Utdrag frå boka:
Ein gong då han (Antonios) sat og arbeidde, fell han inn i ein slags ekstase og sukka tungt medan synet vara. Etter ei stund vende han seg til dei som var til stades, sukka, skolv, røyste seg og bad, bøygde seg ned på kne og vart sittjande lenge i same stilling. Til slutt røyste den gamle mannen seg gråtande. Dei som var til stades, som no hadde byrja å skjelve av skrekk, bad om å få vite kva det var, og gav seg ikkje før han endeleg svara dei. Med eit djupt sukk sa han: " Mine born, det skulle vere betre å få døy innan det som synet varslar om vert verkeleg." Då dei trygla han på nytt, braut han ut i tårar og sa: "Vreide kjem til å råke Kyrkja, og Ho kjem til å verte overgjeven i hendene på mennesker som er som sjelslause dyr. For eg såg bordet i Guds hus, og rundt ikring på alle sider stod det esel og sparka på det som var innanfor, slik som utemja dyr kan hoppa og sparka ikring seg. De la sikkert merke til korleis eg sukka. For eg høyrde ei røyst som sa: "Mitt Alter skal verte ein styggedom."
Dette sa den gamle, og to år seinare kom arianarane sitt angrep, som me no opplever (på Athanasios si samtid), og deira plundring av Kyrkjene, dei raska til og med til seg nattverdsbegeret med vald og let heidningane bere det vekk, dei tvinga heidningane som arbeidde i verkstadane å delta på møta deira, og framfor andleta deira gjorde dei kva dei ville på Altera. Då innsåg me alle at esela som sparka varsla Antonios på førehand om det som arianarane gjer idag, sjelslause som dyr."Ver ikkje motlause, mine born. Slik som Herren har utaust sin vreide, slik skal Han og helbrede att. Kyrkja skal snart få attende si pryd og stråle som Ho brukar å gjere. De skal få sjå at dei forfylgde skal få gjenoppretting, gudløysa dreg seg attende til sine holer og den rette trua forkynnast med full fridom på alle stader. Sjå berre til at de ikkje skitnar dykk ut med arianarane. Den læra er ikkje frå Apostlane, men kjem frå demonane og far deira, djevelen. Nei, ho er utan frukt og ufornuftig, ho saknar rett innsikt, nett som esela utan sjeler."
(1.bilete: St. Antonios, 2.bilete: St. Athanasios)
Watch out, this might be opus dei.
SvarSlettNei, eg er ikkje opus dei
SvarSlett