(Dette blogginnlegget og dei 4 andre som kjem etterpå er baserte på og oversett frå ein svensk debatt mellom sedevakantistar og medlemmar av novus ordo. Mykje har eg oversett direkte frå ei kjelde som førebels ynskjer å vere anonym. Eg har redigert vekk ein del og lagt til visse kommentarar, men har altso ikkje sjølv forfatta alt dette.)
No er det slik at me som Katolikkar og sedevacantistar ikkje trur at det II Vatikankonsiliumet var eit Katolsk Kyrkjemøte og at dei som har utgjeve seg for å vere Pavar frå slutten av 1950-talet og framover, ikkje er legitime Pavar, utan anti-pavar og kjettarar som har grunna ein ny religion som har brote heilt med Katolsk Tradisjon og Lære. Når ein skal presentere og diskutere med andre om dette faktisk er ein rimeleg og rett konklusjon, må ein fyst leggje ein felles grunn for kva begrep som "dogmer" og "kjettar" er i den Katolske Kyrkja. Kva er det Kyrkja lærer og alltid har lært i saka? Og korleis kan eg som lekperson uttale meg? For dette treng me både ei forklaring og Kyrkjelege bevis.
Lat meg byrje med å prate om DOGMER (eller doktriner). Dette er kort og godt noko ang. tru og moral som den Katolske Kyrkja har definert til ein trusartikkel. Det er t.d. ei Katolsk dogm at Maria Møy hadde ein lytelaus avlelse og slik var ho utan synd. Då dette er ei dogm, er alle Katolikkar bundne til å tru på denne læra. Dersom einkvan fornektar denne dogma og seier at Maria Møy var ei vanleg kvinne med arvesynd, har denne brote med ei Katolsk dogm og vert rekna som ein kjettar so lengje som han nektar å endre synspunkt. Kjetteri (eller heresi) er noko forferdeleg, og so lengje som ein hardnakka ignorerar det sanne Pavar har lært dogmatisk, so har ein ikkje noko von om å verte frelst. Til og med II Vatikankonsilium-sekta (for dei som skulle tykkje at dette er noko viktig) pratar om straff ved brot av dogmer og fordømmer slike menneske:
Den "Kanoniske Lova" frå 1983. CCL Can. 1371: "Dei fylgjande skal straffast med ei rettvis straff: 1¤ ein person som, bortsett frå saka som vert nemnd i can. 1364 § 1, LÆRER EI DOKTRINE SOM ER FORDØMT AV PAVEN, ELLER AV EIT ØKUMENISK KONSILIUM..." No har Vatikan II-sekta heilt forvridde oppfattningar om korleis sjølve prosedyra går til, men eit prinsipp har dei bevara, nemleg at om nokon lærer ut ei doktrine som har vorte fordømt av enten ein Pave eller eit Konsilium fortener ei straff. Denne moderne, kjetterske kanoniske lova er ei heil historie i seg sjølv, men der er ein tradisjonell setning midt i alle dei kjetterske omtolkningane som du og finn i den ovannemnde kanonen 1364 § 1: "EIN APOSTAT FRÅ TRUA, EIN KJETTAR ELLER EIN SKISMATIKAR PÅDREG SEG EI LATAE SENTIAE EXKOMMUNISERING (utestengjing frå Kyrkja)." Dei har sjølvsagt trolla vekk orda "..og ipso facto (automatisk) fell utanfor Kyrkja." frå den Kanoniske Lova i 1917, men midt i lygna har dei altso bevara ein liten del av sanninga. Poenget her er ikkje å argumentere imot VII-sekta si kjetterske "kanoniske lov", men heller å understreke at dei som bekjenner seg å vere tilhengjarar av Novus Ordo/Vatikan II og er pålagde å fylgje denne kanonen, og då desse orda:
Kanon 1391: "Dei fylgjande kan verte straffa med ei rettvis straff, etter kor alvorleg brotet er:
1- EIN PERSON SOM KOMPONERER EIT FALSKT OFFENTLEG KYRKJELEG DOKUMENT, ELLER SOM ENDRAR PÅ ELLER GØYMER VEKK EIT GENUINT, ELLER SOM NYTTAR EIT FALSKT ELLER FORANDRA DOKUMENT.
3- EIN PERSON SOM, I EIT OFFENTLEG KYRKJELEG DOKUMENT, SEIER NOKO USANT.
I fylgje Novus Ordo si eiga "kanoniske lov" er medlemmane altso pålagde i fylgje Kanon 1391 og 1391.3 å ikkje gøyme vekk, forvanske, endre eller å lese inn noko usant i Kyrkjelege dokument. Kanon 1371 legg til at ein ikkje skal lære noko som går imot det som har vorte fordømt av tidlegare Pavar og Økumeniske Konsilium. Denne plikta er det viktig å ha i minne når me no går vidare i saka..
Korleis ein skal forstå dogmer vart tydeleggjort den 18.juli 1870 under Vatikankonsiliumet session 4.13-14:
1. For dokrtina om trua som Gud har openberra vert lagd fram
- IKKJE som ei filosofisk oppdaging SOM KAN PERFEKSJONERAST av menneskeleg intelligens,
- men som GUDOMMELEG INNEHALD gjeve til Kristi brud for å verte TRUFAST BESKYTTA og ufeilbarleg framhalde.
(1. For the doctrine of the faith which God has revealed is put forward
NOT as some philosophical discovery CAPABLE OF BEING PERFECTED by human intelligence,
- but as a DIVINE DEPOSIT committed to the spouse of Christ to be FAIHTFULLY PROTECTED and infallibly promulgated.)
2. Vidare er det og, at BETYDELSEN AV DEI HEILAGE DOGMENE skal verte bevara slik som dei EIN GONG VART ERKLÆRTE av den heilage Moderkyrkja, og der må aldri finnast ei overgjeving/forkasting av denne forståinga under påskotet eller i namnet åt ei djupare forståing.
(2. Hence, too, that MEANING OF THE SACRED DOGMAS is ever to be maintained which has ONCE BEEN DECLARED by holy mother church, and there must never be any abandonment of this sense under the pretext or in the name of a more profound understanding.)
Kanon 3 frå same Konsilium fordømmer fylgjande påstand: Det er mogeleg at ein gong i tida, etter at kunnskapen har vokse, at det kan kome ei ny forståing av dogmene som Kyrkja har halde fram, som er ulik frå det som Kyrkja har forstått og forstår: Lat han vere ANATHEMA.
("It is possible that at some time, given the advancement of knowledge, a sense may be assigned to the dogmas propounded by the church which is different from that which the church has understood and understands: let him be ANATHEMA.")
Kyrkja seier altso i Kanon 3 at det er forbode å endre på Kyrkjelege dogmer med tida, sjølv om det kjem "ny kunnskap og forståing." Kvar me enn støyter på ei definert dogm, uansett om ho vart promulgert år 137 eller år 1854, so er me altso pålagde å akseptere den definisjonen som dogma deklarerast med. Dette er kva den Katolske Kyrkja lærer. Dogmer er absolutte og utviklast ikkje. No har me altso gjort det tydeleg for dykk at dogmer MÅ AKSEPTERAST sslik som dei ein gong vart definerte, uansett om dei har vorte definerte direkte av ein Pave eller ved eit Konsilium. Det neste spørsmålet er då kva som vert konsekvensane av å ope fornekte ei dogm? Kva har konsekvensane vore av å falle i kjetteri/heresi?
Pave Eugenius IV faststillte dette EX CATHEDRA i bulla Cantate Domino frå 1441: "Ho (Kyrkja) tek og fordømmer, avviser, anathemiserar og ERKLÆRER AT DEI ER UTANFOR KRISTI LEKAM, SOM ER KYRKJA, KVAR OG EIN SOM HELD SYN SOM GÅR I MOT ELLER KONTRASTERAR HENNE."
(”Therefore it (Kyrkan) condemns, rejects, anathematizes and DECLARES TO BE OUTSIDE THE BODY OF CHRIST, WHICH IS THE CHURCH, WHOEVER HOLDS OPPOSING OR CONTRARY VIEWS”.)
Det er altso de fide for ein Katolikk å sjå på dei som motseier Kyrkja i trusspørsmål som UTANFOR KRISTI KROPP, KYRKJA. Legg merke til at både dei som held på eit motsatt standpunkt og dei som går imot Kyrkja sitt standpunkt er utanfor Kyrkja. Lat meg illustrere dette for dykk. Du er ikkje Katolikk når du direkte motsetter deg Kyrkja si tru på Kristus som Gud, men du er heller ikkje Katolikk når du aksepterer eit syn som skulle utelukkar Kyrkja sitt standpunkt, t.d. om du meinte at ingen kan vere fullt Gud og fullt menneske samtidig. For å bevise at Joseph Ratzinger er ein kjettar treng eg difor berre å leggje fram bevis at han bryt mot eit av desse prinsippa, dvs. at han enten forkastar ei grunnleggjande dogm, eller held fast på noko som utelukkar den Katolske dogma. Lat meg igjen illustrere dette for dykk. Når eg skal bevise at Ratzinger t.d. fornektar Den Høgheilage Treeinigheita, so kan eg enten argumentere ut ifrå at Ratzinger spesifikt i opposisjon mot dogma held fast på at Gud ikkje er tre personar, eller at han alternativt til dømes held fast på at det finnst fleire "gudar." Dette sistnemnde skulle då utelukka ein Allmektig Gud og dermed og Treeinigheita. Denne sistnemnde dogma vart bekrefta med kraft i Pave Leo XIII si encykliga Satis Cognitum frå 29.juni 1896:
"Kyrkja sin praksis har alltid vore den same, som det vert synt av den einstemmige læra frå Fedrane, som rekna for å vere utanfor den Katolske einskapen, OG FRAMANDE FOR KYRKJA, KVAR OG EIN SOM VIK VEKK I DEN MINSTE GRAD FRÅ EIT ENDE PUNKT AV DOKTRINE FRAMLAGT AV HENNAR AUTORITÆRE MAGISTERIUM."
(”The practice of the Church has always been the same, as is shown by the unanimous teaching of the Fathers, who were wont to hold as outside Catholic communion, AND ALIEN TO THE CHURCH, WHOEVER WOULD RECEDE IN THE LEAST DEGREE FROM ANY POINT OF DOCTRINE PROPOSED BY HER AUTHORITATIVE MAGISTERIUM”.)
Enno ein gong vert det stadfesta at den Katolske Kyrkja alltid har sett på dei som vik vekk I DEN MINSTE GRAD frå Hennar autoritære Magisterium som framande for Henne. Summa summarum, kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja og er ein ikkje ein del av Kyrkja, so kan ein heller ikkje vere Hennar overhovud/Pave. Eller er det nokon som framleis vil hevde, i opposisjon mot dei dogmene, at dette skulle vere tilfellet, nemleg at kjettarar kan vere ikkje berre ein del av Kyrkja, men og Hennar høgste leiar? Spørsmålet som kjem no er om de trur at ein kjettar er av Kyrkja, og ein del av Kyrkja? Ei hevding som ikkje berre har vorte fordømt av dei ovanfor nemnde sitata, men og i fleire Konsilium. Om de trur at Kyrkja er av kjettarar, dvs. at kjettarar er ein del av Kristi mystiske Lekam, då er de og kjettarar for dette eine synet åleine.
Me har no definert via Kyrkjelege bevis at 1) dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte, og 2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm! 3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen. 4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja... Skal ein sette seg inn i om ein har sedevacans og anti-pavar i Roma i dag eller ikkje, so må ein fyst stå på desse grunnane. Elles vart all anna undersøking av saka totalt meiningslaus. Trur ein ikkje på Kyrkja sine uforandrande dogmer kan ein heller ikkje seie at nokon er ein kjettar, eller at han ikkje er det.
TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!
Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.
Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.
I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.
Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.
Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.
I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.
Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.
Artiklar i bloggarkivet
-
▼
2010
(68)
-
▼
september
(9)
- Kven kan ikkje verte Pave?
- Korleis kan ein vite om nokon er ein kjettar?
- Sola Scriptura! -Argumenta som ikkje held mål.
- 2 vanlege spørsmål om Katolisismen! Svara på av Pa...
- Kyrkja kom innan det Nye Testamentet! Del 2 av 2
- Adoremus!
- Kyrkja kom innan det Nye Testamentet! Del 1 av 2
- St. Denis del 2/2, henta frå "Dei gyldne legendane...
- St Denis- del 1/2, henta frå "Dei gyldne legendane...
-
▼
september
(9)
torsdag 23. september 2010
Korleis kan ein vite om nokon er ein kjettar?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Unnskyld et spørsmål som kanskje er dumt: Men hvis du er en sedevacantist, er du ikke også da en skismatiker og dermed kjetter?
SvarSlettEg forstår korleis du tenkjer. Hadde Ratzinger verkeleg vore Pave, berre ein "dårleg" ein, so hadde det vore mi plikt å fylgje han, og hadde eg ikkje gjort det hadde eg vore ein skismatikar. SSPX, som trur at han er Pave og likevel går sin egen veg vert difor skismatikarar. Men eg veit at Ratzinger ikkje er meir Katolikk (eller Pave) enn det RosMari Köhn er det. Eg pliktar difor som Katolikk å ta avstand ifrå han og ikkje fylgje han, eller den nye religionen som novus ordo har starta. Den Katolske Kyrkja sluttar ikkje å eksistere kvar gong det vert ein periode av sedevacans, t.d. kvar gong ein pave døyr og ein ventar på å få ein ny. Å vere Katolikk er å halde på trua og læra slik som ho framleis står i alle Konsilium og truvedkjenningar frå gamalt av. vonar det forklarar saka? mvh Iselin
SvarSlett