyse eksterne flokar i ein verdsdomstol.
7. Å unngå unaudsynte lover og overskotsembedsmenn. (Å sentralisere global kontroll so storebror kan sjå deg.)
8. Å balansere personlege rettar med sosiale plikter (Slaveri i stadenfor plikter)
9. Å prise sanninga, det vakre, kjærleiken, å søke harmoni med det evige (Frimurersk mystisk religion)
10.Å ikkje være ein kreftsvulst i verda, lat naturen få plass (Befolkningskontroll.)
7. Å unngå unaudsynte lover og overskotsembedsmenn. (Å sentralisere global kontroll so storebror kan sjå deg.)
8. Å balansere personlege rettar med sosiale plikter (Slaveri i stadenfor plikter)
9. Å prise sanninga, det vakre, kjærleiken, å søke harmoni med det evige (Frimurersk mystisk religion)
10.Å ikkje være ein kreftsvulst i verda, lat naturen få plass (Befolkningskontroll.)
Og alt dette bottnar i avskaffinga av Gud. Trua eller rettare sagt mangel av trua på at Gud kontrollerer verda og held henne oppe, at Han tek seg av sitt skaparverk og at menneska står over dyra då dei er skapte i Guds bilete. Det ende me kan gjere er å halde fram i Trua, gjere bot og be mykje. Men me kjem til å skilje oss meir og meir ut frå mengda, me som vil frykte Gud meir enn menneska.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar