Bok 16, kapittel 37
Enno meir om korleis ein ikkje bør senke seg ned til kjettarar og samtykkje til meiningane som desse har!
(Innleiing frå kapittelet innan: Eg, som i tre og tredve år har stått ut med forfylgjing og landsflykt for trua si skuld, har under denne tida ofte observert korleis Gud i sin underfulle nåde miskunnsamt står ved sine, som set si von til Han, og har lete alle freistingar få ein slik utgong at menneska kan stå faste i trua utan å falle i skam...)
Ein mektig forførande og overmåte fordervande sjølvskadingsande fører mange på villspor i denne ulukkelege tida, og får mange til å skikke seg etter tida og gje etter, slik at dei ikkje lenger er so strenge med korleis dei lever, og tek det heller ikkje so nøye med bud og lover, slik som skikk og bruk var på fedrane si tid. "No for tida" seier dei, "er verda ikkje lenger so enkelt innretta, og vanskelege freistingar møter dei svake." Ja, til og med andre liknande grunnar kjem dei med, henta rett frå ormeskulen, den han grunna i Paradiset, -som om dei skulle vere tryggare i all medgong ein kan ynskje seg, enn ein er i den forsaking og hudflekkjing, som overgår dei rettvise og fullkommer dygda. Eller som om dei kunne oppnå større fred i staten, då dei med lunkare fromheit tener Gud i Kyrkja. Ein prefekt hjå keisar Valens freista ein gong med glatte ord å få Basilius den store å føye seg etter tida istadenfor å late so mange kyrkjelydar utsettjast for lidingar grunna "uviktige småsaker i læra."Men Basilius svara: "Slik tale passar seg for ynglingar. Dei og deira likesinna høyrer på slike forutsetningar. Men dei som har vorte fostra i det Gudomelege Ordet, kan ikkje godta at ein forvanskar ei ende staving i dei heilage trussetningane, men står heller klare, om lottet fell på dei, til å lide døden uansett kva form han kjem i. Og når det kjem til venskapet med keisaren, set eg det sjølvsagt høgt, når det let seg sameine med Gudsfrykta, men utan henne kallar eg det snarare for ei forderving!" Då prefekten braut ut i harde ord mot han og kalla han for ei dåre, svara St. Basilius: "Denne dårskapen ynskjer eg meir enn noko å behalde."
Vidare gjev Pave Gelasius oss den lærdommen at om nokon oppmodar eller krever av oss at me, i dei sakene som høyrer til trua, skulle senke oss ned til dei ugudelege og føye oss etter deira vilje, so må me ikkje svike gjennom å stige ned til det som er lågare. Dette må me unngå då det skulle vere som å stige ned til dei frå høgda, ja, frå det Katolske og Apostoliske fellesskapet, å rase ned i djupet, som er kjetteri og fordømmeleg villfaring. Eg erkjenner at ein må stige ned til dei som er svakare; men berre for å hente dei attende frå villfaringane sine, og ikkje slik at me vert delaktige i deira villfaringar. Herren steig ned frå Himmelen for å frelse menneska frå villfaringa, ikkje for at me skulle verte smitta av villfaringane. Han har og sjølv bode, at den som står på taket ikkje må stige ned, ikkje ein gong for å hente det som er i huset. Og dessutan seier Apostelen, han som arbeida meir enn dei alle, når det var snakk om å bevare sanninga: "Ikkje ei stund gav me etter for dei til underkuing, på det at Sanningsevangeliet skulle verte beståande mellom dykk." Når einkvan då stig ned til kjettarane, i det han samtykkjer til villfaringane deira, då stig han ikkje ned for å hjelpe dei, men for sjølv å søkkje ned i avgrunnen. Difor må ingen Katolikkar stige ned til kjettarane, men til og med lide døden, og enno meir underkaste seg all fare for lekam og gods, heller det enn å avskaffe og overgje trua åt fedrane, ho som er rein frå all lygnersk smitte.
TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!
Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.
Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.
I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.
Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 5. november 2010
Utdrag 3- Historia om dei Nordiske folka- av Ærkebiskop Olaus Magnus, 1555
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei Iselin!
SvarSlettSå utrolig kjekt å høre fra deg. År og dag siden jeg har sett deg eller hørt fra deg. Nei desverre, dersom du har sendt brev/bøker så har det aldri kommet fram. Men sånn er det i store deler av Sør-Amerika, mye blir borte og spesielt det som lukter av pakker. Du må ta kontakt på mail og fortelle hvordan livsveien din har gått. Du når meg på jantoreolsen@gmail.com. Bruker du skype eller FB?