Uforgjengelege lekamer (incorruptible bodies), er eit fenomen innan Katolske Kyrkja, der heilage katolikkar, både menn og kvinner, etter at dei har døydd ein naturleg død eller martyrdøden ikkje går inn i den naturlege rottningsprosessen men vert mirakuløst verande som dei var i dødsstunda. Den eldste eg har sett er St. Silvanus som døydde martyrdøden gjennom å få halsen skoren av i år 310 e.Kr. Han kan du sjå i Dubrovnik, Kroatsia i dag.
Ei kvinne som verkeleg er eit syn, er St. Bernadette som døydde i 1879. Ho opplevde at den Heilage Maria Møy openberra seg for henne i Lourdes i Frankrike. Biletet du ser til høgre er ikkje ei animering, ei vaksdokke eller eit måleri, men eit fotografi av henne slik ho framleis ser ut i glaskista ho ligg utstilt i..
Me har og eit døme på eit slikt under på norsk jord. Då den Heilage Sunniva vart funnen under ei steinrøys i ei grotte på øya Selja, var ho og intakt og like fin etter å ha lege der død i omlag 30 år. Dei vitna om at ho såg ut som om ho berre låg og sov. Ho vart funnen av to storbønder, Tord Eigileivsson og Tord Jorunsson, på veg frå Firdafylke til Trondheim. Saman med henne låg beina til dei andre som hadde omkome i steinraset, og desse beina hadde ei vidunderleg lukt. Kong Olav Tryggvason reiste for å sjå dette underet og fekk henne lagt i eit skrin i 996 e.Kr. Det er jammen synd at ho ikkje ligg framme i dag so me kan sjå henne.. Dette underet spelte då ei viktig rolle i Kristninga av Noreg! Men protestantane ville ikkje ha noko med slike ting å gjere, som vanleg.

Takk for interessant link!
SvarSlettJeg tror at hvis menneskene hadde lært seg å respektere hverandre for den en er og det en tror på, istedet for å stemple hverandre som vantro og hedninger, så hadde verden vært et bedre sted å være -for alle!
SvarSlettGud er kjærlighet, ikke sinne og irritasjon...
Jeg er glad du har funnet DIN riktige vei... og jeg ønsker deg ei fin helg og en god sommer!