I desse vulkaniske tider, so har dei i nyhendingane fokusert mest på Island sitt vulkanutbrott på 1820-talet.
Personleg tykkjer eg at det som var i 1783 er mykje meir interessant. Det som er mest interessant er vel at det byrja å buldre på Pinsedagen!! Ikkje tilfeldig det nei. Same dag som Gud let det komme eldtunger frå himmelen for snart 2000 år sidan, so let Han flytande eld velle opp til yta på Island. Og konsekvansane var store, i fleire år etterpå. Verst vart det for m.a. Japan, Egypt og Alaska. Men Europa fekk og lide. Jordbrukarar døydde, buskap døydde og det vart hungersnaud. På Island døydde 25% av innbyggjarane. 5% av alle franskmenn døydde på ein sumer. I japan måtte dei leige inn spesialstyrker for å BRØYTE vegane for lik, då dei døde låg overalt. Det vart ekstremt varme sumarar og kalde vintrar, flaumar og tørke. Alt etter kvar vinden for. Det er ofte værre med ein jamn straum av mindre utbrott frå ein vulkan, for då vert oska liggjande i same høgde som regnet oppstår i. Og kva hender då? Jau, nedbøren reflekterar etter kvart sollyset vekk ifrå jorda og ut att i rommet, og klimaet endrar seg. Svovel og særskild fluor som kjem ned på jorda med vind og vær skadar buskap og avlingar. Og i dag då so mykje av infrastrukturen og økonomien er avhengig av flytrafikken kan dei økonomiske tilhøva verte hardt råka. No har då dessutan EU konkurrert ut store mengder av småbønder til fordel for storgardar som leverer varene sine til heile kontinentet. Landa har vorte spesialiserte på ulike produkt, og er særs avhengige av kvarandre for å ha variasjon av varer i butikkane sine. Land er enno mindre sjølvforsynte i dag enn dei var tidlegare. Vert eit land råka av noko, vert alle. Store variasjonar av frøslag som vert mat, har vorte reduserte til få frøslag. Vert eit slag poteter, ris eller korn sjuke, kva ringverknader får ikkje dette for verda? Her er i alle høve ein link til ein interessann artikkel om ståa i 1783 frå "The Economist."
http://www.economist.com/science-technology/displaystory.cfm?story_id=10311405
TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!
Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.
Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.
I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.
Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

Artiklar i bloggarkivet
-
▼
2010
(68)
-
▼
april
(16)
- Pastoralt brev til Kongen av Noreg Olav Kyrre 1078.
- Nidarosdomen i Trondheim, Del 2- Artikkel frå Nord...
- Nidarosdomen i Trondheim, Del 1- Artikkel frå Nord...
- Eit syn av den Heilage Antonios!
- Brev av Jeanne d'Arc til Hussitane 23 mars 1430
- Vulkan-link for dei som tykkjer om å lese på engelsk.
- Sankta Monika! Del 4: Artikkel frå "Nordisk Ugebla...
- Sankta Monika! Del 3: Artikkel frå "Nordisk Ugebla...
- Sankta Monika! Del 2: Artikkel frå "Nordisk Ugebla...
- Sankta Monika! Del 1: Artikkel frå "Nordisk Ugebla...
- Video om Maria Møy, Guds Mor
- Gud åtvarar og straffar mykje i desse dagar.
- Sauerov!
- Bilete for den ignorante!
- Kort om sølibatet!
- MESSA- NOKO HEILT ANNA ENN PROTESTANTISKE SAMLINGAR!
-
▼
april
(16)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Watch out this might be opus dei.
SvarSlettNei, eg er ikkje opus dei
SvarSlett