Her ser me altso at BISKOPANE i USA går i lag og erklærer at dei er imot misjon frå ikkje-katolske "kristne" til den Katolske trua. Andre element som dei la fram etter same konferanse, var at ikkje alt i Bibelen er meint å tolkast bostaveleg, iallefall ikkje fleire kontroversielle deler av Han. Ja, slik er ståa.
Eg hugsar når eg var på eit Novus Ordo studentmøte og dei hadde invitert ein praktiserande muslim for å snakke på møtet.
Då eg spurde han om kvifor han var muslim og ikkje kristen, fekk eg til svar av novus ordo-presten at "det er jo samme sak." Då eg påstod at det er det slettes ikkje, og at muslimar måtte bli kristne, fekk eg til svar at "det er det protestantar som held på med." Eg tenkte at "presten" berre var av ekstremt dårleg vilje. Men då eg gjekk djupare inn i det og leste i den moderne katolske katekesen, so oppdaga eg at presten hadde rett. Novus Ordo lærer faktisk at muslimar tilbed samme Gud og at me ikkje skal prøve å omvende dei. Det var ikkje "presten" som var liberal og heretikar i Novus Ordo sine auge, han var berre oppdatert på teologiendringane. Og både han og muslimen kjem til å hamne i helvetet om dei ikkje omvender seg frå heresiane sine.
Watch out this might be opus dei.
SvarSlettNei, eg er ikkje opus dei
SvarSlett