TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 29. september 2010

Kven kan ikkje verte Pave?

(Eg vil anbefale alle å lese bloggartikkelen "Korleis kan ein vite at nokon er ein kjettar?" innan dei les denne artikkelen, då dei to artiklane heng ihop.)

I forrige artikkel vart det lagt fram Kyrkjelege bevis for fylgjande lærer:
1) At dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte, og 2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm! 3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen. 4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja...
          Det burde, etter å ha granska dei tidlegare bevisa, vere ein logisk konklusjon for dei som er av god vilje at ein kjettar ikkje kan vere leiar for ei Kyrkje som han ikkje ein gong er ein del av. Eller skulle det vere eit alternativ at Kyrkja kan ha eit overhovude som er adskilt frå lekamen Hennar? Dette er då og ein fordømt proposisjon. Eg freistar difor i punkt 5) å bevise at ein kjettar ikkje på gyldigt vis kan veljast til Pave om so heile kardinalkollegiet var samde om det, og uansett kor lang tid som har gått.

For å tydeleggjere punkt 5 for dykk, dvs. at ein kjettar ikkje kan veljast til Pave og at ein Pave som fell i kjetteri ikkje kan halde fram med å vere Pave, skal eg igjen berre sitere nokre få kjelder som bevisar at ein kjettar ikkje kan veljast til Pave. Grunnen til at han ikkje kan veljast til Pave er at han ikkje utgjer "rett materie", m.a.o. at han ikkje er ein akseptert kandidat på same vis som kvinner, døde, sinnssjuke m.fl. ikkje er mogelege kandidatar. Den Guddommelege lova sanksjonerer ikkje val av fysiskt døde kandidatar, og endå mindre av andeleg døde kandidatar. Med andeleg døde kandidatar meinast sjølvsagt ikkje kandidatar som har ei dødssynd på samvitet, men menneske som på grunn av vantru ikkje lever i den saliggjerande nåden.
          Lat oss no kikke på Pave Pius IV bulla Cum Ex Apostolatus Officio frå 15. februar 1559:
"I tillegg, (av denne Grunnlova Vår, som SKAL HALDE FRAM Å VERE EVIGVARANDE GYLDIG, gjennomfører, fastslår, erklærer og definerar me:) at om det nokon gong til noko tid vil vise seg at ein Biskop, sjølv om han VERKAR som Erkebiskop, Patriark eller Primat; eller ein Kardinal av den ovannemnde Romerske Kyrkja, eller, som allereie har vorte nemnd, eit anna verv, eller TIL OG MED DEN ROMERSKE PAVEN, innan han vert fremja eller opplyfta til Kardinal eller ROMERSK PAVE HAR AVVIKE FRÅ DEN KATOLSKE TRUA ELLER FALLE I KJETTERI AV NOKO SLAG:
(”In addition, [by this Our Constitution, which IS TO REMAIN VALID IN PERPETUITY We enact, determine, decree and define:] that if ever at any time it shall appear that any Bishop, even if he be ACTING as an Archbishop, Patriarch or Primate; or any Cardinal of the aforesaid Roman Church, or, as has already been mentioned, any legate, or EVEN THE ROMAN PONTIFF, prior to his promotion or his elevation as Cardinal or ROMAN PONTIFF HAS DEVIATED FROM THE CATHOLIC FAITH OR FALLEN INTO SOME HERESY: )

(i) skal fremjinga eller opplyftinga, SJØLV OM DET HAR VORE UBESTRIDD OG ETTER DEN SAMSTEMDE GODKJENNINGA FRÅ ALLE KARDINALANE, VERE NULL, INGENTING OG UTAN VERDE:
((i) the promotion or elevation, EVEN IF IT SHALL HAVE BEEN UNCONTESTED AND BY THE UNANIMOUS ASSENT OF ALL THE CARDINALS. SHALL BE NULL, VOID AND WORTHLESS;)

(ii) DET SKAL IKKJE VERE MOGELEG FOR DET Å OPPNÅ LEGITIMITET (OG HELLER IKKJE SKAL DET KUNNE VERTE SAGT OM DETTE AT DET SLIK HAR OPPNÅDD LEGITIMITET) gjennom aksepteringa av embetet, av vigsla, av etterfylgjande autoritet, og heller ikkje gjennom innehav av vervet, heller ikkje gjennom at ein Romersk Pave har annteke truna, ELLER VENERASJON, ELLER LYDNAD GJEVE TIL DENNE AV ALLE, HELLER IKKJE TIL EIT OPPEHALD UANSETT TIDSPERIODE under dei nemnde situasjonane;
((ii) IT SHALL NOT BE POSSIBLE FOR IT TO ACQUIRE VALIDITY (NOR FOR IT TO BE SAID THAT IT HAS THUS AQUIRED VALIDITY) through the acceptance of the office, of consecration, of subsequent authority, nor through possession of administration, nor through the putative enthronement of a Roman Pontiff, OR VENERATION, OR OBEDIENCE ACCORDED TO SUCH BY ALL, NOR TO THE LAPSE OF ANY PERIOD OF TIME in the forgoing situation; )

(iii) det skal ikkje verte halde som delvis legitimt på nokon måte;
((iii) it shall not be held as partially legitimate in any way; )

(iv) til einkvan som vert fremja for å vere Biskop, eller Erkebiskop, eller Patriark, eller Primat eller opplyfta som Kardinal eller som Romersk Pave, SKAL INGEN AUTORITET HA VORTE GJEVE, og heller ikkje skal ein vurdere at det har vorte gjeve, verken i det andelege eller det timelege domene;
((iv) to any so promoted to be Bishops, or Archbishops, or Patriarchs, or Primates or elevated as Cardinals, or as Roman Pontiff, NO AUTHORITY SHALL HAVE BEEN GRANTED, nor shall it be considered to have been so granted either in the spiritual or the temporal domain;)

(v) KVAR ENDE OG ALLE DESSE ORDA, GJERNINGANE, HANDLINGANE OG GJENNOMFØRINGANE, UANSETT KORLEIS UTØVD, og uansett kva det skulle vere som får det til å kome opp, SKAL VERE UTAN KRAFT OG SKAL IKKJE SKAPE NOKON STABILITET OG HELLER IKKJE NOKO RETT TIL NOKON;
((v) EACH AND ALL OF THEIR WORDS, DEEDS, ACTIONS AND ENACTMENTS, HOWSOEVER MADE, and anything whatsoever to which these may give rise, SHALL BE WITHOUT FORCE AND SHALL GRANT NO STABILITY WHATSOEVER NOR ANY RIGHT TO ANYONE;)

(iv) DEI SOM PÅ SLIKT VIS HAR VORTE FREMJA ELLER OPPLYFTA SKAL VERTE FRÅTEKE AUTOMATISK, OG UTAN AT DET ER NAUDSYNT MED EI SÆRSKILD DEKLARERING, ALL VYRDNAD, POSISJON, ÆRA, TITTEL, AUTORITET, EMBETE OG KRAFT."
((vi) THOSE THUS PROMOTED OR ELEVATED SHALL BE DEPRIVED AUTOMATICALLY, AND WITHOUT NEED FOR ANY FURTHER DECLARATION, OF ALL DIGNITY, POSITION, HONOUR, TITLE, AUTHORITY, OFFICE AND POWER.”)

Fleire bevis på at ein kjettar ikkje kan veljast til Pave, skulle det igrunn ikkje vere naudsynt å kome med. For om ein ikkje skulle akseptere denne deklarasjonen, ein ufeilbar deklarasjon (les: den ENGELSKE versjonen er forresten ei offisiell oversettjing, ikkje den på norsk), so fornektar ein Kyrkja si offisielle lære. Uansett kva ein sjølv skulle tykkje og tenkje, so er det dette Pave Paul IV si bulle Cum Ex Apostolatus Officio seier, det er dette Kyrka seier og som eg har sitert ovanfor.
            Argumentet at Ratzinger skulle vere Pave berre fordi alle kardinalane og "kyrkja" er samde i saka, held ikkje mål med tanke på dokumentet me nett har lese. Som Pave Pius IV so fint sa det skulle utveljinga av ein slik pave "VERE NULL, INGENTING OG UTAN VERDE", når det syner seg at han var ein kjettar innan han vart opplyft til "pontifikatet." Det eksisterar dessutan ikkje eit ende dokument som seier at pavestolen ikkje kan vere vakant/ledig lenger enn dei 3,5 åra som det har vore tidlegare i historia, og som skulle bevise at dei som trur at pavestolen har vore ledig lengre enn, sei 4 år, er de facto kjettarar. Lat meg endå ein gong sitere Pave Pius IV med hans eigne ord: "DET SKAL IKKJE VERE MOGELEG FOR DET Å OPPNÅ LEGITIMITET (OG HELLER IKKJE SKAL DET KUNNE VERTE SAGT OM DETTE AT DET SLIK HAR OPPNÅDD LEGITIMITET)... HELLER IKKJE TIL EIT OPPEHALD UANSETT TIDSPERIODE"

Her ser me altso kva Cum Ex Apostolatus Officio seier om tid. Det spelar ikkje noko rolle kor lang tid det går, eller kor mange det er som aksepterar ein kjettar som pave- han vert ikkje meir pave berre fordi det har gått 50 år. Eller vågar nokon å kalle Pave Pius IV for ein kjettar for at han meiner at ein sedevakans kan vare i 50, 500, 5000 år om Gud vil det slik? Historia syner og at over 50 år med vakans ikkje er eit umogeleg senarium, for sjølve Bibelen vittnar om det. Fangenskapet i Babylon vara då i 70 år. Eit fangenskap som etterlet seg eit nedrive tempel og ein periode då Israel gjekk utan ein øvsteprest. Den Gamle Pakta sitt presteskap, som sjølvsagt er eit bilete på fullkomne Kristne presteskapet, opphøyrde ikkje å eksistere og Guds lovnader til Moses vart ikkje ugyldigforklara på grunn av denne vakansen.  
              Argumentet at me som lekmenn ikkje har autoritet til å exkommunisere nokon, stemmer sjølvsagt. Men me har evnen til å kunne identifisere at nokon ikkje er Katolikk. Det er sjølvsagt det sistnemnde me gjer, og hadde dei som slik argumenterar imot sedevakans vore konsekvente, so hadde dei aldri kunne "misjonere" for t.d. protestantar som dei ofte gjer. Kvifor? Jau, av den enkle grunnen at dei då ikkje kan identifisere ikkje-katolikkar utan ein deklarasjon, eit Kyrkjeleg dokument, som gjeld nett den personen. For kva er det Kyrkja lærer? Jau, at alle spedbarn som vert døypte på korrekt vis vert medlemmar av den Katolske Kyrkja. (Dette gjeld til dømes dei fleste barnedåp i den norske lutherske kyrkja.) Dette medlemskapet opphøyrer ikkje å eksistere før desse borna har nått utskiljingsevna sin alder og aksepterer ei vranglære som enten går imot ei Katolsk grunnleggjande dogm, eller ei vranglære som utelukkar ei grunnleggjande Katolsk dogm. Når dei gjer noko av dette fell dei ipso facto (automatisk) utanfor Kyrkja. Dette treng dei ingen deklarasjon for å gjere. Dei fleste i vårt samfunn, vel 90% har vorte døypte som spedborn på korrekt vis. Hadde dei då døydd som spedborn, hadde dei kome direkte inn i Himmelriket. I dåpen vart dei medlemmar i den evig saliggjerande Katolske Kyrkja. Men når og kvar har det vorte deklarert at dei har mista medlemskapet sitt? Kvar kan du t.d finne eit dokument som seier at "biskop" Rose-Mari Köhn er ein apostat, og at ho vert fordømt ved namn gjennom å fornekte eit mannleg presteskap, at frelse kjem gjennom tru og gjerningar eller at homofili er ei synd? Der er ingen slike dokument, for det er ikkje mogeleg for Kyrkja å gå igjennom kvar ende apostat og forklare at dei er utanfor Kyrkja. Men likevel vågar visse å hevde at slike dokument er naudsynte, og dei kan difor heller ikkje kunne seie at Rose-Mari Köhn ikkje er Katolikk, då der ikkje er noko dekret som har klargjort dette for dei. Om ein skulle vere konsekvent, skulle ein då heller ikkje kunne seie at Madonna, som no omfemner kabbalah, ikkje lenger er Katolikk, ettersom ho ikkje har vorte forklara utanfor Kyrkja. Dette er ein fullstendig absurd posisjon, ettersom det visst er mogeleg å identifisere at nokon er "utruande." Dette er og ein posisjon som hånar den apostoliske truvedkjenninga, som er dei grunnleggjande dogmene alle Katolikkar må kjenne til og tru på for å i det heile kunne hevde å vere Kristne. Ein kan då ikkje vere Katolikk og samstundes vere ignorant om desse dogmene. Lat meg igjen sitere Pave Paul IV: "DEI SOM PÅ SLIKT VIS HAR VORTE FREMJA (dvs. kjettarar) ELLER OPPLYFTA SKAL VERTE FRÅTEKE AUTOMATISK, OG UTAN AT DET ER NAUDSYNT MED EI SÆRSKILD DEKLARERING, ALL VYRDNAD, POSISJON, ÆRA, TITTEL, AUTORITET, EMBETE OG KRAFT."
                 Automatisk, og utan at det er naudsynt med ei særskild deklarering betyr nett det- at det ikkje er naudsynt med ei særskild deklarering. Menneske kan verte exkommuniserte på to vis, både ferendae sentiae og laetae sentiae, altso både med og utan deklarasjon.

Den som er av god vilje, og som framleis heng med i svingane, kan altso lite på fleire ting. Lat meg summere innhaldet i dei 2 bloggartiklane me no har lese, og kva me no har bevist..1) At dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte, og 2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm! 3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen. 4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja. 5) Ein kjettar kan ikkje gyldig veljast til Pave, sjølv om so heile kardinalkollegiet er samde om det og uansett kor lang tid det har gått.

torsdag 23. september 2010

Korleis kan ein vite om nokon er ein kjettar?

(Dette blogginnlegget og dei 4 andre som kjem etterpå er baserte på og oversett frå ein svensk debatt mellom sedevakantistar og medlemmar av novus ordo. Mykje har eg oversett direkte frå ei kjelde som førebels ynskjer å vere anonym. Eg har redigert vekk ein del og lagt til visse kommentarar, men har altso ikkje sjølv forfatta alt dette.)

No er det slik at me som Katolikkar og sedevacantistar ikkje trur at det II Vatikankonsiliumet var eit Katolsk Kyrkjemøte og at dei som har utgjeve seg for å vere Pavar frå slutten av 1950-talet og framover, ikkje er legitime Pavar, utan anti-pavar og kjettarar som har grunna ein ny religion som har brote heilt med Katolsk Tradisjon og Lære. Når ein skal presentere og diskutere med andre om dette faktisk er ein rimeleg og rett konklusjon, må ein fyst leggje ein felles grunn for kva begrep som "dogmer" og "kjettar" er i den Katolske Kyrkja. Kva er det Kyrkja lærer og alltid har lært i saka? Og korleis kan eg som lekperson uttale meg? For dette treng me både ei forklaring og Kyrkjelege bevis.
                Lat meg byrje med å prate om DOGMER (eller doktriner). Dette er kort og godt noko ang. tru og moral som den Katolske Kyrkja har definert til ein trusartikkel. Det er t.d. ei Katolsk dogm at Maria Møy hadde ein lytelaus avlelse og slik var ho utan synd. Då dette er ei dogm, er alle Katolikkar bundne til å tru på denne læra. Dersom einkvan fornektar denne dogma og seier at Maria Møy var ei vanleg kvinne med arvesynd, har denne brote med ei Katolsk dogm og vert rekna som ein kjettar so lengje som han nektar å endre synspunkt. Kjetteri (eller heresi) er noko forferdeleg, og so lengje som ein hardnakka ignorerar det sanne Pavar har lært dogmatisk, so har ein ikkje noko von om å verte frelst. Til og med II Vatikankonsilium-sekta (for dei som skulle tykkje at dette er noko viktig) pratar om straff ved brot av dogmer og fordømmer slike menneske:

Den "Kanoniske Lova" frå 1983. CCL Can. 1371: "Dei fylgjande skal straffast med ei rettvis straff: 1¤ ein person som, bortsett frå saka som vert nemnd i can. 1364 § 1, LÆRER EI DOKTRINE SOM ER FORDØMT AV PAVEN, ELLER AV EIT ØKUMENISK KONSILIUM..." No har Vatikan II-sekta heilt forvridde oppfattningar om korleis sjølve prosedyra går til, men eit prinsipp har dei bevara, nemleg at om nokon lærer ut ei doktrine som har vorte fordømt av enten ein Pave eller eit Konsilium fortener ei straff. Denne moderne, kjetterske kanoniske lova er ei heil historie i seg sjølv, men der er ein tradisjonell setning midt i alle dei kjetterske omtolkningane som du og finn i den ovannemnde kanonen 1364 § 1: "EIN APOSTAT FRÅ TRUA, EIN KJETTAR ELLER EIN SKISMATIKAR PÅDREG SEG EI LATAE SENTIAE EXKOMMUNISERING (utestengjing frå Kyrkja)." Dei har sjølvsagt trolla vekk orda "..og ipso facto (automatisk) fell utanfor Kyrkja." frå den Kanoniske Lova i 1917, men midt i lygna har dei altso bevara ein liten del av sanninga. Poenget her er ikkje å argumentere imot VII-sekta si kjetterske "kanoniske lov", men heller å understreke at dei som bekjenner seg å vere tilhengjarar av Novus Ordo/Vatikan II og er pålagde å fylgje denne kanonen, og då desse orda:

Kanon 1391: "Dei fylgjande kan verte straffa med ei rettvis straff, etter kor alvorleg brotet er:
1- EIN PERSON SOM KOMPONERER EIT FALSKT OFFENTLEG KYRKJELEG DOKUMENT, ELLER SOM ENDRAR PÅ ELLER GØYMER VEKK EIT GENUINT, ELLER SOM NYTTAR EIT FALSKT ELLER FORANDRA DOKUMENT.
3- EIN PERSON SOM, I EIT OFFENTLEG KYRKJELEG DOKUMENT, SEIER NOKO USANT.

I fylgje Novus Ordo si eiga "kanoniske lov" er medlemmane altso pålagde i fylgje Kanon 1391 og 1391.3 å ikkje gøyme vekk, forvanske, endre eller å lese inn noko usant i Kyrkjelege dokument. Kanon 1371 legg til at ein ikkje skal lære noko som går imot det som har vorte fordømt av tidlegare Pavar og Økumeniske Konsilium. Denne plikta er det viktig å ha i minne når me no går vidare i saka..
                  Korleis ein skal forstå dogmer vart tydeleggjort den 18.juli 1870 under Vatikankonsiliumet session 4.13-14:
1. For dokrtina om trua som Gud har openberra vert lagd fram
- IKKJE som ei filosofisk oppdaging SOM KAN PERFEKSJONERAST av menneskeleg intelligens,
- men som GUDOMMELEG INNEHALD gjeve til Kristi brud for å verte TRUFAST BESKYTTA og ufeilbarleg framhalde.
(1. For the doctrine of the faith which God has revealed is put forward
 NOT as some philosophical discovery CAPABLE OF BEING PERFECTED by human intelligence,
- but as a DIVINE DEPOSIT committed to the spouse of Christ to be FAIHTFULLY PROTECTED and infallibly promulgated.)

2. Vidare er det og, at BETYDELSEN AV DEI HEILAGE DOGMENE skal verte bevara slik som dei EIN GONG VART ERKLÆRTE av den heilage Moderkyrkja, og der må aldri finnast ei overgjeving/forkasting av denne forståinga under påskotet eller i namnet åt ei djupare forståing.
(2. Hence, too, that MEANING OF THE SACRED DOGMAS is ever to be maintained which has ONCE BEEN DECLARED by holy mother church, and there must never be any abandonment of this sense under the pretext or in the name of a more profound understanding.)

Kanon 3 frå same Konsilium fordømmer fylgjande påstand: Det er mogeleg at ein gong i tida, etter at kunnskapen har vokse, at det kan kome ei ny forståing av dogmene som Kyrkja har halde fram, som er ulik frå det som Kyrkja har forstått og forstår: Lat han vere ANATHEMA.
("It is possible that at some time, given the advancement of knowledge, a sense may be assigned to the dogmas propounded by the church which is different from that which the church has understood and understands: let him be ANATHEMA.")

Kyrkja seier altso i Kanon 3 at det er forbode å endre på Kyrkjelege dogmer med tida, sjølv om det kjem "ny kunnskap og forståing." Kvar me enn støyter på ei definert dogm, uansett om ho vart promulgert år 137 eller år 1854, so er me altso pålagde å akseptere den definisjonen som dogma deklarerast med. Dette er kva den Katolske Kyrkja lærer. Dogmer er absolutte og utviklast ikkje. No har me altso gjort det tydeleg for dykk at dogmer MÅ AKSEPTERAST sslik som dei ein gong vart definerte, uansett om dei har vorte definerte direkte av ein Pave eller ved eit Konsilium. Det neste spørsmålet er då kva som vert konsekvensane av å ope fornekte ei dogm? Kva har konsekvensane vore av å falle i kjetteri/heresi?
               Pave Eugenius IV faststillte dette EX CATHEDRA i bulla Cantate Domino frå 1441: "Ho (Kyrkja) tek og fordømmer, avviser, anathemiserar og ERKLÆRER AT DEI ER UTANFOR KRISTI LEKAM, SOM ER KYRKJA, KVAR OG EIN SOM HELD SYN SOM GÅR I MOT ELLER KONTRASTERAR HENNE."
(”Therefore it (Kyrkan) condemns, rejects, anathematizes and DECLARES TO BE OUTSIDE THE BODY OF CHRIST, WHICH IS THE CHURCH, WHOEVER HOLDS OPPOSING OR CONTRARY VIEWS”.)

Det er altso de fide for ein Katolikk å sjå på dei som motseier Kyrkja i trusspørsmål som UTANFOR KRISTI KROPP, KYRKJA. Legg merke til at både dei som held på eit motsatt standpunkt og dei som går imot Kyrkja sitt standpunkt er utanfor Kyrkja. Lat meg illustrere dette for dykk. Du er ikkje Katolikk når du direkte motsetter deg Kyrkja si tru på Kristus som Gud, men du er heller ikkje Katolikk når du aksepterer eit syn som skulle utelukkar Kyrkja sitt standpunkt, t.d. om du meinte at ingen kan vere fullt Gud og fullt menneske samtidig. For å bevise at Joseph Ratzinger er ein kjettar treng eg difor berre å leggje fram bevis at han bryt mot eit av desse prinsippa, dvs. at han enten forkastar ei grunnleggjande dogm, eller held fast på noko som utelukkar den Katolske dogma. Lat meg igjen illustrere dette for dykk. Når eg skal bevise at Ratzinger t.d. fornektar Den Høgheilage Treeinigheita, so kan eg enten argumentere ut ifrå at Ratzinger spesifikt i opposisjon mot dogma held fast på at Gud ikkje er tre personar, eller at han alternativt til dømes held fast på at det finnst fleire "gudar." Dette sistnemnde skulle då utelukka ein Allmektig Gud og dermed og Treeinigheita. Denne sistnemnde dogma vart bekrefta med kraft i Pave Leo XIII si encykliga Satis Cognitum frå 29.juni 1896:
             "Kyrkja sin praksis har alltid vore den same, som det vert synt av den einstemmige læra frå Fedrane, som rekna for å vere utanfor den Katolske einskapen, OG FRAMANDE FOR KYRKJA, KVAR OG EIN SOM VIK VEKK I DEN MINSTE GRAD FRÅ EIT ENDE PUNKT AV DOKTRINE FRAMLAGT AV HENNAR AUTORITÆRE MAGISTERIUM."
(”The practice of the Church has always been the same, as is shown by the unanimous teaching of the Fathers, who were wont to hold as outside Catholic communion, AND ALIEN TO THE CHURCH, WHOEVER WOULD RECEDE IN THE LEAST DEGREE FROM ANY POINT OF DOCTRINE PROPOSED BY HER AUTHORITATIVE MAGISTERIUM”.)

Enno ein gong vert det stadfesta at den Katolske Kyrkja alltid har sett på dei som vik vekk I DEN MINSTE GRAD frå Hennar autoritære Magisterium som framande for Henne. Summa summarum, kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja og er ein ikkje ein del av Kyrkja, so kan ein heller ikkje vere Hennar overhovud/Pave. Eller er det nokon som framleis vil hevde, i opposisjon mot dei dogmene, at dette skulle vere tilfellet, nemleg at kjettarar kan vere ikkje berre ein del av Kyrkja, men og Hennar høgste leiar? Spørsmålet som kjem no er om de trur at ein kjettar er av Kyrkja, og ein del av Kyrkja? Ei hevding som ikkje berre har vorte fordømt av dei ovanfor nemnde sitata, men og i fleire Konsilium. Om de trur at Kyrkja er av kjettarar, dvs. at kjettarar er ein del av Kristi mystiske Lekam, då er de og kjettarar for dette eine synet åleine.

Me har no definert via Kyrkjelege bevis at 1) dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte, og 2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm! 3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen. 4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja... Skal ein sette seg inn i om ein har sedevacans og anti-pavar i Roma i dag eller ikkje, so må ein fyst stå på desse grunnane. Elles vart all anna undersøking av saka totalt meiningslaus. Trur ein ikkje på Kyrkja sine uforandrande dogmer kan ein heller ikkje seie at nokon er ein kjettar, eller at han ikkje er det.

tirsdag 21. september 2010

Sola Scriptura! -Argumenta som ikkje held mål.

(Svara er basert på argument av Joel Peters. Nokre av bøkene hans kan bestillast på http://www.tanbooks.com/, og eg har og nokre ekseplar av ei bok om Skrifta åleine på engelsk heime, som eg kan sende gratis til dei som er interesserte, berre dei emailar meg namn og adresse.)
Fyste argument: Trua på at Skrifta er "sjølvgodkjennande" held ikkje mål når ein undersøkjer saka!

Då protestantar ikkje har eit tilfredsstillande svar på korleis Bibelkanonen vart faststillt og godkjent(bestemmelsen om kva bøker som skulle vere med i Bibelen), er det mange som argumenterar for at Bibelen er "sjølvgodkjennande." Det ein då meinar er at Bibelbøkene sjølve vittnar om at dei er inspirerte av Gud. Hovudproblemet med slike utsegn er at berre ei ytleg undersøking av Kyrkjehistoria vil syne at dette er heilt usant.
             Ta til dømes fleire av dei Nytestamentlege bøkene- Jakob, Judas, 2 Peter, 2 Johannes, 3 Johannes og Openberringsboka- der var stor usemje ganske lengje ang. om desse bøkene hadde kanonisk status eller ikkje. Dei var aksepterte på visse stader, men samstundes på andre stader vart dei ikkje aksepterte. Sjølv andelege kjempar som St.Athanasius (297-373), St.Jerome (ca.342-420) og St.Augustinus (354-430) hadde sjølve sett opp lister av Nytestamentlege bøker som vittna om kva som generelt sett vart rekna som inspirert Skrift for deira tid og i deira område. Problemet var at ingen av desse listene samsvara heilt med den Nytestamentlege kanon som til sist vart identifisert av den Katolske Kyrkja på slutten av 300-talet, og som er idenisk med kanonen Katolikkar har i dag.
              Om Skriftene faktisk var sjølvgodkjennande, kvifor var det då so mykje usemje og usikkerheit ikring dei einskilde bøkene? Kvifor var der usemjer i det heile teke? Kvifor vart det ikkje bestemt mykje tidlegare dersom desse bøkene påståeleg var so lette å identifisere? Svaret som ein fylgjeleg må akseptere er ganske enkelt at desse bøkene ikkje er sjølvgodkjennande i det heile.
               Det som er enno meir interessant er at fleire av Bibelbøkene ikkje sjølve identifiserar sin eigen forfattar. Ideén om sjølvgodkjenning- om det var sant- kunne kanskje vere lettare å tru på om kvar ende Bibelske forfattar identifiserte seg sjølv, då det slik hadde vorte mykje lettare å undersøke forfattarens legitimasjon, i og for seg, eller i det minste å faststille kven det var som hevda å tale på Gud sine vegne. Men ang. dette let Bibelen oss ved fleire høve vere uvitande. Ta t.d. Matteus Evangeliet: Teksten indikerar ikkje på ein ende plass at det var Matteus, ein av dei tolv Apostlane, som forfatta det. Me står difor att med to alternativ for å finne ut det sanne forfattarskapet: 1) Det Tradisjonen seier, og 2) Bibelsk vitenskap. I båe høva er kjelda for faststillinga ei utanom-Bibelsk kjelde og skulle difor fordømmast av dokrtina Sola Scriptura (Skrifta åleine.)
                No skulle kanskje visse protestantar hevde at det er uviktig å vite om det faktisk var St. Matteus som skreiv dette Evangeliet eller ikkje, ettersom frelsa vår ikkje heng på kunnskapen om kven det var som skreiv boka. Men dette er eit problematisk argument. Det protestanten i so fall seier, er at samstundes som eit autentisk Evangelium er Guds Ord, og er reiskapen som ein person kjem til frelsande kjennskap om Kristus gjennom, so har personen ikkje noko mogelegheit for å vite heilt sikkert om Matteus Evangeliet har eit Apostolisk opphav eller ikkje. Han kan difor heller ikkje vere heilt sikker på om det er autentisk (at det er Guds Ord) eller ikkje. Og om ein kan stille spørsmål ved dette Evangeliet sin autentisitet, so kvifor skal det vere med i Bibelen? Og om dette Evangeliet er autentisk, korleis kan ein då vite dette heilt sikkert når Matteus ikkje sjølv identifiserar seg i teksten? Ein kan berre konkludere med at Bibelen ikkje er sjølvgodkjennande.
                   Protestanten freistar kanskje då å falle attende på Bibelens eiga forsikring om at det er inspirert Skrift, gjennom å sitere passager som 2 Timoteus 3:16- "All skrift er inspirert, og oppbyggjeleg.." Men å hevde å vere inspirert er ikkje i seg sjølv ein garanti for inspirasjon. Berre tenk på at skriva til Mary Baker Eddy, stiftaren av Kristen Scientologisekta, og hevdar å vere inspirerte. Skriva til Joseph Smith, stiftaren av Mormonsekta, hevdar og å vere inspirert skrift. Dette er berre to av mange døme på skrift som sjølv hevdar å vere inspirert, og syner at kva som helst slags skrifter kan hevde kva som helst. Det er difor sjølvsagt at dersom ein skal vite med sikkerheit at ei skrift verkeleg er inspirert, treng me meir enn berre ei hevding frå skrifta sjølv om at ho er det. Garantien om inspirasjon må komme frå ei påliteleg kjelde utanfor sjølve skrifta. Når det gjeld Bibelen, må garantien komme frå ei utanfor-Bibelsk kjelde. Men utanforståande kjelder er ekskluderte av doktrina Sola Scriptura.   

Andre argument: Bibelen var ikkje tilgjengeleg for den einskilde Truande før på 1400-talet!

Noko som er essensielt for doktrina om Sola Scriptura er tanken at den Heilage Ande vil opplyse kvar og ein som trur slik at dei får ei korrekt forståing av ein given Bibelpassage. Denne tanken forutset at kvar ende truande har ein Bibel eller i det minste tilgong til ein Bibel. Problematikken med ei slik antagning er at Bibelen ikkje vart mogeleg å masseprodusere eller klar til å distribuere til den einskilde før oppkome av trykkpressa på 1400-talet. Sjølv då skulle det ha teke ganske lang tid før store lager av Biblar kunne trykkjast og delast ut til dei almenne innbyggjarane.
               Resultatet som kjem av denne tanken er at millionvis på millionvis av Kristne som levde innan 1400-talet skulle ha vore att utan ein endeleg autoritet, ja, skulle ha vore etterlete til å vingle andeleg, utan at dei då tilfeldigvis fekk tilgong til ein handkopiert Bibel. Sjølv ut ifrå reint menneskeleg vit skulle slike tilhøve gjere Gud til ein ganske ondsinna Gud, ettersom Han hadde vald å openberre fullendinga av all Sanning om Hans Ord og om Kristus til menneskeslekta, gjennom eit informasjonsmiddel som berre vart gjort tilgjengeleg for dei fleste fyst 1500 år etterpå.
               På den andre sida, veit me at Gud ikkje er ondsinna i det heile, men at Han har synt oss grenselaus kjærleik. Det er då difor Han ikkje let oss vere att i myrkre. Han sende oss Sin Son for å vise oss vegen i tru og gjerning, og denne Sonen etablerte ei Kyrkje for å halde fram desse lærene gjennom forkynninga for både dei lærde og dei ulærde. "So kjem då trua av å høyre; og å høyre av Kristi Ord." (Rom 10:17). Kristus gav og garantien til si Kyrkje at Han alltid skulle vere med Henne, og aldri tillate at Ho fall i vranglære. Gud har difor ikkje overgjeve Sitt folk, ved å gjere dei avhengige av trykkpressa for å kunne komme til den frelsande kunnskapen om Guds Son. I staden gav Han oss ein Guddommeleg grunnlagt, ufeilbar lærar, den Katolske Kyrkja, for å forsyne oss med alt me treng for å verte informerte om dei Gode Nyhendingane om Evangeliet- og for å verte korrekt informerte.

Tredje argument: Doktrina om "sola scriptura" eksisterte ikkje innan 1300-talet:

Sjølv om det kan vere særs vanskeleg for visse å innsjå, so kom ikkje denne fundamentale protestantiske læra til før på 1300-talet og vart ikkje spreidd rundt ikring i større skala før på 1500-talet- då hadde det gått ei lang, lang tid etter Kristus og Apostlane Hans. Dette enkle faktum vert praktisk nok berre oversett og ignorert av protestantar, men det kan stå åleine som grunn nok til å forkaste læra om Sola scriptura. Sanninga er at læra om Sola scriptura ikkje eksisterte før John Wycliffe (ein føregangar til protestantismen) på 1300-talet, og vart ikkje spreidd ikjring i større skala før Martin Luther dukka opp på 1500-talet og byrja å formulere sine eigne "menneskelege tradisjonar" i staden for autentisk Kristen lære. Doktrina manglar både historisk kontiunitet, som er kjenneteiknet på legitim Apostolisk lære, og denne nye doktrina representerer dessutan ei brå endring, eit radikalt brot med den Kristne fortida.
              Protestantar forsikrar då om at Bibelen sjølv lærer Sola scriptura (Bibelen åleine), og at doktrina difor har røtene sine hjå Jesus Kristus. Men som me har sett tidlegare, lærer ikkje Bibelen dette. Hevdinga av at Bibelen lærer noko slikt er ingenting anna enn eit oppatteke forsøk på å grave fram bevis for ei ny lære i gamle Skrifter. (Nett som feministar freistar å finne feministisk ideologi i tekstar som stammar frå tider der feminisme ikkje var eit ideal eller ikkje eksisterte ein gong.) Undersøkinga av historisk kontiunitet (eller mangelen på det same) gjev oss ein indikasjon på om ei særskild lære oppkom med Jesus Kristus og Apostlane eller om den oppkom ved eit mykje seinare tidspunkt. Faktum er at det historiske rekneskapet for læra om Sola scriptura er heilt stille og ikkje til stades i ei ende kjelde innan 1300-talet.

mandag 20. september 2010

2 vanlege spørsmål om Katolisismen! Svara på av Paul Whitcomb.

Spørsmål 1: Kvifor trur Katolikkar at Apostelen Peter var den fyste Paven, når ordet "Pave" ikkje står i Bibelen? Kvar ifrå får Paven autoritet til å styre den Katolske Kyrkja? 
              Det stemmer at ordet "Pave" ikkje står i Bibelen- men det gjer heller ikkje orda "Treeinig", "Inkarnasjon", "Kristi Himmelferd", eller ordet "Bibel." Men alle desse orda vert nemnde med andre namn i Bibelen. Bibelen vert t.d. omtala som "Skrift". Paven, som tyder hovudbiskop over Kyrkja, vert omtala som Kyrkja si "klippe", eller som Kyrkja sin "hyrding." Herren brukte denne terminologien då han valde ut Apostelen Peter som den fyste hovudbiskopen over Kyrkja si, då Han sa: "Velsigna er du, Simon, Bar-Jona...Du er Peter og på denne klippa vil eg byggje mi Kyrkje."(Matt 16:17-19). "Der skal vere ein flokk og ein hyrding."(Joh 10:16). "Fø mine lam.. fø mine sauer." (Joh 21:15-17). Orda "klippe" og "hyrding" er nøydde å referere til Peter, og dei veljer tydeleg ut han som Leiarapostel, elles skulle desse Kristi Ord som er so tydelege vere meiningslause. Det er og tydeleg at dei andre Apostlane forstod at Peter hadde fått autoritet av Kristus til å leie Kyrkja, for dei let han ha den styrande rolla kvar gong dei samla seg til Kyrkjemøte (Apg 1:15, 5:1-10), og dei plasserte alltid Peter sitt namn fyst når dei lista opp Apostlane. (Matt 10:2, Mark 3:16, Luk 6:13-14, Apg 1:13).
               I tillegg til dette har me vittnesbyrda frå Kyrkjefedrane. På 100-talet skreiv St. Hegessipus ei liste av Pavar fram til Anicetus (den 11.Paven) si tid, og denne lista hadde Apostelen Peter som fyste Pave. Tidleg på 200-talet skreiv historikaren Caius at Pave Victor var "den 13. Biskop av Roma frå Peter." På midten av 200-talet skreiv St. Cyprianus at Cornelius (den 21. Paven) "steig inn i den høgste topposisjonen av presteskapet... plassen Peter hadde." Sjølv protestantiske historikarar har vedkjent at Peter hadde rolla som Biskop av Roma, fyste Pave i den Katolske Kyrkja. Den høgt akta protestantiske historikaren Cave skreiv i Historia Literaria: "At Peter var i Roma, og hadde Biskopsleiinga der i ei tid, noko me med beven vedkjenner saman med den gamle skare." Det er difor tydelege kjelder som talar om autoriteten Paven hadde til å styre over den Katolske Kyrkja: ein autoritet som han fekk av ingen annan enn Jesus Kristus- av Gud sjølv.

Spørsmål 2: Kvifor trur Katolikkar at Paven er ufeilbar i sine lærer, då han berre er eit menneske, med eit avgrensa menneskeleg intellekt slik som oss andre? Kvar er det Bibelske grunnlaget for denne trua?
                  Doktrina om Paveleg Ufeilbarheit betyr ikkje at Paven alltid har rett i alle sine personlege lærer. Katolikkar er fullt klar over at sjølv om Paven er ein lærd mann, so er han framleis berre eit menneske, og difor kan han og gjere menneskelege feil. I somme emne, som sport eller handel, treng han ikkje ha betre dømekraft enn oss andre. Nei, denne doktrina handlar om at Paven er Guddommeleg verna frå å ta feil når han, handlande i sitt offisielle embete som leiande hyrding for den Katolske flokken, promulgerar ein bestemmelse som er bindande for samvitet til alle Katolikkar i heile verda. Med andre ord, denne ufeilbarheita er avgrensa til Pavens spesialitet- Trua på Jesus Kristus.
               For at Paven skal vere ufeilbar i eit utsegn, må dessutan fire høve vere på plass: 1) han må tale ex cathedra.. det betyr, "frå Petri Stol", eller med andre ord, offisielt, som leiar for heile Kyrkja; 2) bestemmelsen må gjelde for heile Kyrkja; 3) det må gjelde ei sak om tru og moral; 4) det må vere Paven sin intensjon å fastsette ein bestemmelse ang ei lære om tru og moral, som skal gjelde alle dei trufaste. Denne læra må dessutan være tolkande, ikkje ein heilt ny idé; for Paven har ikkje autoritet til å komme på nye doktriner. (Han kan t.d. ikkje etter at Kyrkja har lært at Gud er Treeinig, plutseleg bestemme at Gud er "fireinig.") Han er ikkje opphavet til openberring- berre forvarar og erklærar. Han har ikkje makt til å endre på eit ende ord av Skrifta, eller til å endre på eit ende punktum i den Heilage Tradisjonen. Denne ufeilbarheita er strengt avgrensa til oppgåva å tolke doktriner, og ho vert heller ikkje nytta ofte. Ho vert nytta for å klargjere, eller for å definere eit punkt i den eldgamle, Kristne Tradisjonen. Det er om denne ufeilbarheita at Kristus tala då Han sa til Peter, den fyste Paven: "Eg vil gje deg nøklane til Himmelriket. Alt det som du bind på jorda skal og verte bunde i Himmelen. (Matt 16:19). Kristus skulle sjølvsagt ikkje ha formana dei som fylgde Han om å "høyre Kyrkja" (Matt 18:17) utan å fyst sikre at det dei høyrde var sanninga- utan å på eit eller anna vis gjere læresætet i Kyrkja hans ufeilbart.
                For å forstå den Pavelege ufeilbarheita betre, er det og noko anna ein må forstå: Det som Paven bestemmer ex cathedra er ikkje eit resultat av hans eigne private forhandlingar, Det er resultatet av mange år- nokre gonger mange hundre år- av rådføring med andre Biskopar og teologar i Kyrkja. Han er, reint praktisk, den som med røysta legg fram det heile Kyrkja trur. Ufeilbarheita han har, er ikkje noko som berre er eit privat legat, men heller eit legat av den heile Kristi Mystiske Lekam. Det er eit faktum at Paven sine hender er bundne når det gjeld å endre på Kristen doktrine. Ingen Pave har nokon gong nytta ufeilbarheita til å endre, leggje til, eller til å ta vekk ei ende Kristen doktrine; (Då reknar eg sjølvsagt ikkje med det II Vatikan Konsiliet, for sjølv om dei har både endra, lagt til og tekje vekk uhorveleg mykje, so er dei heller IKKJE DEN KATOLSKE KYRKJA, utan ei røvarsekt og antikyrkje som berre utgjer seg for å vere den Katolske Kyrkja..) dette er fordi Vår Herre lova å alltid vere med Si Kyrkje so lengje verda står. (Matt 28:20). Protestantiske forsamlingar lærte ein gong i tida at all bruk av prevensjonsmiddel var ei stor synd; men sidan 1930, då den Engelske "kyrkja" og Lambeth Konferansen bestemde at prevensjonsmiddel ikkje lenger var ei synd, spreidde det seg fort til resten av verda, og i dag er det allmenn akseptert blant protestantar at denne menneskelege bestemmelsen må vere rett, og difor har dei alle endra på læra si.

lørdag 18. september 2010

Kyrkja kom innan det Nye Testamentet! Del 2 av 2

 
4) Men no seier de kanskje, "Kva var då poenget med å skrive Evangelia og Epistlane i det heile tatt? Var det ikkje Gud som inspirerte dei til å skrive dei? Foraktar og underdriver du ikkje betydelsen av Guds Ord?" Nei, ikkje i det heile tatt, me berre set det på sin rette plass, den plassen som Gud meinte at det skulle ha. Eg vil dessutan gjerne leggje til at den Katolske Kyrkja er den ende lekamen i desse dagar, som lærer ufeilbart at Bibelen, i sin heilskap, ER Guds Ord, og som forvarar at den er inspirert, og som avviser og exkommuniserar kvar ende ein som vågar seg til å stille spørsmål om Bibelens Gudommelege opphav og autoritet.
          Eg har sagt det før og eg seier det igjen; at dei separate bøkene i Nye Testamentet fekk sine oppkome for å møte særskilde krav, som svar på særskilde behov, og var ikkje då og heller ikkje no, absolutt naudsynte verken for forkynninga eller for kontiuniteten av Kristi Evangelium.
           Det er lett å sjå korleis Evangeliet gjekk framover. So lengje som Apostlane framleis levde, var der ikkje eit slikt pressande behov for nedskrivne referat av Herrens ord og gjerningar. Men då tida var inne for desse å forlate dette jordelivet, vart det meir naudsynt at ei korrekt, autoritær, påliteleg kjelde frå dei som personleg hadde kjend og kunne vittne om Vår Herres liv, eller som i det minste hadde ein posisjon av fystehands informasjon, vart att. Verda trong ukorruptert informasjon om dette. Og dette vart enno meir naudsynt etter kvart som det dukka opp og vart distribuert rundt feilaktig, utro, reint av falske Evangelium, som var iskaldt kalkulerte for å latterleggjere og skape så mykje skade som berre mogeleg på Vår Herre og hans karaktær og gjerning. St. Lukas gjer det heilt klart at det var på grunn av dette problemet at han byrja å skrive sitt Evangelium- "Mange har alt freista å skriva opp det som hende hjå oss." (Luk 1:1) Han held fram med å fortelje at han har informasjonen sin frå augevittne, at han har granska alt vel frå fyrst av, og har sett seg føre å skriva det opp i samanheng for at ein skal kunne ha eit påliteleg og korrekt vittnesbyrd om Kristi liv. Difor skreiv St. Matteus, St. Markus, St. Lukas og St. Johannes ned Evangelia for Kyrkja sitt bruk, og den eine utfyller ofte det den andre har utelete, utan at nokon av dei hevdar at dei har fått med absolutt alt som Jesus sa og gjorde, for om nokon hadde freista å gjere dette, fortel St, Johannes oss at: "Heile verda skulle ikkje kunne rumme dei bøkene som då måtte skrivast." Evangelia er difor ukomplette, ja berre fragment, sjølv om dei gjev oss dei viktigaste tinga me treng å vite om det jordiske livet til Vår Frelsar. Men framleis fortel dei oss ikkje alt som var å vite, eller mykje som me idag faktisk veit og skjønar betre gjennom den Katolske Kyrkja si lære, som har bevara tradisjonar som har vorte vidareført frå tida som Apostlane levde og frå generasjon til generasjon etter dette. Desse Evangelia vart lese, som dei og vert lese av Katolikkar i dag, på samlingane av Kristne i urkyrkja på Sundagar- ikkje for å male fram eit skjema av doktriner som dei allereie kjende til, men for å gje dei styrke, for å auke kjærleiken og truskapen deira til Jesus Kristus, og for å oppmane dei til å etterfylgje den høgt elska Mesteren sitt døme då Hans ord og gjerningar vart opplese høgt for øyrene deira.
                Det som eg har sagt om Evangelia er like sant om Epistlane, som gjer opp for nestan alt anna som er att av det Nye Testamentet. Dei fekk sitt oppkome til ulike tider for å møte pressande behov og ståe. Dei var adresserte til einskilde individ og grupper på ulike stader, og ikkje til heile Katolske Kyrkja på ein gong. Forfattarane hadde ikkje ein gong i tanken at desse breva skulle samlast til ei utgåve og gjort til ein komplett og "alt du treng å vite" oppslagsbok for Kristen tru og moral.
              Korleis kom dei til å eksistere? På denne naturlege og enkle måten: St. Peter, St. Paulus og dei andre reiste ut til ulike land, forkynte Evangeliet, konverterte tusenvis, grunnla Kyrkjer på kvar plass, vigde prestar til å styre over Kyrkjene, og ved visse høve biskopar (som t.d.Timoteus i Efesus). No var det slik at desse prestane og konvertittane fekk mange høve der dei vart nøydde til å spurje sine andelege fedrar og stiftarar om råd, som St. Paulus eller St. Jakob, særskild når det gjelde spørsmål om doktriner og skikkar, eller om moral; for me treng ikkje å innbille oss at på dette tidspunktet, då Kyrkja var i spedbarnsstadiet, at alt stod so klart for alle og var so vel formulert som det er i dag. Det var sjølvsagt den same Trua då som alltid, men der var likevel saker der desse nykristna var takksame for å kunne konsultere Apostlane, dei som hadde vorte utsende med Jesu Kristi salving ferskt på seg. Det var berre dei som kunne sette fast dogmer, ritual, styre og utførelse. Det er på grunn av dette at St. Paulus skriv til Efesarane (dei han hadde omvendt i Efesus), eller til Korintarane (dei han hadde omvendt i Korint), eller til Filipparane (dei han hadde omvendt i Filippia), og slik held det fram. (14 Epistlar alt i alt). Og kvifor? Enten som svar på kommunikasjon han hadde hatt med dei, eller fordi han hadde høyrt frå andre kjelder at det var noko som gjekk for seg som krevde rettelse på desse plassane. All slags emne er tekje opp i desse breva, ofte med ein særs kvardagsleg stil. Det var gjerne for å gje råd til konvertittane, for å formane dei når dei gjorde feil, for å oppmuntre eller for å instruere dei. Det var og for å forsvare seg imot falske anklager. Det kunne og vere, som i brevet til Filemon, eit brev om ein privatperson som Onesimus, slaven.  
             Men uansett kva Epistlane handla om, er det klårt som middagssola at dei vart skrive til einskilde tider, for å møte einskilde behov som oppstod naturleg i tida som misjonsverksemda stod på, og at verken St. Paulus eller dei andre Apostlane tenkte at desse breva skulle representere og forme all teologi og lære om Kristen frelse, på same vis som Pave Pius X ikkje tenkte at hans Dekret mot Modernistar, eller hans Brev om Heilaggjeringa hjå dei Prestevigde skulle representere alt ein treng å vite. Det heile verkar å bevise seg sjølv. Eit døme er då Leo XIII skreiv til den skotske Biskopen om Heilag Skrift, eller Pius X skreiv til den Eukaristiske Kongressen i London om det Heilage Sakramentet, og då han skreiv sitt "Decree on Frequent Communion" eller kvar gong ein Biskop sender ut eit brev der han fordømmer løynde foreiningar, eller sender ut eit pastoralt brev ang. dei nye ekteskapslovene- skal me då seie at desse dokumenta var meinte å lære ut den heile og fulle frelsningsvegen til alle menneske? At dei påstår seg å innehalde heile den Katolske truvedkjenninga? Ein treng berre å stille spørsmålet for å sjå kor absurd det høyrest ut. Men ein kan stille nett same spørsmål når det gjeld St. Paulus sine Epistlar. Visst er det sant, han var ein Apostel, og difor var han inspirert, og breva han skreiv er det skrivne Guds Ord, noko som gjer at dei har endeleg og bestemmande autoritet på dei emna dei handlar om, dersom dei vert tolka rett..Men dette endrar ikkje det faktum at dei ikkje nokon stad hevdar å innehalde den heile Kristne sanninga, eller å vere ein fullstendig guide til frelse for alle. Breva utgår ifrå at lesarane som dei er adresserte til, allereie har kunnskap om den Kristne Trua; dei er då skrivne til dei som trudde, ikkje til dei som ikkje trudde. Med andre ord; Kyrkja eksisterte og hadde sitt virke innan breva vart skrive, og Ho ville ha halde fram å ha sitt virke sjølv om dei aldri skulle ha vorte skrive i det heile. Breva som vart skrive av St. Paulus (som me her nemner berre som eit utdrag av alle) vert daterte frå år 52 e.Kr. til år 68 e.Kr; Jesus Kristus for opp til Himmelen, og etterlet ei Kyrkje som skulle evangelisere for verda, år 33 e.Kr. Me kan og sei med sikkerheit at dei kjeldene der me skal ha minst forventningar om å finne ei komplett oppsummering av Kristen doktrine, er i dei Nytestamentlege Epistlane.
                Der er ikkje noko grunn til å dra ut emnet mykje lengre. Eg tykkjer at eg har gjort det ganske klart for dykk korleis dei ulike Nytestamentlege bøkene fekk sitt oppkome. Og gjennom å forklare dette har me ikkje på nokon måte undervurdert Guds skrivne Ord, eller plassert det i ein kategori som er under det Skrifta fortenar. Me berre syner kva for posisjon det var meint å ha i den Kristne Kyrkja sitt fellesskap. Det var skrive av Kyrkja, av medlemmar (Apostlar og Evangelistar) i Kyrkja, Skrifta tilhøyrer Kyrkja, og det er difor Hennar verv å forklare kva Skrifta er. Dei Heilage Skriftene er til for å instruere, for meditasjon, for andeleg lesning, for oppmuntring, for andakt, og tener og som bevis og vittnesbyrd for Kyrkja sine lærer og Guddomelege autoritet; men som fullstendig og einsam guide til Himmelriket, rett i handa på kvar og ein av oss- detta var ikkje og skulle aldri verte bruket med Skrifta.
                 Bibelen i Kyrkja; Kyrkja innan Bibelen- Kyrkja som skaparen og tolkaren av Bibelen- dette er korrekt. Bibelen over Kyrkja; Bibelen uavhengig av Kyrkja; Bibelen, og berre Bibelen som den Kristne Religionen- dette er feil. Den eine er den Katolske posisjonen, den andre er den protestantiske posisjonen.

onsdag 15. september 2010

Adoremus!

Det svenske, tradisjonelle Katolske bladet "Adoremus" har fått nye redaktørar. I samband med dette ville eg berre tipse om at ein kan melde interesse for å få fyste utgåve av bladet gratis heim i postkassen, utan at ein bind seg for eit abonnement. Elles ligg eit årsabonnement på vel 150 kr og kvar utgåve på vel 30 kr. Alt du treng å gjere for å få fyste gratisnummer er å sende namn og adresse til
adoremus.magazine@gmail.com  (Dersom denne adressa ikkje fungerar enno, kan ein og emaile meg, so kan eg vidaresende mailen. )
Bladet skal få eit noko meir apologetisk preg. Dei fleste artiklar kjem til å vere på svensk, men med ein eller to artiklar på engelsk i kvar utgåve.
God lesning.

Kyrkja kom innan det Nye Testamentet! Del 1 av 2

(Henta frå boka "Where we got the Bible" av Henry G. Graham i 1911.
Eg har nokre ekstra kopiar av denne boka heime, og dei som er særskild interesserte i å lese boka på engelsk, kan emaile meg ei postadresse, so skal dei få boka gratis av meg. Boka kan og bestillast på http://www.tanbooks.com/)

1)..No hugsar de sikkert at eg har sagt at nett som det var med det Gamle Testamentet, so vart heller ikkje det Nye Testamentet skrive ned alt på ein gong, eller av ein mann, men at det gjekk minst 40 år frå den fyste boka vart skrive til den siste boka vart skrive. Det Nye Testamentet er bygd opp av dei fire Evangelia, 14 Epistlar av St. Paulus, to av St. Peter, ein av St. Jakob, ein av St. Judas, tre av St. Johannes som og skreiv Johannes Openberring og Apostelgjerningane som St. Lukas skreiv og som dessutan skreiv det tredje Evangeliet. Me har difor i denne boksamlinga verk av minst 8 ulike forfattarar; og frå året då den fyste boka vart skrive (mest sannsynleg Matteus Evangeliet) og fram til året då St. Johannes skreiv sitt Evangelium, gjekk det omlag eit halvt århundre. So vidt me veit, skreiv ikkje Vår Herre Jesus Kristus noko sjølv- iallefall ikkje noko som har vorte bevara. Han ba heller aldri Apostlane om å skrive noko. Han påla dei ikkje å skrive ned alt det som Han gav dei: Men Han sa, "Gå de og lær alle nasjonar," "forkynn Evangeliet til kvar skapning," "Den som høyrer dykk, høyrer Meg." Det Han meinte og befalte dei å gjere var nett det som Han sjølv hadde gjort, nemleg å gje Guds Ord til menneska ved hjelp av den levande tale- å overtyde, bevise, instruere og omvende dei gjennom å forkynne for dei andlet til andlet, til levande menn og kvinner; ikkje å overgje denne bodskapen til ei død bok som kanskje skulle forsvinne eller verte øydelagd, og verte misforstått og mistolka og korruptert, men tiltrudd ein tryggare og meir naturleg veg å presentere sanninga på for verda, gjennom munnleg forkynning og gjennom opplæring av andre til å gjere det same etter at dei sjølve var vekke. Slik, gjennom ein levande Tradisjon vart Guds Ord bevart og gjeve vidare ettersom dei tok imot det, til alle generasjonar.
2) Og dette vart, noko som er sant og visst, metoden som Apostlane adopterte. Berre fem av dei tolv skreiv ned noko i det heile, som har vorte bevara ned til denne dag; og av dette vart ikkje eit ende pennedrag gjort før minst 10 år etter Kristi død, for Jesus Kristus vart krossfesta i år 33 e.Kr., og den fyste av dei Nytestamentlege bøkene vart ikkje nedskrive før omlag år 45 e.Kr. Ser du kva som kjem her? Kyrkja og Trua eksisterte før Bibelen; det verkar som eit elementært og enkelt faktum som ingen kan fornekte eller nokon gong har fornekta. Tusenvis av menneske vart Kristne gjennom Apostlane si verksemd og Kristi misjonærar i ulike land, og dei trudde på den heile Gudssanninga som me trur på henne no, og dei vart Helgenar, lengje innan dei fekk sjå eller lese, og innan det i det heile var mogeleg å sjå eller lese ein ende setning frå den Inspirerte Skrifta av det Nye Testamentet, av den enkle grunnen at det enno ikkje eksisterte slike Skrifter. Korleis vart dei so Kristne? På same vis, sjølvsagt, som heidningar vert Katolikkar idag; gjennom å høyre Guds sanning frå lippene til Kristne misjonærar.
            Då dei 12 Apostlane samla seg i Jerusalem og delte opp verda som dei kjende henne seg imellom, for å nå desse områda med Evangeliebodskapen, fekk kvar Apostel tildelt eit område. (St.Thomas fekk t.d. India), og dei andre fekk andre område. Korleis freista dei å evangelisere for desse menneska? Hadde dei tenkt å gje kvar og ein av dei eit Nytestamente? Noko slikt eksisterte ikkje, og me kan sei med sikkerheit, dette vart ikkje tenkt på eingong. Kvifor lova Vår Herre dei Den Heilage Ande sine gåver og befalte dei å vere "vittne" om Han? Og kvifor, dessutan, kom den Heilage Ande ned over dei 12, og gav dei krafta til å tale på ulike språk? Kvifor, om det ikkje var for at dei skulle kunne "forkynne Evangeliet til kvar ende skapning" på det tungemålet som kvar skapning hadde.
3.) Eg har sagt at Apostlane fyst aldri tenkte på å skrive det Nye Testamentet; og det gjorde dei heller ikkje. Dei Nytestamentlege bøkene vart produserte og bore fram under særskilde ståe som oppstod, ja, dei vart skrive for å imøtegå særskilde krav og krisar som dukka opp. Ingenting var lenger vekke frå Apostlane og Evangelistane sine tankar enn idèen om å forfatte verk som skulle samlast og formast til ei heilag bokskrift som skulle representere Kristendomen. Me kan berre sjå for oss korleis St.Paulus skulle ha måpa i forundring om han hadde fått vite at dei Epistlane han skreiv, saman med Epistlane til St. Peter og St. Johannes og dei andre skulle verte samanbunde og opplyfte til ein posisjon av fullstendig og uttømmande utsegn av Kristen doktrine. At kvar og ein skulle få ein kopi av skriva i handa som ei enkel og ufeilbar rettesnor i tru og moral, uavhengig av nokon levande læreinstans til å tolke dei. Ingen skulle ha vorte meir sjokkert over denne tanken; at Paulus skriv skulle røve vekk ein autoritativ lærar, Kyrkja, enn den kjende Apostelen som sjølv sa:  "Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord." Faktum er at ingen kjend religion har spreidd seg mellom menneska på anna vis enn ved munnleg forkynning, og særskild alt som gjelde den naturlege og andelege posisjonen til Apostlane på eine kanten, og til jødane på andre kanten, som båe var imot utbreiinga av Kristendomen gjennom skriftlege referat. 
            Det jødiske foket var ikkje vane til det, og heidningane skulle ikkje ha forstått det. Sjølv protestantiske forfattarar av "høgste rang" vert tvinga til å innrømme at den levande læra til Kyrkja var naudsynt og den metoden som vart vald av Jesus Kristus for spreiinga av Hans Evangelium, og at bestemmelsen om å skrive alt ned var ei seinare utvikling som var underordna Kyrkja. Dr. Westcott, biskop av Durham, den høgste autoriteten i den Anglikanske "kyrkja", og som er ansett av alle som ein høgt lærd i Bibelkanonen, sa (The Bible in the Church-s.53 og framover): "Om ein skal verdsette den Apostoliske tidsalderen i sin essensielle karakter, vert det naudsynt å forkaste alle idéar om eit samla NyTestamente, men og i stor grad idéane som har oppkome om at der skulle vere fleire gupperingar av skrifter som dei er forfatta ut ifrå. Det fyste arbeidet som Apostlane utførte, og som alle funksjonane deira vaks ut ifrå, var å bere fram med levande ord personlege vittnesbyrd om kjerna i Evangeliet. Gjerningane, Døden og Oppstoda til Vår Herre. Det var berre etter ei lang tid og under innflytelse av yttre faktorar, at dei skreiv ned vittnesbyrdet eller delar av det. Deira fyste kall var å forkynne. Det faktum at dei starta ein kontinuerleg misjon for alle tidsaldrar, som fekk i oppgåve å bevare og føre vidare den glade bodskapen, ikkje forma etter eigne idéar som dei fekk og ikkje etter befaling frå ein annan instans, men etter den mystiske krafta som dei hadde motteke...Den gjentatte erfaringa frå mange tidsaldrar, har synt oss at å ha eit permanent referat av Hans ord og gjerningar, tilgjengeleg for alle, ikkje er naudsynt for at den Lekamlege Kyrkja skal leve og halde fram på ein rein og sunn veg." og igjen: "Når Apostlane tala, hevda dei at dei hadde Gudommeleg autoritet, men dei hevdar aldri at dei har eit nedskrive system av Kristen Doktrine. Evangelium og Epistlar, med unntak av St. Johannes skrifter, vart kalla fram av særskilde ståe. Der er ikkje eit ende spor av utforma samband mellom dei separate skriva, utanom mellom Lukas Evangeliet og Apostelgjerningane (og av St. Lukas), og heller ingen spor av ein yttre einskap eller fullføring av ein samla Kanon. Tvert imot, er det ikkje usannsynleg at fleire av St. Paulus Epistlar har gått tapt. Og sjølv om det er eit faktum at dei bøkene som er att passar ihop og utgjer ei perfekt form, so har ikkje denne fullendinga oppstått pga eit redigeringssamarbeid mellom forfattarane, men etter viljen hjå Han som gav dei kraft til å skrive og forme.
           For ei kontrast desse klare orda frå ein lærd mann utgjer, til den vanlege villfarelsen som verkar å ha gripe tak i so mange sinn- at Bibelen, fullstendig og samanbunden, ramla ned frå Himmelen etter Pinsedagen; eller, i det minste, at dei 12 Apostlane sette seg ned i lag i eit rom, pennar i hendene, og skreiv ned mens dei sat der alle dei Nytestamentlege bøkene! Og lat meg kort sitere, for å underbygge poenget eg vil ha fram, at det Nye Testamentet aldri kunne ha vore tenkt som den ende reiskapen til frelsa. "Det hadde gått ei betydeleg stund etter Kristi Himmelferd" (skriv den protestantiske forfattaren av Helps to the study of the Bible s.2), "før ei ende av bøkene som hamna i det Nye Testamentet faktisk vart skrive. Den fremste og viktigaste oppgåve til Apostlane var å overgje eit personleg vittnesbyrd om dei viktigaste faktorane av Evangeliet si historie. Deira lære var fyst og framst munnleg, og dei hadde ikkje som intensjon å forfatte ein permanent litteratur." Dette ser eg på som verdifulle innrømmelsar..

forts..

Følgere


Vitjarar