TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 6. juli 2011

Om Islam- av Savonarola 1497

(Denne teksten er henta frå boka "The Triumph of the Cross" av Fra Girolamo Savonarola i 1497, trykt på engelsk av Athanasius Press, http://www.stathanasiuspress.com/)

DEN TOTALE IRRASJONALITETEN I DEN MAHOMETANSKE RELIGIONEN!

MAHOMETANAR, som observerar den jødiske omskjærelsesskikken og som held fast ved omlag kvar ende kjetterske lære som er, står midt imellom Jødar og andre kjettarar. Det skal verte vår siste, og ikkje særskild vanskelege oppgåve å attendevise dei. Eg seier at det ikkje vert ei vanskeleg oppgåve, då alle som kjenner til religionen og les koranen åt Mahomet (Muhammed), med det same må verte overtygde om idiotien i systement han kom med. All religion, for å vere sann, må vere enten overnaturleg, eller må ha sitt oppkome i ljos av den naturlege religionen. Den mahometanistiske overtrua kan ikkje vere inspirert av noko visdom, verken menneskeleg eller Gudommeleg, då ein kan sjå at kven som helst, uansett om dei er kunnige i filosofi eller ikkje, enkelt kan motbevise henne.

Koranboka, eller samlinga av forskrifter, vittnar rikeleg om ignoransen åt forfattaren Mahomet. Innehaldet er køyrd ihop på slikt forvirrande vis at eg er overtygd om at ingen i verda kunne organisere dei. Denne mangelen på metode er eit tydeleg teikn på ignoranse eller på falsk dømekraft. Men Koranen er og so full av eventyr og umoral at han heller fortener latterleggjering enn seriøs analyse. Det er tydeleg at ei slik lov ikkje hadde si oppkome frå sunn fornuft, og enno mindre frå overnaturleg inspirasjon, då- som me har synt tidlegare, det som går imot naturleg ljos og går imot overnaturleg visdom. Som sagt, ei dårleg byrjing får sjeldan eller aldri ei god avslutning. Mahometanismen byrja med Mahomet, som historia fortel oss var ein særs urimeleg og prinsipplaus mann, ein horkar og ein røvar. Han leid av epileptiske anfall som ofte fekk han til å falle til marka, og desse falla tilskreiv han som colloquier med ein engel. Gradvis, og ikkje gjennom argumentasjon men gjennom vold og bestikkelsar, fekk han samla ikring seg ei mengd uutdanna og forderva menn; og med deira hjelp erobra han mengder av menneske. Ei sekt som byrja på slikt vis skulle sansynleg vis ikkje ha ei god ending.

I Koranen godtek Mahomet både det Nye og det Gamle Testamentet. Han berømmer Kristus som ein sann profet, fødd av Maria Møy. Men på trass av dette skuldar han dei Kristne for å ha forfalska både det Gamle og det Nye Testamentet. Ei slik skulding vert enkelt avvist av kvar og ein som granskar den eksisterande einsartinga mellom utgåvene av det Gamle og Nye Testamentet, enten det er skrive på hebraisk, gresk, latin eller noko anna språk, moderne eller gammalt. Om dei Kristne hadde klussa med Skriftene, korleis kunne då Bibelutgåvene vere einsarta? Dette er herleg, då dei eksisterar på so mange språk, og skrive i so mange bøker, både jødiske og Kristne, gamle og moderne. Denne sjølve einsartinga i alle utgåvene av Skriftene er eit tydeleg bevis på at eventyra åt Mahomet, og sjølve Koranen berre er eit vev av lygner. Som sagt, ein sann religion vert grunna med formålet å lære ut eit liv i dygda. Resultatet er utøving av eit reint hjarte. Intensjonen er at religionen skal gjere rom for kontemplasjonen over Gudommelege mysterium.

Religionen åt Mahomet er fullstendig materialistisk. Han overser heilt sann saligheit, då han ikkje lovar sine etterfylgjarar noko anna i det komande livet enn nytinga av sanseleg tilfredsstilling. Der er ikkje noko grunnlag for å seie at Mahomet tala allegorisk. Koranen inneheld ikkje ei ende forklaring av likningar, slik som ein kan finne i våre Skrifter. Hjå mahometanar ser me heller ikkje nokon mirakel eller manifesteringar av Gudommelege fenomen, slik som me har i den Kristne religionen. Mahomet, som sjølv erkjenner Kristus som Guds sendebod, med oppgåva å omvende verda gjennom mirakel, sa at han sjølv var sendt frå Himmelen for å omvende henne gjennom sverdet. Denne pretensjonen var heilt tydeleg latterleg; då Gud ikkje gler seg i tyranni og heller ikkje i tvangsteneste. Der er ikkje noko slåande i doktrinene ein finn i Koranen; men mahometanarane tykkjer at dei uttalar noko fantastisk når dei seier desse orda; "Der er berre ein Gud og Mahomet er hans profet"; "Gud er stor og mektig". Desse, og liknande fraser er ofte oppattekne, og til desse legg dei til eventyr som til og med borna våre latterleggjer.

Som sagt, mahometanarane, til skilnad frå dei Kristne, har ingen profetar, ingen heilage menn, ingen utførarar av himmelske under. Dei ærar som helgenar særskilde galningar som forkrøplar lekamane sine, utfører merkelege narrestrekar og som ikkje veit noko om Gudommelege ting. Mahomet motseier og heile tida seg sjølv i sin eigen Koran. Han seier at han ikkje veit om han og etterfylgjarane hans er på frelsesvegen; og at han trur at ingen kan forstå lova hans. Dette er for meg eit overraskande element, at han ikkje vart steina av sitt eige folk for å ha gjeve dei eit uintelligent lovsystem, og for å late dei stå att med uvissa om deira eiga frelse. Då lova hans ikkje kan stødast verken av sunn fornuft, mirakel eller av ei heilag livsføring, er ho i sanning eit hån. Om Mahomet hadde freista å grunnfeste religionen sin gjennom forkynning, hadde vranglærene vore lette å halde fram. Men, då han visste at læra var umogeleg å forsvare på logiske grunnar, synte han seg taktisk nok til å befale at ho skulle spreiast gjennom sverdet. Det kan kanskje overraske visse personar at Mahomet skulle lukkast i å pervertere so mange nasjonar, og i å forføre dei vekk frå Kristus. Ein tenkjer då kanskje at Mahomet fekk større innflytelse enn Vår Herre, ja, berre meir og meir etter kvart som kongedømet hans stadig har auka. Vårt svar er at der ikkje er noko i dette faktumet som burde svekke vår tru på den Kristne religionen. Det fører ikkje i det minste til å slå ut styrka i argumentasjonen som me allereie har lagt fram for å prove Gudommelegheita åt Grundaren. For verken i lova åt Mahomet, eller i noko anna religiøst system, kan me oppdage noko som er meir heilagt, meir underfullt enn dei Kristne dogmene.

Når det gjeld faktumet at Mahomet har drege mange frå Kristendomen, kan ein hevde det same om djevelen. So dette er ikkje eit bevis på at Mahomet skulle stå over Kristus. For satan har rive med seg ei mykje større mengd sjeler enn både Vår Herre og Mahomet har vunne. Om manntal skal reknast som eit vittnesbyrd åt sanninga, då burde me fylgje vegen åt udygdsame menn, heller enn å imitere dygda åt dei rettvise. Dårlege menn kjem alltid til å overgå dei gode i manntal. Det er i røynda eit overraskane vis å argumentere på til fordel for Mahomet, når ein seier at han må stå over Kristus, då han gjennom sverdet har lagt under seg mange som no fylgjer hans irrasjonelle og nedverdigande lov. Dette er ikkje vår argumentering; heller ikkje vart Kristendomen grunna på det Mahometanske systemet. Det er ikkje underleg at Jesus har so få etterfylgjarar, då Han krev av oss å leve eit dygdsamt liv, å lide til døden, og samstundes ikkje lovar oss noko anna enn usynlege beløningar. Om resoneringa åt dei som held seg til mahometanismen var korrekt, skulle dette motseie ikkje berre overnaturleg doktrine, men og filosofi.

Den logiske konklusjonen som kjem fram av dette, er at godt er ondt; sanning er lygn; ljos er myrkre. For, om det var eit faktum at eit system som vert halde av ei mengd gjer at det er sanning og godt og opplyst; og om, slik høvet er, talet av menn som lever dygdsamt og rimeleg er ekstremt lite, då må alle forestillingar om religion og moral reverserast.

Me må dessutan ikkje gløyme at Gud tillet dei som ikkje vil vandre i sanninga å verte blinda. Han let visse nasjonar, som straff for syndene deira, verte forførte av Mahomet. Sanneleg, hadde dette ikkje vore Hans vilje, og hadde desse rasane ikkje fortent slik ei tukt, skulle Mahomet ha vore utan kraft. For, om Kristus klara av, mens Hans Namn framleis var ukjend, og verda var full av avgudedyrking, å omvende gjennom fredfulle verkemiddel so mange nasjonar til Seg Sjølv, kor mykje herlegare er ikkje Hans triumf i dag, når Namnet Hans er lyfta opp gjennom heile verda? Men som me nett har sagt, Gud tillet visse nasjonar å verte infekterte av Mahometanisme, for å straffe dei for syndene deira. Ein slik dom er i samsvar med orda åt Vår Herre, "Mange er kalla, men få er utvalde"(St.Matt. xx. 16). Me må og på same vis ikkje gløyme at Kyrkja ofte har auka i manntal, og ofte minka, då menneska har ein fri vilje, og då Gud ikkje tvingar nokon til dygd, men dreg kvar og ein med kjærleik. Han lovar oss enten evig lukke, eller truar oss, om me held fram i synd, med ulike straff, der hovudstraffa er myrklegging av forståinga vår. Det var slik David, då han tala i Kristi person, og om dei onde, sa, "Lat auga verte myrklagde slik at dei ikkje kan sjå, og ryggane deira alltid nedbøygde" (Salme Ixviii. 24) Igjen finn me i Jesaja, "Forblind hjartet åt dette folket, og gjer øyrene deira tunge, og lat att augene deira: slik at dei ikkje ser med augene, og høyrer med øyrene, og skjønar med hjarto, og omvender seg, og Eg lækjer dei" (Jes. vi. 10). Denne forblindinga av hjarta og staheita i tankane, som vart forutsagt av Profetane, var den fyste straffa som overtok jødane.

Me veit og at det vart forutsagt at mange skal falle vekk frå trua. Vår Herre, då Han tala om verdas ende seier, "og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi" (St.Matt xxiv. 12). Han seier igjen, "Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trui på jordi?" (St. Luk. xviii. 8). St. Paulus seier på same vis når han skriv til Timoteus, "Men Anden segjer klårleg at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar" (1 Tim. iv. 1). Og om me studerer læra i Evangeliet, skal me finne at denne forblindinga av hjarta, den strengaste av alle straff, fordi ho fører til helvetet, har vorte "forutsagt av Kristus, og av Han tillete å ta over menneska for deira utakksemd og ondskap."

Somme svarar kanskje då at det ikkje verkar rettvist at born skulle straffast for syndene åt fedrane deira; og at om jødane og mahometanarane fornærmar Gud, skulle Han berre straffa dei med blindskap, men Han burde ikkje ha involvert etterkomarane i same lagnad. Til dette argumentet svarar me, at om Kristus er kjend i heile verda, kan ingen orsakast for at dei ikkje trur på Han. Det er sjølvsagt slik at born ikkje vert straffa i lag med fedrane deira, om dei ikkje og sjølve utførte fedrane sine synder. Men no har dei inga orsaking då dei, om dei hadde levd etter sunn fornuft, og bedt til Gud for deira evige frelse, utan tvil skulle verte opplyste av trua. For, sjølv om me veit at Guds domar er uransakelege, veit me og at Han aldri held noko att frå ein skapnad i naud. Apostelen seier, "for Gud hev gjeve dei alle yver til ulydnad for at han kunde miskunna dei alle." Han held so fram, mens me grunnar på det ufattelege djupet hjå den Gudommelege Majesteten, "Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hjå Gud! Kor uransakelege domane hans er, og kor urekkjande vegane hans! For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans? Eller kven gav honom noko fyrst, so han skulde få lika for det? For av han og ved han og til han er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen" (Rom. xi. 32-36).
Me må likevel komme i hug at Kristus vår Herre, som forutsa at desse ondene skulle komme, på same vis har forsikra oss om at Hans Kyrkje aldri skal svikte. For, "Sjå," seier Han, "Eg er med dykk alle dagar, so lengje verda står seg." No, då ulykkene som Han profeterte om har gått i oppfylling, har me all grunn til å lite på at velsigningane som Han lova og vert halde for oss. Me kan seie dette med tiltru, då Kyrkja er so djupt grunnfest, at det er idioti å tru at Ho kan mislukkast. Me trur difor at slik Kristus har straffa utrugne Kristne, skal Han på same vis fornye Si Kyrkje, og leggje fram for henne heile verda, slik at det skal vere "ein flokk og ein Hyrding." Dette veit me vil gå i oppfylling i all hast. Og slik vil skipet åt Peter pløye sin veg framover, til visse tider bore av gode vindar, og til visse tider kasta gjennom dryge stormar. Men lova åt Mahomet, som ikkje er grunna på noko fornuft, Gudommeleg eller menneskeleg, men på fysisk kraft, kan ikkje stå seg; for ingenting grunna på vald kan halde fram.

torsdag 16. juni 2011

Katolsk katekisme for det Apostoliske vikariatet i Sverige, 1893

Fyste hovudstykke; Om Trua!
§1. Trua som begrep og emne.
1. Kva meinast med å tru?
Å tru tyder å urokkeleg halde som sanning alt det som Gud har openberra, då det er Han som har openberra det.
2. Kvifor må me tru alt som Gud har openberra?
Me må tru alt som Gud har openberra, då Gud er den evige, ufeilbarlege sanninga.
3. Gjennom kven har Gud gjeve oss sine openberringar?
Gud har gjeve oss sine openberringar: i den Gamle Pakta gjennom patriarkane og profetane, i den Nye Pakta gjennom sin Son Jesus Kristus og Apostlane.
4. Kven er det som held fram for oss alt me må tru på som Gud har openberra?
Alt som Gud har openberra vert halde fram for oss av den Katolske Kyrkja, som av Kristus har fått oppdraget å lære oss dei openberra sanningane.
5. På kva vis har det som Gud har openberra, komme til oss?
Det som Gud har openberra har delvis skriftleg og delvis muntleg komme til oss; skriftleg gjennom den Heilage Skrifta eller Bibelen, muntleg gjennom overføringa eller arvelæra. (Tradisjonen.)
6. Kva er Heilage Skrift?
Den Heilage Skrifta er samlinga av dei bøker som under inspirasjon av Den Heilage Ande er skrive og av Kyrkja stadfeste som Guds Ord.
7. Korleis vert den Heilage Skrifta inndelt?
Den heilage Skrifta vert inndelt i dei Gammal- og dei Ny-testamentlige bøkene.
8. Kven er dei Gammaltestamentlege bøkene?
Dei Gammaltestamentlege bøkene er:
          1) 21 historiske bøker
          2) 7 lærebøker
          3) 17 profetiske bøker.
Dei historiske bøkene er: dei 5 Mosebøkene, Josvas bok, Domarboka, Ruts bok, dei 4 Kongebøkene, dei 2 Krønikebøkene eller Paralipomenon, Esdras og Nehemjas bok, Tobias, Judits og Esthers bok og dei 2 Makkabearbøkene.
Lærebøkene er: Jobs bok, Salmane, Ordtøksboka, Forkynnaren eller Ecclesiastes, Høgsongen, Visdomsboka, Sirak eller Ecclesiasticus.
Dei profetiske bøkene er: Jesaja, Jeremia, Baruk, Esekiel, Daniel, Hoseas, Joel, Amos, Obadja, Jonas, Mika, Nahum, Habbakuk, Sefanja, Haggeus, Sakarja og Malakias.
9. Kven er dei Nytestamentlege bøkene?
Dei Nytestamentlege bøkene er:
         1) Dei 4 Evangelia: av Matteus, Markus, Lukas og Johannes, og Apostelgjerningane av den heilage Lukas.
         2) 14 brev av den heilage Paulus og 7 brev av andre apostlar. Den heilage Pauli brev er: 1 til romarane, 2 til korintarane, 1 til galatarane, 1 til efesarane, 1 til filipparane, 1 til kolossarane, 2 til tessalonikarane, 2 til Timoteus, 1 til Titus, 1 til Filemon og 1 til hebrearane. Dei andre breva av apostlane er: 1 brev av den heilage Jakob, 2 av den heilage Peter, 3 av den heilage Johannes og 1 av den heilage Judas Taddeus.
        3) den heilage Johannes løymdomsfulle openberringar eller apocalypsen.
10. Er det nok berre å tru på det som står i den Heilage Skrifta?
Nei; me må og tru på overføringa eller arvelæra. (Tradisjonen.)
11. Kva meinast med den muntlege overføringa?
Med den muntlege overføringa meinast dei openberra sanningane som apostlane har forkynt, men ikkje skrive ned. Difor formanar den heilage Paulus allereie dei fyste Kristne: "Difor, brør, stat traust og hald fast ved dei lærdomar som de hev lært anten ved vår tale eller i brev frå oss!" 2 Tess 2:14(15).
12. Har då apostlane ikkje skrive ned alle Jesu lærer?
Nei, apostlane har ikkje skrive ned alle Jesu gjerningar, og enno mindre alle hans lærer. Difor skriv den heilage Johannes: "Det er endå mykje anna som Jesus hev gjort. Skulde det skrivast upp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verdi kunde røma dei bøkene som då laut skrivast." Joh 21:25
13. Kvifor har ikkje apostlane skrive ned alle Jesu lærer?
Apostlane har ikkje skrive ned alle Jesu lærer, då Jesus ikkje gav dei oppdraget å skrive alle hans lærer, men å forkynne dei. Kristus ville at Hans religion skulle utbreiast og forplantast gjennom forkynning. Difor sa Han til apostlane sine: "  Og han sa til dei: Gakk ut i all verdi og forkynn evangeliet for all skapningen!" Mark 16:15. Difor seier og den heilage Paulus: "So kjem då trui av forkynningi, og forkynningi ved Kristi ord." Rom 10:17
14. Er det då ikkje nok at me tek til oss Bibelen?
Nei, me må og ta til oss arvelæra eller overføringa; for i Bibelen står det ikkje;
           1) kor mange gudommelege bøker som finnst og kva dei heiter.
           2) kva deira rette utgreiing er. I Bibelen er heller ikkje alle trusartiklar og bod fullstendig framlagde, t.d. om barnedåpen sin gyldigheit, om søndagen si helging istadenfor sabbaten.
15. Kvifor må me tru arvelæra like mykje som det som står i den Heilage Skrifta?
Me må tru arvelæra like mykje som det som står i den Heilage Skrifta, då den Katolske arvelæra er like mykje openberra av Gud som det som står i den Heilage Skrifta.
16. Korleis har arvelæra forplanta seg?
Arvelæra har forplanta seg delvis gjennom den muntlege undervisninga, delvis gjennom Kyrkja sine lover og bruk og delvis gjennom kyrkjefedrane sine skrifter.
17. Korleis har arvelæra alltid rein og uforfalska vorte bevara i Kyrkja?
Arvelæra har alltid vorte bevara rein og uforfalska:
           1) gjennom den Heilage Ande sin assistanse, som bevarar Kyrkja frå all vilseleiing.
           2) gjennom at Kyrkja stadig har fulgt regelen å ikkje tåle noko ny lære og å alltid halde fast ved den gamle læra som vert nedarva frå fedrane. "Men målsmannen, den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg hev sagt dykk." Joh 14:26. "Du, Timoteus, tak vare på det som er yvergjeve til deg, so du vender deg frå det vanheilage tome svallet og motsegnene frå den kunnskap som falskeleg vert kalla so, som sume vedkjenner seg, so dei hev fare vilt i trui! Nåden vere med deg!" 1 Tim 6:20-21.
18. Kva må då ein Kristen i det heile tru?
Ein Kristen må tru alt som Gud har openberra og som den Katolske Kyrkja held fram for å tru, enten det står eller ikkje står i den Heilage Skrifta.
19. Kvifor må Kyrkja halde fram for oss dei openberra sanningane?
Kyrkja må halde fram dei openberra sanningane, då me berre gjennom Henne ufeilbarleg kan vite kva Gud har openberra.
20. Kvifor kan me berre gjennom Kyrkja ufeilbarleg vite kva Gud har openberra?
Me kan berre vite dette gjennom Kyrkja 1) då me berre gjennom Kyrkja har den Heilage Skrifta og arvelæra som inneheld den Gudommelege openberringa; Katolske Kyrkja åleine har av apostlane motteke den Heilage Skrifta og arvelæra; Ho åleine gjev oss ein garanti me kan lite på for Skriftene og arvelæra sitt Gudommelege opphav; Ho åleine gjev oss  som fylgje av den Heilage Ande sin inspirasjon, som varar Henne frå all vilseleiing, fullstendig sikkerheit for deira autensitet. Sjølvsagt kan ein angåande fleirtalet av dei heilage bøkene og gjennom historiske og reint menneskelege bevis verte overtyga om deira autensitet og truverde, men om den Gudommelege inspirasjonen av alle dei heilage bøkene, kan ein utan Kyrkja sitt vittnesbyrd ikkje vinne ufeilbarleg visse. 2) då Kyrkja åleine ufeilbarleg gjev oss kjennskap til den sanne meininga i Skrifta og arvelæra.
21. Kvifor kan me berre gjennom Kyrkja ufeilbarleg få kjennskap til den sanne meininga i Skrifta og arvelæra?
Me kan berre gjennom Kyrkja ufeilbarleg få kjennskap til den sanne meininga i Skrifta og arvelæra, då Kyrkja åleine er "sanninga sin pillar og grunnvoll" og difor ikkje kan ta feil i utgreiinga av Guds Ord.
22. Får då ingen greie ut om Skrifta og Arvelæra imot Kyrkja si tolkning?
Nei, då dette skulle vere å inbille seg at ein skjønar Skrifta og Arvelæra betre enn Heilage Ande, som ifylgje Kristi Ord opplyser Kyrkja om den sanne meininga.
23. Er då den Heilage Skrifta si meining ikkje i og for seg tydeleg og for kvar og ein lett å forstå?
Nei, den Heilage Skrifta er ei Gudommeleg og løyndomsfull bok, som det står om: "..i dei er det noko som er vandt å skynda, og som dei ulærde og ustøde mistyder, liksom dei og gjer med dei andre skriftene, til sin eigen undergang." 2 Pet 3:16. 
24. Kva har Kyrkja ordna angåande bibellesning på morsmålet?
Kyrkja har ordna det slik, at den som vil lese Bibelen på morsmålet sitt 1) skal eige den kunnskap og dygd som påkrevast. 2) skal halde seg til ei oversettjing som er godkjend av Kyrkja og som er utstyrt med av Henne godkjende anmerkningar eller kommentarar.
Utføring: Hald deg heile ditt liv til den heilage Katolske Kyrkja sine lærer, for når du trur det som Ho lærer, trur du Guds Ord. 

mandag 9. mai 2011

Bokanmeldelse: "Saint Pius V: A short account of his life, times, virtues and miracles in the aftermath of the protestant revolt" av Professor Robin Anderson i 1973

(Denne bokanmeldelsen er henta frå den svenske tidsskrifta Adoremus in Aeternum, nr.2 år 2011. Link for tinging: http://kvitekristkvinne.blogspot.com/p/linkar-og-tips.html)


I desse pavelause tider kan det vere eit godt råd for den som held på Trua å lese meir om ein av dei mest pietistiske, heilage, kjærleiksfulle og gavmilde pavane; den Heilage Pius V. Denne paven sat berre 6 år i Petri Stol, frå 1566-1572, og under denne tida gjekk han igjennom fleire prøvingar og utfordringar som liknar på dei utfordringane som Kyrkja kjempar mot i dag. Han fekk den store oppgåva å leie Kyrkja under ei tid av andeleg forvirring, politisk opprør og moralsk forfall. Protestantismen hadde spreidd seg i Europa, dårlege bøker som utgav seg for å vere katolsk litteratur vart smuggla inn til Roma og Kyrkja var infiltrert av kjetterske biskopar som ikkje innsåg alvoret i vranglærer. Paven vart tvinga å utvise umoralske menn og kvinner frå Roma, exkommunisere mange høgt akta personar frå den Katolske Kyrkja sitt eige hierarki, frå Kyrkjelege læreinstitusjonar og til og med sjølve dronning Elisabeth I av England.

        Og på det personlege planet fekk Paven kjempe med mykje på grunn av sviktande helse, men dette hindra han ikkje frå å praktisere tunge faster og botgjeringar. Det andelege livet i Kyrkja hadde vorte forsømt og Pius V innførte difor fleire offentlege botgjeringar og faster for alle, han innførte og strengare samfunnslover og skjerpa inn nøysemda i den Katolske utdanninga. Han skreiv og hundrevis av buller, der 60 av dei freista å leie prestar, biskopar og ordensfolk attende til den Sanne Trua, noko som vittnar om kor godt tak og kor stor kraft fienden hadde innanfor Kyrkja. Ein katekisme som skulle vere enkel for alle å forstå, vart utgjeve under kyrkjemøtet i Trient, for å lære ut Kyrkjelege dogmer, moral og tru på alle dei store, europeiske språka. Kyrkja trong dessutan å verte eina, då det var usemje mellom fleire katolske område som ikkje ein gong snakka med kvarandre lenger. Behovet for ei rask forsoning var skrikande, då det var naudsynt for å kunne byggje opp ein hær mot det militante islam og tyrkarane, som trua med å sluke opp Kristendomen gjennom eit inntog frå Aust. Men Pius V lukkast i 1571 med å støtte dei heilage krigarane gjennom forbøn og vann slik og ein siger mot dei ottomanske heidningane i sjøslaget ved Lepanto. Paven tileikna æra for sigeren åt Kyrja sin vyrdnad av Vår Frue og åt Rosenkransen.
          Ja, ein kan i røynda sjå korleis Kyrkja under tida etter "Reformasjonen" fekk stå ut med vanskar som liknar dei vanskar Kyrkja i exil slit med i dag, og kor stor velsigning ein pave som Pave Pius V skulle vere for Henne. Det ende negative eg kan seie om denne boka, er at forfattaren har ein tendens i fleire kapittel til å komme med personlege, liberale orsakingar angåande dei konservative handlingane og reformane åt Paven, til dømes at "Ein må forstå at dette var ei spesiell tid som krevde ekstreme handlingar.." Men når me les bøk frå "tanbooks.com" må ein alltid vere på utkikk etter slike liberale innslag. Elles er det ei bra 100 siders bok på relativt lettlest engelsk.

Boka kan tingast via www.tanbooks.com
Andre sider der utskiljingsevnen får vere guiden til noko som er verdt å lese er:
http://www.loretopubs.org/
http://www.stathanasiuspress.com/
http://www.confraternitybooks.som/
http://mostholyfamilymonastery.com/books.html
www.lulu.com/tradibooks

onsdag 6. april 2011

Simon Magus, den fyste kjettaren!


Henta frå boka "History of Heresies and their refutation" av Sankt Alphonsus M. Liguori, 1857.

Simon Magus, den fyste kjettaren som uroa Kyrkja, vart født i ein del av Samaria kalla Githon eller Gitthis. Han vart kalla "Magus", eller "Magikaren", då han nytta trollformlar for å forføre mengda; og slik fekk han mellom landsmennene sine det heilt spesielle namnet "Den Store Guds Krafta" (Apg 8:10). "Denne mannen er Guds kraft som er kalla stor." Då han såg at dei som Apostlane Peter og Johannes la hendene sine på, tok imot den Heilage Ande, baud han dei pengar for å gje han den same krafta til å formidle den Heilage Ande på same vis; og etter denne forteljinga er det at den ofselege synda å selje heilage ting vert kalla for Simoni.
          Han fôr til Roma, og der i byen vart ei statue sett opp for å æra han, noko Sankt Justin i sitt fyste apologetiske verk slengjer i andletet på romarane: "I dykkar kongelege by," seier han, "vart han (Simon) rekna for ein gud, og ei statue vart sett opp på øya ved Tiberen, mellom dei to bruene, med den latinske inskripsjonen -SIMONI, DEO SANCTO." Samuel Basnage, Petavius, Valesius og mange andre fornektar dette faktumet; men Tillemont, Grotius, Fleury og Kardinal Orsi forsvarar dette, og held fram til fordel for det heile autoriteten til Tertullian, Sankt Irenæus, Sankt Cyril av Jerusalem, Sankt Augustinus, Eusebius, og Theodoret, som til og med seier at statua var av bronse.
             Simon kom med mange vranglærer som Noel Alexander reknar opp og går imot. Den største vranglæra var den at verda vart skapa av englar; at når sjela forlet lekamen går ho inn i ein annan lekam, som- om dette skulle stemme, seier Sankt Irenæus, i so fall skulle kunne gjere greie for alt som hende då ho budde i den tidlegare lekamen, for minnet ikkje kan skiljast frå sjela, då det er ein andeleg eigenskap. Ei anna av vranglærene hans var ei som har komme attende via kjettarane i våre eigne dagar, at mennesket ikkje hadde ein fri vilje, og fylgjeleg at gode gjerningar ikkje var naudsynte for frelsa. Baronius og Fleury fortel at gjennom krafta frå trolleriformlar, fekk han ein dag djevelen til å lyfte han opp i lufta; men då Sankt Peter og Sankt Paulus var til stades, påkalla dei Jesu Kristi Namn, slik at han fell ned og braut begge beina. Han vart boren vekk av venene sine, men dei lekamlege og mentale lidingane stakk so djupt i han at han i fortvilinga kasta seg sjølv ut frå eit høgt vindauge; og slik gjekk den fyste kjettaren som nokon gong uroa Kristi Kyrkja til grunne.  
              Basnage, som freistar å prove at Sankt Peter aldri var i Roma, og aldri sat i Pavestolen i denne byen, seier at alt dette berre er oppspinn; men me har vittnesbyrda åt Sankt Ambrosius, Sankt Isidore av Pelusium, Sankt Augustinus, Sankt Maximus, Sankt Philastrius, Sankt Cyril av Jerusalem, Severus Sulpicius, Theodoret og mange andre som vittnar til vår fordel. Me har dessutan ein passage i Suetonius som stadfestar deira vittnesbyrd, for han seier (i lib.VI., kap xii) at mens Nero var nærverande ved den offentlege sporten, var det ein mann som lukkast i å flyge, men etter at han hadde vore svevande ei stund, ramla han ned og den keisarlege paviljongen vart flekka av blodet hans.

fredag 25. mars 2011

Skilnader mellom det som hender innanfor og utanfor den Katolske Kyrkja!

Her kjem nokre passande sitat i desse forvirra, pavelause tider, der mange so kalla tradisjonelle grupperingar sender menneske hit og dit for å ta imot sakrament, der kjettarane spring vilt og der nestan ingen som kallar seg Kristne held på ei sann tru.
         Alle sitat er henta frå boka "Communicatio in Sacris- The Roman Catholic Church against Intercommunion with non-Catholics." av William J. DeTucci, 2008

"Når desse tilhøva (intensjon av Ordning) er til stades, kan Sakramentet delast ut av enten den gode eller den onde, den trufaste eller den kjetterske, innanfor eller utanfor Kyrkja: men innanfor Kyrkja vert dei utdelte både faktisk og med verknad, mens utanfor, sjølv om dei faktisk vert utdelte vert dei utan verknad."
-St. Bonaventure

"Me veit at denne frelsa tilhøyrer den eine Kyrkja, og at ingen utanfor den Katolske Kyrkja og Trua har høve til å ta del av Kristus, eller til å verte frelste. (...) Lat ingen kalle desse menneska Kristne eller velje å ha kommunion med dei; for det er ikkje tillete, då Offeret ikkje vert forretta av det heilage Huset og heller ikkje vert Han offra som kommunion åt dei utanfor (Kyrkja)."
-St. John Chrysostom (347-407 e.Kr) i Patrologia Graeca, vol.LIX, col.725 `On Pascha,´ Homily 1

"De må vite at dette er den eine Katolske Kyrkja grunnfest gjennom heile verda, og med henne må de verte verande i urokkeleg kommunion. Der er sanneleg andre so kalla "kyrkjer" som de ikkje kan ha noko kommunion med. (...) Desse "kyrkjene" opphøyrer å vere heilage, då dei vart førte på villspor av djevlelærer til å tru og oppføre seg annleis enn det som Kristus og den Apostoliske Tradisjonen baud dei."
-St.Niceta av Remesiana (335-414 e.Kr.) i "Ei forklaring av Truvedkjenninga: De symbolo"

"Tallause kjettarlærer, som vender seg vekk frå det Kristne styret, vittnar om at dei menneska ikkje får løyve til å komme til sakramental kommunion, som trur og freistar å overtyde andre om å tenkje annleis om Gud Faderen, (...) for dei som me ikkje godkjenner læra åt, har ikkje del i våre sakramentale riter."
-St. Augustine av Hippo (354-430 e.Kr.) i "St. Augustine, Of the True Religion"

"Utanfor den Katolske Kyrkja kan ein finne alt utanom frelsa. Ein kan finne ordineringar (diakonar, presteskap og biskopar) og sakrament, dei syng kanskje Halelujah og svarar Amen, ein held (rører) kanskje ved Evangeliet, ein har og forkynner kanskje i namnet åt Faderen, Sonen og den Heilage Ande, men ingen stad utanom i den Katolske Kyrkja kan ein finne frelse."
-Patrologia Latina, Vol. 43, ss. 689-698

"Om liv og død heng på vår sanning av Tru, er det døden me vel. Me skal aldri på noko vis eller uansett grunn gå inn i kommunion (Eukaristisk) med fiender av Guds Kyrkje og deira meiningslause anathemaer; då skal me heller med Guds hjelp halde på den apostoliske trua "som me står i og rosar oss av vona om Guds herlegdom." (Rom 5:2)"
-St. Sabbas (439-532 e.Kr), i Cyril of Scythopolis, The lives of the Monks of Palestine.

"(2273) Hald urokkeleg fast ved og tvil aldri i det minste på at Dåpssakramentet har høve til å eksistere ikkje berre innanfor den Katolske Kyrkja, men og hjå kjettarar som døyper i namnet åt Faderen, og Sonen, og den Heilage Ande; men utanfor den Katolske Kyrkja kan det ikkje gagne dei, nei, nett som det innanfor Kyrkja vert gjeve frelse gjennom Dåpssakramentet åt dei som trur rett, so er det og slik at dei som er utanfor Kyrkja, om dei ikkje vender attende til Kyrkja, so går det mot total ruinering for dei som vart døypte av den same Dåpen. For det er einskapen i den Kyrkjelege felleskapen som fører til frelsa, slik at ein mann ikkje vert frelst av Dåp om han ikkje mottok denne på den staden der det var naudsynt å ta imot han."

"(2274) Hald urokkeleg fast ved og tvil aldri i det minste på at ingen person som er døypt utanfor den Katolske Kyrkja kan verte ein medarving til det evige livet om han ikkje, innan han døyr, har vend attende til og vorte innlemma i den Katolske Kyrkja."
-St. Fulgentius av Ruspe (468-533 e.Kr) i: The Rule of Faith (kap79,80) in Migne, Patrologia Latina Vol. 65, ss.671-706

"Noko anna den velsigna mannen lærte ut og insisterte på hjå alle var å aldri ved noko høve i det heile verte rekna hjå kjettarane og, framfor alt, å aldri ta imot den Heilage Kommunionen hjå dei, "sjølv om," sa den heilage mannen, "..det skulle vere slik at du vert verande utan kommunionen heile livet ditt, då du grunna stressa tilhøve ikkje kan finne eit samfunn av den Katolske Kyrkja." "For dersom me, etter lovleg å ha gifta oss med ei kone i denne verda etter kjøtet, vert forbydde av Gud og av lova å overgje henne og verte sameina med ei anna kvinne, sjølv om me vert nøydde til å tilbringe ei lang tid adskild frå henne i eit fjerntliggjande land, og skal motta straffa om me bryt lovnadane våre, korleis skal me då, som har vorte sameina med Gud i den rette trua og den Katolske Kyrkja, som apostelen seier: "Eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde stella fram for Kristus ei rein møy" (2Kor 11:2), korleis skal me kunne unngå å få del av straffa som i den komande verda ventar kjattarar, dersom me skitnar ut den rette og heilage trua gjennom utru kommunion med kjettarar?
             "For "kommunion", sa han, "vert kalla for nett dette då han som har "kommunion" har noko felles med og er einig med dei som han har kommunion med. Difor bønnfell eg dykk born, å aldri gå nære oratoriuma åt kjettarane for å ta imot kommunion der."
-St. John the Almsgiver (550-616 e.Kr) i "The Three Byzantine Saints."

"Med all vår styrke, lat oss difor aldri ta imot kommunion frå, eller gje han til kjettarar; "Gje ikkje det som er heilagt til hundane," sa Herren "og kast ikkje perlar for svin," (Matt 7:6); slik at me ikkje vert delaktige i deira vanære og fordømming."
-St. John Damascene (676-749 e.Kr.)

"Den heilage universelle Kyrkja lærer at det ikkje er mogeleg å tilbe Gud i sanning utanom i henne og forsikrar at alle som er utanfor henne ikkje kjem til å verte frelste."
-Moralia, Lib.XIV, Kap. V, n.5, Patrologia Latina, Tom.LXXV, col. 1043 

fredag 18. mars 2011

Den vesle skaren av dei som vert frelste, del 3/3

Gud ynskjer at alle menneske skal verte frelste!

 På hundrevis av stader i den Heilage Skrifta, fortel Gud oss at Han i sanning ynskjer at alle menneske skal verte frelste. "Er det Min vilje at ein syndar skal døy, og ikkje at han skulle verte omvend frå vegen sin og leve?...Eg lever, seier Herren Gud. Eg ynskjer ikkje syndarens død. Omvend dykk og lev." Når nokon vil noko særs mykje, vert det sagt at han døyr av begjær; det er ei overdriving. Men Gud ville og vil framleis frelse oss so mykje at Han døydde grunna dette ynskjet, og Han leid dauden for å gje oss liv. Denne viljen til å frelse alle menneske er difor ikkje berre ei berørt, ytleg og tilsynelatande Guds vilje, det er ei verkeleg, effektiv og gagnleg vilje; for Han gjev oss alt me treng som gagnar oss mest for at me skal verte frelste. Han gjev oss ikkje dette for at me ikkje skal nå målet; Han gjev oss dette med ei sannferdig vilje, med intensjonen at desse gåvene skal oppnå det dei vart gjeve for. Og om dei ikkje oppnår målet, Syner Han seg såra og fornærma over det. Han befalar sjølv dei fordømde til å ta dei bruk for å kunne verte frelste; Han formanar dei til dette; Han pålegg dei dette; og om dei ikkje gjer dette, syndar dei. Difor, lat dei gjere dette og slik verte frelste.

Enno meir, då Gud ser at me ikkje kunne nytte reiskapane som Han har gjeve oss utan Hans nåde, utan Hans hjelp, so gjev Han oss anna hjelp; og om denne hjelpa vert verande utan framgong, er det vår eigen feil; for med desse same hjelpemiddela kan ein misbruke dei og verte fordømd med dei, mens ein annan kan gjere rett og verte frelst; han vert kanskje til og med frelst med mindre kraftfulle hjelpemiddel. Ja, det kan hende seg at me misbrukar ein større nåde og vert fordømde, mens andre samarbeidar med mindre nåder og vert frelste.

Sankt Augustinus utbryt, "Om difor nokon då vender seg vekk frå rettferda, vert han boren vekk av sin frie vilje, leia av si eiga bøying til synd, forført av si ega overtyding." Men for dei som ikkje skjønar seg på teologi, so er det dette eg vil seie åt dei: Gud er so god at når Han ser ein syndar springande mot si eiga forderving, spring Han etter han, ropar på han, går med han like til helvetesporten. Kva vil Han ikkje gjere for å omvende han? Han sender han gagnleg inspirasjon og heilage tankar, og om dette ikkje ber frukt, vert Han sint og indignert, Han fylgjer etter han. Vil Han slå han? Nei. Han slår i lufta og tilgjev han. Men syndaren omvender seg framleis ikkje. Gud sender han ein dødeleg sjukdom. Den er i sanning slutten for han. Nei, brør, Gud botar han; syndaren vert sta og ond, og Gud ser i si miskunn etter ein annan veg; Han gjev han enno eit år, og då dette året er over, gjev Han enno eit år. Men syndaren ynskjer framleis å kaste seg sjølv ned i helvetet på trass av alt dette, so kva skal Gud gjere? Overgjev Han syndaren? Nei. Han tek han i handa, og mens han har ein for i helvetet og ein utanfor, held Han fram med å forkynne for han, Han naudbed han om ikkje å misbruke all denne nåden. No spør eg deg, om den mannen vert fordømd, er det ikkje sant at Han vert fordømd utan at det var Guds vilje og på grunn av at han sjølv ynskjer å verte fordømd? Kom og spør meg no: Om Gud ynskja å fordømme meg, kvifor skapa Han meg då? 

Utakksame syndar, lær i dag at om du vert fordømd, er det ikkje Gud som skal ha skulda, men du og din eigen vilje. For å overtyde deg om dette, gå ned til sjølve djupa i avgrunnen, og der skal eg syne deg ein av dei onde, forbanna sjelene som brenn i helvetet, slik at denne kan forklare sanninga for deg. Her har du ein no: "Sei meg, kven er du?" "Eg er ein stakkars avgudsdyrkar, fødd i eit ukjent land; eg fekk aldri høyre om Himmelen eller helvetet, eller om det som eg no lid av." "Fattige stakkar! Gå din veg, det er ikkje deg eg leitar etter." Ein annan kjem, der er han. "Kven er du?" "Eg er ein skismatikar frå endane av Tartaria; eg levde alltid på usivilisert vis, visste knappast at der er ein Gud." "Du er ikkje den eg leitar etter; far attende til helvetet." Her kjem enno ein. "Og kven er du?" "Eg er ein stakkars kjettar frå Nord. Eg vart født under Polaren og såg aldri verken solljos eller ljoset frå Trua." "Det er ikkje deg eg som eg leitar etter heller, far attende til helvetet." Brør, hjarta mitt brest når eg ser desse stakkarane som aldri kjende den Sanne Trua no mellom dei fordømde. Vit likevel at domen til fordøming vart utropa mot dei og dei fekk høyre, "Di fordømming kjem frå deg." Dei vart fordømde fordi dei ville det. Dei fekk so mykje hjelp frå Gud for å verte frelste! Me veit ikkje kva dette var, men dei veit det sjølve so altfor godt, og no ropar dei ut, "Å, Herre, Du er rettvis... og Dine domar er rettvise."

Brør, de skal vite at den eldste trua er Guds Lov, og at me alle ber henne rundt innskrive i hjarta våre; slik at ho kan lærast utan ein lærar, og at det er nok å ha ljoset frå sunn fornuft for å kunne vite om alle boda i Lova. Dette er grunnen til at til og med barbarar gøymde seg når dei begjekk synder, då dei visste at dei handla feil; og dei vert fordømde for å ikkje ha fulgt den naturlege lova skrive i hjarta deira; for hadde dei halde henne skulle Gud heller ha lete eit mirakel hende enn å late dei verte fordømde. Han skulle ha sendt dei nokon som kunne lære dei og hadde gjeve dei andre hjelpemiddel, som dei sjølve gjorde seg uverdige til å motta gjennom å ikkje leve i samsvar med inspirasjonen frå deira eigne samvite, som aldri svikta i å åtvare dei om det gode dei burde gjere og det onde som dei måtte unngå. Slik er det deira eige samvite som klagar dei ved Guds Domstol, og det held fram med å gjere dette utan oppehald i helvetet, "Di fordømming kjem frå deg sjølv." Dei veit ikkje kva dei skal svare og vert nøydde til å sanne at dei fortener denne lagnaden. Då so, om desse utruande ikkje har noko orsaking, vil der verte ei for ein Katolikk som hadde so mange sakrament, so mange preike, so mange hjelpemiddel til sin disposisjon? Korleis skal ein slik våge å seie, "Om Gud skulle fordømme meg, kvifor skapa Han meg då?" Korleis skal han våge å tale på dette viset, når Gud gjev han so mange hjelpemiddel for å verte frelst? So lat oss halde opp med å forvirre han.

De som lid i avgrunnen, svar meg! Er der mange Katolikkar hjå dykk? "Det er det i sanning!" Kor mange? Lat ein av dei koma hit! "Det er umogeleg, dei er for langt nede, og å få dei til å koma opp hit skulle vende heile helvetet opp og ned; det skulle vere enklare å stogge ein av dei i den stunda han fell ned." So talar eg då til dykk som lever i vanen av dødssynd, i hat, i gjørma av lasta av ureinskap, og som kjem nærare helvetet for kvar dag som går. Hald opp og vend om; det er Jesus som kallar dykk og som, med Sine sår, ropar åt dykk, "Min son, om du vert fordømd har du berre deg sjølv å skulde: 'Di fordømming kjem frå deg sjølv.' Lyft opp augene dine og sjå alle nåder som eg har gjeve deg i rike mengder for å sikre di evige frelse. Eg kunne ha laga det slik at du vart født i ein skog i Barbari; det er dette eg gjorde åt mange andre, men eg let deg verte født i den Katolske Trua; eg let deg oppsedast av ein slik god far, slik ei ypperleg mor, med dei reinaste instruksar og lærer. Om du på trass av alt dette vert fordømd, kven sin feil kjem det til å vere? Din eigen, Min son, din eigen: 'Di fordømming kjem frå deg sjølv.'

"Eg kunne ha kasta deg i helvetet etter at du begjekk den fyste dødssynda, utan å vente eit sekund: Eg gjorde det mot so mange andre, men Eg hadde tolmod med deg, Eg venta på deg i mange, lange år. Eg ventar framleis på deg i boten. Om du er fordømd på trass av alt dette, kven har skulda? Du sjølv, Min son, du sjølv: "Di fordømming kjem frå deg sjølv." Veit du kor mange som har døydd framfor dine eigne auge og vart fordømde? Det var ei åtvaring åt deg. Veit du kor mange andre Eg sette attende på rett veg som eit døme for deg? Hugsar du kva den framifrå bekjennaren fortalte deg? Det var Eg som bad han om å seie det åt deg. Oppmoda han deg ikkje til å endre på livet ditt, og å gjere ei god skriftehandling? Det var Eg som inspirerte han. hugsar du den preika som rørde ved hjarte ditt? Det var Eg som leidde deg dertil. Og kva har funne stad mellom deg og Meg i det løynde i hjartet ditt,... det kan du aldri gløyme.

"Dei indre inspirasjonane, den klare kunnskapen, den kontinuerlege angeren i samvitet, skulle du våge å fornekte dei? Alle desse var so mange hjelpemiddel frå Min nåde, då Eg ynskja å frelse deg. Eg nekta å gje dei til mange andre, og Eg gav dei til deg då Eg elska deg djupt. Min son, Min son, om Eg tala til dei so mjukt som Eg talar åt deg idag, kor mange andre sjeler vender attende til den rette vegen! Og du... du vender Meg ryggen. Høyr på det Eg har å seie deg, for dette er Mine siste ord: Du har kosta Meg Blodet Mitt; om du vil verte fordømd på trass av Blodet som Eg felde for deg, legg ikkje skulda på Meg, du har berre deg sjølv å skulde, og gjennom all eve, gløym ikkje at om du vert fordømd på trass av Meg, vert du fordømd fordi du ynskjer å verte fordømd: 'Di fordømming kjem frå deg sjølv.' "

Å min gode Jesus, sjølve steinane skulle dele seg om dei høyrde desse orda, slike mjuke uttrykk. Er der nokon her som ynskjer å verte fordømde, med so mange nåder og hjelpemiddel? Om der er ein, lat han høyre på meg, og lat han so stå imot om han kan.

Baronius fortel at etter Julian Apostaten sitt vidkjende fråfall, fekk han slikt voldsomt hat mot den Heilage Dåpen at han dag og natt søkte etter vegar å utslette sin eigen. Grunna dette førebudde han eit bad av geiteblod åt seg og sette seg i det, med ynskje om at det ureine blodet frå eit offer konsekrert åt Venus skulle slette ut den heilage karaktæren av Dåpen frå hans eiga sjel. Slik oppførsel verkar avskyeleg for dykk, men om planen åt Julian hadde lukkast er det sikkert at han skulle ha lide mykje mindre i helvetet.

Syndarar, rådet eg ynskjer å gje deg kjem heilt sikkert til å verke underleg for deg, men om du skjønar det rett, har det tvert imot sitt opphav i mi medkjensle for deg. Eg naudbed deg på mine kne, ved Kristi Blod og ved Maria Hjarte, endre livet ditt, kom attende til vegen som leier til Himmelen og gjer alt du kan for å tilhøyre den vesle skaren av dei som vert frelste. Om du istadenfor dette, ynskjer å halde fram på vegen som leier til helvetet, finn i det minste eit vis å utslette dåpen din på. Ve til deg om du tek Jesu Heilage Namn og den heilage karaktæren av den Kristne inngravert på sjela med deg ned i helvetet! Di plage vil berre verte større. So kva råder eg deg til å gjere: Om du ikkje vil omvende deg, gå på denne dagen og be din eigen pastor om å utslette namnet ditt frå dåpsregisteret, slik at ikkje eit ende minne om at du ein gong var ein Kristen finnst att; naudbed Skyddsengelen din om å utslette frå nådeboka si kvar inspirasjon og hjelp som han har gjeve deg på Guds bod, for ve til deg om Han kjem dei i hug! Sei til Vår Herre at Han skal ta Trua si attende, dåpen Hans og sakramenta Hans.

Vert du fylt av gru når du tenkjer på dette? Vel, kast då deg sjølv ned framfor Jesu Kristi føter og sei åt Han med tårevåte auge og eit botferdig hjarte: "Herre, eg sannar at fram til no har eg ikkje levd som ein Kristen. Eg er ikkje verdig å verte rekne mellom dine utvalde. Eg innser at eg fortenar å verte fordømt; men Din nåde er stor, og full av tiltru til di Miskunn seier eg deg at eg ynskjer å frelse sjela mi, sjølv om eg må gje opp formuen min, æra mi, livet mitt, berre eg vert frelst. Om eg fram til no har vore utru, so angrar eg, eg er lei meg, eg hatar min utruskap, eg bed Deg audmjukt om forlating for syndene mine. Tilgjev meg, gode Jesus, og styrk meg og, slik at eg kan verte frelst. Eg bed Deg ikkje om rikedomar, æra og framgong; eg bed Deg berre om dette eine, å frelse sjela mi."

 Og du, Å Jesus! Kva seier Du? Å Gode Hyrding, sjå dei vekkvandra sauene som vender attende til Deg; omfemn den angrande syndaren, velsign kvart eit sukk og kvar ein tåre han kjem med, eller velsign desse menneska som er so veldisponerte og som ikkje ynskjer noko anna enn å frelse sjelene sine. Brør, ved Vår Herre sine føter, lat oss halde fram at me ynskjer å frelse sjelene våre, uansett kva det skulle koste oss. Lat oss alle seie åt Han med tårevåte auge, "Gode Jesus, eg ynskjer å frelse sjela mi," Å velsigna tårar, Å velsigna sukk!

Konklusjon!

Brør, eg ynskjer å sende dykk alle trøysta heim att idag. So om de spør meg om mine eigne kjensler når det gjeld talet på dei som vert frelste, kjem det no: Enten det er mange eller få som vert frelste, so seier eg at kvar den som ynskjer å verte frelst, vert frelst; og at ingen kan verte fordømd om han ikkje sjølv ynskjer å verte det. Og om det er sant at særs få vert frelste, er det grunna at so få lever vel. Angåande alt det andre, jamfør desse to syna; det fyste hevdar at fleirtalet av Katolikkar vert fordømde, det andre hevdar det motsatte, at majoriteten av Katolikkar er frelste. Sjå for deg ein engel sent frå Gud for å stadfeste det fyste synet, som kjem for å fortelje deg at ikkje berre vert dei fleste Katolikkar fordømde, men at av heile denne kyrkjelyden som er samla her, er det berre ein som vert frelst. Om du lyder Guds Bod, om du foraktar korrupsjonen i denne verda, om du omfemner Jesu Kristi Kross med ein botferdig ande, då kjem du til å verte den eine som vert frelst.

Sjå no for deg den same engelen vende attende til deg for å stadfeste det andre synet. Han fortel deg at ikkje berre vert majoriteten av Katolikkar frelste, men at ut av heile denne kyrkjelyden er det berre ein som vert fordømd, og alle dei andre vert frelste. Om du etter dette held fram med utnyttinga, hemneaksjonane dine, dine kriminelle handlingar, din ureinskap, so vert det i sanning du som vert fordømd.
Kva nytte har me av å vite om det er mange eller få som vert frelste? Sankt Peter seier oss "Strev etter å gjere di utveljing sikker med gode gjerningar." Då Sankt Thomas Aquinas syster spurte han kva ho måtte gjere forå komme til Himmelen, sa han, "Du vert frelst om du ynskjer å verte det." Eg seier det same åt deg, og her er bevis for orda mine. Ingen vert fordømde utan at dei fyst begår ei dødssynd; dette er av trua. Og ingen begår dødssynd utan at han vil det: dette er ein udiskutabel teologisk proposisjon. Difor er det ingen som hamnar i helvetet utan at han sjølv vil det; konsekvensen er sjølvklår. Er ikkje dette nok til å trøyste deg? Gråt over tidlegare synder, gjer gode skriftemål, synd ikkje meir i framtida, og du vil verte frelst. Kvifor plagar du deg sjølv slik? For det er sikkert at du er nøydd til å begå ei dødssynd for å hamne i helvetet, og for å begå ei dødssynd må du sjølv ville det, og fylgjeleg er det ingen som hamnar i helvetet utan at han sjølv ynskjer det. Dette er ikkje berre mi oppfattning, dette er ei unekteleg og særs trøystande sanning; måtte Gud gje deg å skjøne dette, og måtte Han velsigne deg. Amen.

mandag 14. mars 2011

Den vesle skaren av dei som vert frelste, del 2/3

Frelsa i dei ulike livsverva!


Men å, eg ser at gjennom å tale generelt om alle på dette viset, kjem ikkje poenget mitt fram. So lat oss applisere denne sanninga på ulike livsverv, og de vil sjå at ein enten vert nøydd til å forkaste fornufta, erfaringa og vitet åt dei trufaste, eller sanne at fleirtalet av Katolikkar er fordømde. Er der noko verv i verda som favoriserar uskulda, der frelsa verkar lettare og som menneska gjer seg høgare tankar om enn prestane, Guds løytnantar? Ved fyste augekast, kven skulle ikkje tenkje at dei fleste av dei ikkje berre er gode, men perfekte; likevel vert eg forferda når Sankt Jerome erklærer at sjølv om verda er full av prestar, so lever knappt ein av hundre på eit vis som samsvarar med vervet deira; når eg får høyre ein Guds tenar vitne om at han har fått vite gjennom openberring at talet på prestar som fell ned i helvetet kvar dag er so stort, at det verka umogeleg for han å sjå for seg at der er nokon att på jorda; når eg får høyre Sankt Chrysostom utbryte med tårar i augene, "Eg trur ikkje at mange prestar vert frelste; eg trur det motsatte, at antalet som vert fordømde er større."

Sjå endå lenger oppover, og sjå prelatane åt den Heilage Kyrkja, pastorar som har ansvar for sjelene. Er talet på dei som vert frelste av desse større enn antalet som vert fordømde? Høyr på Cantimpre; han vil dele ei hending med dykk, og de kan sjølve dra dykkar eigne konklusjonar. Der vart halde eit konsilium i Paris, og eit stort antal prelatar og pastorar som hadde ansvar for sjeler deltok; kongen og prinsar kom og for å kaste glans over samlinga gjennom sitt oppmøte. Ein kjend forkynnar vart invitert for å forkynne. Då han held ei preike, openberra ein grusom demon seg for han og sa, "Legg ned boka di. Om du vil halde ei preike som er til gagn for desse prinsane og prelatane, nøy deg med å sei til dei frå oss; 'Me prinsar av myrkret takkar dykk, prinsar, prelatar og pastorar av sjeler, for grunna dykkar vanskjøtsel vert fleirtalet av dei trufaste fordømde; og me sparar ei beløning åt dykk for denne tenesta, til de kjem ned til oss i helvetet."

Ve til dykk som kommanderar andre! Om so mange vert fordømde på grunn av dykk, kva vil då hende med dykk sjølve? Om få av dei som kjem fyst i Guds Kyrkje vert frelste, kva vil hende med dykk? Ta alle verv, båe kjønna, kvar ståe: ektemenn, koner, enkjer, unge kvinner, unge menn, soldatar, kjøpmenn, handverkarar, rike og fattige, eidle og låge. Kva skal me seie om alle desse menneska som lever slike dårlege liv? Den fylgjande forteljinga frå Sankt Vincent Ferrer vil syne dykk kva de skal tenkje om saka. Han fortel at ein erkediakon i Lyons gav opp vervet sitt og drog seg attende til ein aude stad for å gjere bot, og han døydde på same dag og i same stunda som Sankt Bernard. Etter sin død, openberra han seg for biskopen sin og sa åt han, "Vit, Biskop, at i den same timen som eg døydde, var det og trettitre tusen andre menneske som døydde. Av dette talet fór Bernard og eg til Himmelen utan forsinkingar, tre fór til Skjærselden og alle dei andre hamna i helvetet."

Vår historie fortel oss om ei enno meir forferdeleg hending. Ein av brørne våre, vidkjend for doktrina og heilagdomen sin, forkynte i Tyskland. Han la fram styggedomen av synda ureinskap med slik kraft at ei kvinne fell om død av sorg framfor alle. Då kom ho attende til livet, og sa, "Då eg vart stilt framfor Guds Domstol, var det seksti tusen menneske som kom til same tida frå alle delar av verda; ut av dette antalet var det tre som vart frelste ved å gå til Skjærselden, og alle dei andre vart fordømde." Å avgrunn av Guds domar! Av trettitusen var det berre fem som vart frelste! Og av sekstitusen var det berre tre som kom til Himmelen! De syndarar som høyrer på meg, i kva for kategori kjem du til å verte rekna?...Kva seier du?... Kva trur du?...

Eg kan sjå at mesta kvar ende av dykk bøyer hovudet, fylde av forbausing og gru. Men lat oss leggje vår apati til sides, og istadenfor å smikre oss sjølve, lat oss freiste å finne gagn i frykta vår. Stemmer det ikkje at der er to vegar som leier til Himmelen; uskulda og angeren? Då so, om eg syner dykk at særs få tek nokon av desse to vegane, som rasjonelle menneske kjem de til å konkludere med at særs få vert frelste. Og for å nemne bevis; i kva alder, sysselsettjing eller ståe finn du ikkje at talet på onde ikkje er hundre gonger større enn talet på gode, og du kan seie, "Dei gode er so sjeldne og dei onde er so mange i talet"? Me kan seie om vår eiga samtid det som Salvianus sa om si: Det er enklare å finne ein uteljeleg skare av syndarar innlemma i all slags synder enn det er å finne nokre få uskuldige menn. Kor mange tenarar er heilt ærlege i pliktene sine? Kor mange kjøpmenn er rettvise og rimelege i handelen; kor mange hantverkarar eksakte og sannferdige; kor mange handelsmenn utan eigne interesser og oppriktige? Kor mange av lova sine menn forsakar ikkje rettvisa? Kor mange soldatar trampar ikkje på uskulda; kor mange herrar held ikkje urettvist attende løna åt dei som tener dei, eller søkjer ikkje etter å dominere underståttane sine? Til alle stader er dei gode eit sjeldent syn og dei onde kjem i store tal. Kven er det som ikkje kjenner til at i dag er det so mykje lausskap mellom modne menn, friheit hjå unge jenter, fåfenge hjå kvinner, tøyleslause hjå adelen, korrupsjon i middelklassen, oppløysing mellom folket, uforskammelegheit mellom dei fattige, at ein kan seie som David sa om si eiga tid: "Alle har vandra vekk frå vegen... der er ikkje nokon som er gode, ikkje ein ende."

Gå ut på gater og torg, til palass og hus, til byar og landsbygder, til domstolar og rettshus, og inn i Guds tempel. Kvar finn du dygda? "Akk!" gret Silvanus, "utanom ein særs liten skare som flyktar frå det onde, kva er den Kristne kyrkjelyden om ikkje ei søkkjande bør? Alt me ser til alle stader er egoisme, ambisjonar, frotsing og luksus. Er ikkje den største delen av menneska utskitna av ureinskapsbøra, og har ikkje Sankt Johannes rett når han seier, "Heile verda- om det er det noko so stygt kan kallast- "er sett i ondskap?" Det er ikkje eg som seier dykk dette; fornufta tvingar dykk til å tru at av dei som lever so dårleg, er det særs få som vert frelste.

Men du seier: Kan ikkje bot gagnleg reparere tapet av uskulda? Det er sant, det skal eg innrømme. Men eg veit og at botgjeringar er so vanskeleg å gjennomføre, me har mista denne vana so fullstendig, og den er so voldsomt misbrukt av syndarar, at dette åleine skulle rekke for å overtyge dykk om at særs få vert frelste gjennom denne vegen. Å, kor bratt, smal, tornete, grusom å sjå til og vanskeleg å klatre opp den er! Til alle stader der me ser, er det berre blodspor og ting som gjev oss triste minne. Mange veiknar berre ved synet av han. Mange trekk seg attende allereie i byrjinga. Mange fell midt på vegen grunna at dei vert trøytte, og mange gjev usselt opp ved enden. Og kor få er dei som held ut til døden! Sankt Ambrose seier at det er lettare å finne menn som har halde på uskulda si enn å finne nokon som har gjort høveleg bot.

Dersom de vurderer botssakramentet, tenk på at der er so mange forvrengde skriftemål, so mange studerte orsakingar, so mange løgnaktige angrarar, so mange falske lovnader, so mange målsettjingar som ikkje ber frukt, so mange ugyldige absolusjonar! Skulle du rekne som gyldig skriftemålet åt nokon som skuldar seg sjølv for synder av ureinskap og framleis gjev høve for at det skal hende igjen? Eller nokon som skuldar seg sjølv for tydeleg urettvise handlingar og som ikkje har intensjonen å gjere opp for dette på noko vis? Eller nokon som med det same fell i same synder igjen, rett etter skriftemålet? Å, forferdelege misbruk av eit slikt fantastisk sakrament! Ein sannar for å unngå ekskommunisering, ein annan for å få seg eit rykte som ein angrande person. Ein gjer seg av med synder for å roe ned sin anger, ein annan løyner dei grunna skam. Ein legg fram skulda si ufullstendig av ondskap, ein annan avsløyer henne berre av vane. Ein har ikkje det sanne endemålet åt sakramentet i tanke, ein annan har ikkje den naudsynte sorga, og enno ein annan har ikkje eit fast formål. Stakkars skriftemålarar, kva krefter legg de ikkje ned på å bringe fleirtalet av dei botferdige til dei korrekte avstandstakingane og handlingane, då skriftemålet vert vanhelga utan dette, absolusjonen vert ei fordømming og botgjeringa ein illusjon?

Kvar er dei no, dei som trur at talet på dei som vert frelste av Kristne er større enn dei som vert fordømde og som, for å gje autoritet til si eiga meining, resonerar slik: Majoriteten av Katolske vaksne døyr i sengene sine, vel utrusta med Kyrkja sine sakrament, difor må dei fleste av Katolske vaksne verte frelste? Å, for eit fint resonement! De må seie nett det motsatte. Dei fleste av Katolske vaksne sannar dårleg i dødsstunda, difor vert dei fleste fordømde. Eg seier "enno meir sikkert er dette," då ein døyande person som ikkje har sanna syndene sine vel då han var ved god helse, kjem til å ha endå vanskelegare for å gjere dette når han ligg til sengs med eit nedtyngd hjarte, eit ørt hovude, tåkete tankar; når han møter motstand på mange vis frå framleis levande objekt, frå stadig fornya høve, frå tillempa vanar, og framfor alt frå djevlar som freistar på alle vis å kaste han ned i helvetet. Då so, om du til alle desse falske angrande syndarane legg til alle dei andre syndarane som døyr uventa i synd, grunna lækjarane sin ignorans eller grunna sine eigne slektningar si skuld, som døyr av forgifting eller av å verte gravlagde i jordskjelv, frå eit hjarteinfarkt, frå eit fall, eller på slagfeltet, i ein nevekamp, fanga i ei felle, trefte av lynet, brende eller drukna, vert du ikkje nøydd til å konkludere med at fleirtalet av Kristne vaksne er fordømde? Dette er resonementet åt Sankt Chrysostom. Denne Helgenen seier at dei fleste Kristne går på helvetesvegen heile livet igjennom. Kvifor er du då overraska over at fleirtalet hamnar i helvetet? For å kome til ei dør, må du gå på vegen som fører dertil. Kva har du for svar å gje til denne mektige resoneringa?

Svaret, seier du meg, er at Guds nåde er stor. Ja, for dei som fryktar Han, seier Profeten; men stor er Hans rettvise over dei som ikkje fryktar Han, og ho fordømmer alle stae syndarar.

Då seier du kanskje åt meg: Vel, kven er Paradiset tiltenkt, om ikkje for Kristne? Det er for Kristne, sjølvsagt, men for dei som ikkje vanærar sin eigen karaktær og som lever som Kristne. Dessutan, om du til talet av Kristne vaksne som døyr i Guds nåde, legg til den uteljelege skaren av born som døyr etter dåpen og innan dei når fornuftsalderen, er det ikkje overraskande at Sankt Johannes Apostelen når han talar om dei som vert frelste seier, "Eg såg ein stor skare som ingen mann kan telje."

Og dette er det som forfører dei som latar som om talet på dei som vert frelste av Katolikkar er større enn dei som vert fordømde... Om du til dette talet, legg til dei vaksne som har halde på uskuldskappa, eller som etter å ha skitna henne ut, har vaska henne i botstårar, er det sikkert at fleirtalet vert frelste; og dette forklarar Sankt Johannes sine ord, "Eg såg ein stor skare," og desse andre orda åt Vår Herre, "Mange vil kome frå aust og frå vest, og skal halde gjestebod med Abraham og Isak og Jakob i Himmelriket," og dei andre figurane som vanlegvis vert rekna opp til fordel for dette synet. Men om du talar om vaksne Kristne, so samstemmer både erfaring, fornuft, autoritet, anstendigheit og Skrift i å bevise at dei fleste vert fordømde. Tru ikkje at grunna dette er Paradiset tomt; tvert imot, det er eit særs folkerikt kongerike. Og om dei fordømde er "tallause som sanden i havet," so er dei frelste "so talrike som stjernene på himmelen," det vil seie at både den eine og den andre er tallaus, sjølv om det er i heilt ulike proporsjonar.
Ein dag då Sankt Johannes Chrysostom preika i katedralen i Konstantinopel og tenkte på desse proporsjonane, kunne han ikkje stå seg for å skjelve av gru og spurje, "Ut av denne store kyrkjelyden, kor mange trur de kjem til å verte frelste?" Og, utan å vente på svar, la han til, "Av so mange tusen menneske, finn me at ikkje meir enn hundre vert frelste, og eg tvilar på om det vert hundre ein gong." For ein grusom ting! Denne store Helgenen trudde at av so mange menneske, skulle knappt nok hundre verte frelste; og sjølv då var han ikkje sikker på at taøet vart so stort. Kva vil hende med dykk som høyrer på meg? Mektige Gud, eg kan ikkje tenkje på det utan å skake! Brør, problemet med frelsa er ei vanskeleg sak; for i fylgje domane åt teologane, når ein ende krever store krafttak, er det få som oppnår denne.

Dette er kva Sankt Thomas, den Englelike Doktaren, etter å ha vegd alle resonement for og imot i sin enorme lærdom, til slutt konkluderte med at det store fleirtalet av Katolske vaksne vert fordømde. Han seier, "Då evig sele overgår den naturlege ståa, særskild då ho har vorte frårøva den opphavelege nåden, er det særs få som vert frelste."
Ta då vekk augebindet som forblindar dykk med eigenkjærleik, det som hindrar dykk frå å tru den sjølvsagte sanninga ved å gje dykk falske idear om Guds rettferd. "Rettvise Fader, verda har ikkje kjent Deg," sa Vår Herre Jesus Kristus. Han seier ikkje "Allmektige Fader, so god og full av nåde." Han seier "rettvise Fader," for at me skal skjøna at av alle eigenskapane åt Gud, er det ingen som er mindre kjende enn Hans rettvise, for menneska nektar å tru på det som dei er redde for å utsettjast for. Difor, ta då vekk augebindet som tekkjer for augene dykkar og sei med tårar: No ser eg! Det store fleirtalet av Katolikkar, det store fleirtalet av dei som lever her, kanskje til og med av dei som er samla her, vil verte fordømde! Kva anna sak skulle fortene tårane dykkar meir?

Då Kong Xerxes stod på ein haug og skoda ut over sin armè av hundre tusen soldatar kledde for slag, og tenkte på korleis det om hundre år ikkje skulle vere ein ende att av dei i live, kunne ikkje stå seg for å gråte. Har ikkje me større grunn til å gråte når me tenkjer på at av alle Katolikkar vert dei fleste fordømde? Skulle ikkje denne tanken få elvar av tårar til å renne frå augene våre, eller i det minste få fram i hjarta våre den same kjensla av medynk som ein Augustinarbror, Ven. Marcellus av St. Dominic fekk? Ein dag då han mediterte over dei evige plagene, synte Herren han kor mange sjeler som gjekk til helvetet i den stunda og fekk han til å sjå ein særs brei veg der tjuetotusen fordømde sprang mot avgrunnen, mens dei støytte inn i kvarandre. Guds tenar vart omtåka av synet og utropte. "Å, for ein skare! For ein skare! Og enno fleire kjem. Å Jesus! Å Jesus! For ein galenskap!" Lat meg gjenta med Jeremias, "Kven vil gje vatn til hovudet mitt, og ei fontene av tårar til augene mine? Og eg vil gråte dag og natt for dei som er nedslakta av dottera åt folket mitt."

Stakkars sjeler! Korleis kan de springe so hastig mot helvetet? For miskunna si skuld, stopp og høyr på meg ei lita stund! Enten skjønar de kva som meinast med å verte frelst og fordømd i all eve, eller so gjer de det ikkje. Om de skjønar og på trass av dette bestemmer dykk for å ikkje endre på liva dykkar i dag, gjere eit godt skriftemål og trakke på verda, med eit ord, gjere alt de kan for å verte rekna til den lille skaren av dei som vert frelste, so seier eg dykk at de ikkje har Trua. De har ei betre orsaking om de ikkje skjønar dette, for då må ein seie at de er heilt vitlause. Å verte frelste til eveleg tid, å verte fordømde til eveleg tid, og å ikkje gjere alt ein kan for å unngå det eine og å sikre seg det andre, er heilt ufatteleg.
Guds Godheit!

Kanskje de ikkje trur på dei forferdelege sanningane som eg nett har lært dykk. Men det er dei mest høgakta teologane, dei mest strålande av Fedrane som har tala til dykk gjennom meg. Då so, korleis kan de stå imot argument som er støtta av so mange døme og ord i Skrifta? Om de framleis nølar på trass av alt dette, og om tankane dykkar lutar mot det motsette synet, får ikkje blotte tanken på alt dette dykk til å skake? Å, det syner berre at de ikkje bryr dykk mykje om dykkar eiga frelse! Tenk over denne viktige saka, og tenk på korleis ein mann med vit reagerer, når han får bevis som syner at der er ein aldri so liten risiko for at han skal ruinerast i noko der sjela ikkje er involvert. Ein av brørne våre, den Velsigna Giles, hadde for vane å seie at om berre ein mann kom til å verte fordømd, so skulle han gjere alt han kunne for å forsikre seg om at han ikkje vart den mannen.

So kva må me gjere, me som veit at det store fleirtalet kjem til å verte fordømde, og ikkje berre av alle Katolikkar? Kva må me gjere? Me må bestemme oss for å høyre til den vesle skaren som vert frelste. De seier: Om Kristus vil fordømme meg, kvifor skapa Han meg? Hysj, utemja tunge! Gud skapa ingen for å fordømme dei, men kvar den som vert fordømd, er fordømd fordi han ynskjer å verte det. Difor kjem eg ikkje til å streve for å forsvare Guds godheit og frikjenne henne frå all skuld: det vert temaet i mitt andre poeng.

Innan me held fram, lat oss samle på eine sida alle bøkene og kjettarlærene åt Luther og Calvin, og på den andre sida bøkene og kjettarlærene åt Palagianarane og Semi-Pelagianarane, og lat oss brenne dei. Nokre av dei øydelegg nåde, andre fridom, og alle er overfylde av vranglærer; so lat oss kaste dei inn i elden. All dei fordømde ber på si eiga panne oraklet av profeten Hoseas, "Di fordømming kjem frå deg sjølv," slik at dei skal skjøne at kvar den som vert fordømd, vert fordømd på grunn av sin eigen ondskap og på grunn av at han ynskjer å verte fordømd.

Fyst, lat oss take desse to unektelege sanningane som grogrunn: "Gud ynskjer at alle menneske skal verte frelste," og "Alle treng Guds nåde." Om eg då syner dykk at Gud vil frelse alle menneske, og at det er på grunn av dette Han gjev dei sin nåde og alle andre naudsynte reiskapar for å oppnå denne himmelske enden, so vert de nøydde til å sei dykk einige i at kvar den som vert fordømd må skulde dette på sin eigen ondskap, og at om det store fleirtalet av Kristne er fordømde, er dei det fordi dei vil vere det. "Di fordømming kjem frå deg sjølv, di hjelp er berre i Meg."

Følgere


Vitjarar