TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

torsdag 29. april 2010

Pastoralt brev til Kongen av Noreg Olav Kyrre 1078.

(Henta frå "The Correspondence of Pope Gregory VII, book VI, 13, p.415.)
Pastoralt brev til Kongen av Noreg, 15. desember 1078.
Gregorius...til Olav (Kyrre), Konge av Noreg, vær helsa...
Sjølv om me er pliktige å gje til alle som aksepterar trua på Kristus, beskyttelse under den Heilage og Apostoliske Stolen, som me styrer over etter Guds nåde, når det gjeld dykk, de som held til lengst vekke på enden av jorda, so kjenner me eit ekstra stort ansvar og trong for særskild omsorg, då de ikkje har like mange personar som kan instruere dykk i den Kristne religionen og har mindre del i dei naudsynte tenestene.
           Difor, no når høve bydde seg, skriv me til Dykk for å stadfeste Hans Høgheit i trua som er i Kristus Jesus, som har skapt mannen etter Guds vilje, den evigvarande Fader, den Heilage Ande som arbeidar med Han, vart født av ei møy, forlikte verda til Gud gjennom sin død, sletta ut alle våre synder då Han kjøpte oss fri med sitt blod, Han som i eiga kraft sigra over sjølve døden, gav oss att ei levande von og ein eveleg arv, lytelaus og ufalmande. I Han, som me står faste i trua på, er der gjort klart for dykk gjennom nåden frelse og eveleg liv- det er, om de held fram i vona med augene retta på Han heilt fram til enden. For, som Apostelen Paulus seier: "I Han bur heile guddomsfylda lekamleg." Difor, ten Han med all frykt og audmjuke, og hugs alltid kva Salmisten seier: "For riket høyrer Herren til, og han råder yver folkeslagi. Etterkomarane skal tena Han; det skal verta fortalt um Herren til den ætti som kjem." (Salme 21 (22): vers 29, 31)
            Me ynskjer at de skal vite at det er vårt mål, om det let seg gjere, å sende visse av brørne til dykk, menn av rett tru og lære, for å instruere dykk i all kunnskap og alle doktriner om Jesus Kristus. Sjølv om de vel har fått lære den Evangeliske og Apostoliske doktrina, skal de sleppe å undrast over noko, men verte rotfeste og faste i grunnen som er Kristus Jesus, slik at de i større rikedom og perfeksjon kan aukast endå meir i gudommeleg dygd og etter trusvegen bære frukt verdig evig beløning. Men, det er vanskeleg for å oss å sende ein slik legasjon, både på grunn av den enorme avstanden og språket. Difor ber me dykk om det same som me ber Danskekongen, at de må sende til det Apostoliske hovudsete nokre av dykkar unge menn frå gode familiar, slik at dei kan verte vel utdanna i den Heilage Lova og kan gje vidare ordrar frå den Apostoliske Stolen, ikkje som ignorante- men som velinformerte personar, at dei kan forkynne verdigt, ikkje som grove eller udanna menn, men som dei som har utdanning i språk, lære og oppførsel, og som slik med Guds hjelp effektivt kan fremje kultur hjå dykk.
             Det har vorte rapportert til oss at brørne hjå Danskekongen har søkt dykkar Majestet om hjelp til å overtyge han om å dele kongeriket med dei. Ve, kva slags skade kan ikkje dette føre over riket, kva for forrvirring hjå det Kristne folket, kva for øydeleggjing av Kyrkjene kontinuerleg utsette for ondskapen frå heidningegrannar, me som er opplærte i sjølve sanninga som er Kristus, som seier: "Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og eitt hus dett yver hitt." Difor formanar me Hans Høgheit om å ikkje gje hjelp eller å velje side i denne konflikta, slik at eit dårleg val skulle vende seg attende imot deg, og at Guds vreide på grunn av oppdelinga av dette riket skulle komme over deg og ditt kongerike. Då har me heller noko anna som me ynskjer og anbefalar; at du overtalar Danskekongen om å ta imot brørne med kjærleik inn i sitt rike, og å dele med seg av eigedom og æra, der det er mogeleg, slik at dei ikkje skal lida noko naud, og for at medgongen og æra til riket vert oppehalde...

Nidarosdomen i Trondheim, Del 2- Artikkel frå Nordisk Ugeblad 1888

Sjølv om Kristendommen allereie hadde vorte forkynt på ulike stader i Noreg i laupet av desse tohundre åra, so kosta det likevel Kong Olav Haraldson, den Heilage (f.995, d.1030) mang ei møde og store krafttak å skaffe trua inngong i heile riket. Med utemja trass motsette dette kamplystne folket, dei frilynna grunneigarane i fjella og dei barske sjøfararane utmed havet seg den milde læra om Krossen. Kongen sjølv var oppvaksen til å verte ein krigshelt under dristige tokter og eventyr av alle slag. Han hadde allereie kjempa ved alle Austersjøkystane og i England, Frisland, Frankrike og Spania, då han som 20-åring vart oppmoda til å kreve sin arverett og overta herredømet over heile Noreg. Når og kvar han tok imot den Heilage Dåpen, kan ein ikkje seie for sikkert. Ei røyst forsikrar då at han vart døypt som born, ei anna at han fyst gjekk over til Kristendommen på ei av krigstoktene sine i Rouen i Frankrike. Sikkert og visst er det i alle høve at han heilt frå byrjinga av regjeringstida si stod fram som ein Kristen konge, kalla engelske misjonærar til hoffet sitt, fylgde opp dei religiøse pliktene sine med iver og innførde "Kristenretten." Sistnemnde innebar at han bytte ut den heidenske lova, som vart praktisert i riket, mot ei kristeleg rettsordning, og han synte seg ihuga reint inn i sjela for å utbreie den Kristne trua. Kvar han enn kom, måtte det gamle, heidenske offeret opphøyre. Der han lukkast med å bryte ned trassa til dei stridslystne høvingane, innførte han kristen Gudsteneste og kristen lov. Men etter at han hadde lagt heile Noreg under seg, røyste heidenskapen seg opp att endå ein gong og leidde til eit siste, fortvila slag som det såg ut til at dei skulle vinne siger i. Størstedelen av folket fell ifrå han, og han vart tvinga på flukt, men då han frå Svenskegrensa freista å kjempe til seg kruna og Riket endå ein gong, og verkeleg hadde nådd fram til Trøndelag, stupa han i Slaget på Stiklestad (1030), dødeleg såra av ein av dei bittraste fiendane han hadde. Kristendomssaka såg no ut til å vere tapt for ei lang tid; men ikkje desto mindre forvandla dette nederlaget seg til ein stor og herleg siger. Det som Olav forgjeves hadde freista å oppnå som djerv stridsmann, det oppnådde han gjennom sitt eige martyrblod og forbøner. Ulike jerteikn som hende hjå liket hans og ved grava, gav folkestemninga ei brå vending. Nokre av Kongen og Kristendomen sine bitraste fiendar og motstandarar, m.a. Thorin, som hadde såra Kongen på Stiklestad, omvende seg. Sjuke av alle slag stimla seg saman ved kongegrava og vart helbreda. På alle stader ropa folk om Kong Olav si forbøn og bønesvara vart mange. Heile folket byrja å æra han som ein Helgen og vende seg vekk frå dei gamle avgudane. Kristendommen sigra til slutt. Med stor vyrdnad førde dei Olav sine jordiske levningar til St. Klemens Kyrkja, ei kyrkje Kongen sjølv hadde lete byggje i si tid. Han vart lagd i eit vakkert relikvieskrin. Den mest kjende historieskrivaren i landet, Snorre Sturlason, skildrar det heile i skriva sine. Etter ei kort tid vart det røyst ei eigen Kyrkje til ære for den Heilage Olav, og under dei tohundre åra som kom, utvida ho seg og vart ei herleg Domkyrkje.
           Eldtunger har i høg grad skada byggnaden fleire gonger i tida som har gått. Mens ein i Middelalderen gjennoppretta all skade med kunnig restaureringshand, mangla ein etter den store trusspaltinga ("reformasjonen") både mot, lyst og gavmilde til å byggje opp att det som var øydelagd. Heilt fram til for nokre få år sidan nytta ein berre koret i den tidlegare Domkyrkja til kyrkje. Men etter at den historiske og nasjonale sansen igjen har vakna til liv, har ein her, som i andre land, gjort slutt på øydeleggjinga av dei herlege minnesmerka frå Noregs storheitstid. Koret og tverrskipet er allereie restaurerte etter dei gamle planane, og lengdehallen skal og røysast frå ruinstøvet til sin fordums glans. Etter gamle skisser skal byggnaden (på innsida 102 m lang, 39 m brei) i sin fullstendige lekam på den Katolske tida ha vore smykka med 9 herlege portalar, 316 spissboga vindauge, 3160 større og mindre søyler og ei mengde praktfulle billedhoggararbeid.
            Ein kan mesta sjå for seg kor praktfull Domkyrkja må ha sett ut, når ein ser kor fantastisk det restaurerte koret ser ut, tidlegare Noreg sin Nasjonalheilagdom. Her stod i gamla dagar relikvieskrinet til den Heilage Olav, vitja av tusenvis av pilgrimmar, og her vart heile det Norske Folket, Erkebiskopen med sine Suffraganar, Kongen med sine Riddarar, bøndene og dei kjekke sjøfararane sameina med kvarandre i bøn. Det kostelege relikvieskrinet vart på den so kalla reformasjonstida vekkrøva til Danmark. Men den ruvande oktogonen eller åttekanta byggnaden, med koret som omslutta han er oppståa av den religiøse kunstanden endå ein gong vorte fornya til sin tidlegare fullendte skjønheit. Det ende som er beklageleg ved synet av denne praktbyggnaden er, at edelsteinen manglar i den herlege dekorasjonen, nemleg relikvieskrinet til den Helgenen som Kyrkja vart bygd for å æra.      
Domen i Lund   Domen i Uppsala

tirsdag 27. april 2010

Nidarosdomen i Trondheim, Del 1- Artikkel frå Nordisk Ugeblad 1888

Det gjekk heile tusen år inn i den Kristne tidsrekninga innan det skandinaviske nordiske folket vart heilt og fullt innlemma i Kristi Kyrkje. I femhundre år gleidde dei seg over Hennar signingar og gode gjerningar, og då dei på voldeleg vis vart lausrivne frå Henne gjennom det store trusskilsmålet, hamna dei utanfor den kyrkjelege einskapen og heimen deira vart eit misjonsland som nestan la større hinder i vegen for dei Katolske sendeboda for trua enn det mange heidenske land på andre sida av verdshava gjorde. Dei Katolske minna vart likevel ikkje heilt øydelagde. Det som fyst og framst forblei levande i minnet til folket var tre herlege kongenamn; namn som Kristendomen sigra gjennom i dei tre nordiske kongerika: Den Heilage Olav av Noreg, den Heilage Knut i Danmark og den Heilage Erik i Sverige. Desse tre kongane var ikkje berre Helgenar og Martyrar, dei var og store, populære herskarar som er inderleg sterkt knytte til dei tre landa si historie og heider. På same vis som kristninga av landa er vorte omlag personifiserte i dei tre kongelege Martyrane, slik har og dei herlege Domkyrkjene som er det skandinaviske Norden sine vakraste monumentale byggnader, bevara minnet om at alle desse landområda i fordoms tid utgjorde eit velordna, hierarkisk inndelt ledd i den Katolske (allmenne) Kyrkja. Under Metropoliten av Lund stod dei seks danske Biskopane i Ålborg, Århus, Odense, Ribe, Roskilde og Viborg. Under Erkebiskopen av Uppsala stod dei svenske bispedømma Jønkjøping, Skara, Stregnes, Vesterås, Veksjø og Åbo i Finland. Myndigheita til Erkebiskopen i Trondheim strekte seg ikkje berre utover dei fire norske bispedømma Bergen, Hamar, Oslo og Stavanger, men og over bispedømmet på Færøyane, dei to islandske bispedømma Holar og Skálkold og bispesætet Gardar, som førebels var oppretta på Grønland. Avgrensinga og organiseringa av desse 23 bispedømma, gjennomført av Pavelege Legat midt under eit forferdeleg virvar som rådde i dei tre rika, er eit av dei herlegaste og meist storarta minnesmerke som Pavemakta i Middelalderen har lete etter seg.
              Utan å vere i besittelse av alle desse lette kommunikasjonsmidla som notida kan glede seg over, har Kyrkja på signande rikt vis gjennomført sitt universelle kall mellom nordbuarane. Hundrevis av dokument vitnar framleis den dag i dag, om det levande samband som knytte ihop Suffraganbiskopane med deira Erkebiskopar, og dei igjen med Kyrkja sitt synlege Overhovude i Roma. Det var ikkje berre Danmark, Sverige og Noreg, men og Grønland, Færøyane og Island som fekk ta del av dei lukkelege fordelane som kjem frå den Kyrkjelege einskapen. Sjølv om Kyrkja hadde dei største vanskane å kjempe imot i desse fjerntliggjande landa, men ikkje desto mindre fullførte verket av den Kristne sivilisasjonen på glimrande vis, so står desse nasjonane difor i evig takksemd til Henne. Som tause vitne om deira makt og virke står framleis den dag i dag dei tre ovannemnde erkebiskoplege domkyrkjene; den romanske Kathedral i Lund og dei to herlege gothiske domkyrkjene i Uppsala og Trondheim. Når det gjeld den reine stilen, so har Domkyrkjene i Lund og Uppsala mest å komme med, men i rikedom og prakt vert dei gjenge forbi utan jamføring av Domkyrkja i Trondheim, på same vis som dette bispedømmet og gjekk forbi dei i omfang med sitt herredømme over øyane, som strekte seg heilt over til fastlandet i Amerika. Lund husa ikkje relikvieskrinet til Nasjonalhelgenen Knut- det gjorde Odense. Relikvieskrinet til Den Heilage Erik i Uppsala var berre ein Nasjonalheilagdom for svenskane. Men den Heilage Kong Olav naut av ei anerkjenning som strekte seg ut over heile Europa. Til og med i Konstantinopel vart der innvigd ei Kyrkje til hans æra, og grava hans var det meist vyrdnadsverde valfartsmålet i heile det Kristne Europa.  
                Trondheim ligg ved ein av dei mest imponerande fjordane eller havsbuktene som Atlanterhavet borar seg inn i mellom klippevirvaret langs den norske Vestkysten. Den vakraste av desse fjordane ligg likevel sør for Trondheim, nærmare Bergen. (Sognefjorden) Ved den sør-austlege delen av Trondheimsfjorden, der elva Nid kjem frå fjella og strøymer ut mot havet som ein stor boge, ligg byen som etter det urgamle namnet på elva vert kalla "Nidaros." På trass av sitt nordlege leie, sikrar Golfstraumen endå området ein mild temperatur, slik at alle kornslag, alle mellomeuropeiske trefrukter og kjøkenurter kan modnast der. Ein relativt kort og lett fjellovergong knyter ihop byen med Nord-Sverige, mens fjorden opnar for vidt samband med alle hava. Omlag midt imellom det barske, men fiskerike Nordland og det sørlege Noregs skogrike og nokolunde fruktbare egner, vart denne plassen strategisk plassert både som ein viktig handelsstad og som hovudstad. Eit av det gamle republikanske Noregs mektigaste ting, det so kalla "Frosta-tinget," hadde møteplassen sin her, og grunnaren av det norske monarkiet, Harald Hårfagre, slo opp setet sitt her allereie i 863. Men den fyste byrjinga til å verte ein eigentleg by, kan ein ikkje påvise før seinare, under Kong Olav Trygvason si regjeringstid. Det var under han at dei fyste Katolske misjonærane nådde over til Færøyane og Island, og fyst under Olav Haraldson skaffa Kristendomen seg fullstendig siger i Noreg.
Forts. fylgjer..

søndag 25. april 2010

Eit syn av den Heilage Antonios!

St. Antonios av Alexandria var ein ørkenfader som vart født på slutten av 200-talet og døydde i 365 e.Kr. i det som idag kallast Egypt. Kort tid etter at han døydde, samla St.Athanasios av Alexandria den informasjonen som han kunne finne om St.Antonios, og skreiv biografien om livet hans. I 1991 vart boka for fyste gong oversett frå gresk til svensk. Mot slutten av biografien nemner St.Athanasios eit særs interessant syn som like gjerne kan skildre tilhøva i Kyrkja i dag som det skildrar samtida til St Antonius. Boka er forresten ei særs bra bok som eg skulle anbefale alle å lese. Innleiinga er full av liberale kommentarar sjølvsagt, men sjølve boka er bra, særskild når det gjeld læra om demonisk aktivitet, noko ørkenfedrane fekk meir erfaring av enn kanskje nokon andre Kristne i historia. (Boka heiter "Antonios Liv", og er utgjeve av Artos Bokförlag, andre utgåva kom i 2003 og oversettjinga er av Tomas Hägg og Samuel Rubenson.)

Utdrag frå boka:
Ein gong då han (Antonios) sat og arbeidde, fell han inn i ein slags ekstase og sukka tungt medan synet vara. Etter ei stund vende han seg til dei som var til stades, sukka, skolv, røyste seg og bad, bøygde seg ned på kne og vart sittjande lenge i same stilling. Til slutt røyste den gamle mannen seg gråtande. Dei som var til stades, som no hadde byrja å skjelve av skrekk, bad om å få vite kva det var, og gav seg ikkje før han endeleg svara dei. Med eit djupt sukk sa han: " Mine born, det skulle vere betre å få døy innan det som synet varslar om vert verkeleg." Då dei trygla han på nytt, braut han ut i tårar og sa: "Vreide kjem til å råke Kyrkja, og Ho kjem til å verte overgjeven i hendene på mennesker som er som sjelslause dyr. For eg såg bordet i Guds hus, og rundt ikring på alle sider stod det esel og sparka på det som var innanfor, slik som utemja dyr kan hoppa og sparka ikring seg. De la sikkert merke til korleis eg sukka. For eg høyrde ei røyst som sa: "Mitt Alter skal verte ein styggedom." 
             Dette sa den gamle, og to år seinare kom arianarane sitt angrep, som me no opplever (på Athanasios si samtid), og deira plundring av Kyrkjene, dei raska til og med til seg nattverdsbegeret med vald og let heidningane bere det vekk, dei tvinga heidningane som arbeidde i verkstadane å delta på møta deira, og framfor andleta deira gjorde dei kva dei ville på Altera. Då innsåg me alle at esela som sparka varsla Antonios på førehand om det som arianarane gjer idag, sjelslause som dyr.
            "Ver ikkje motlause, mine born. Slik som Herren har utaust sin vreide, slik skal Han og helbrede att. Kyrkja skal snart få attende si pryd og stråle som Ho brukar å gjere. De skal få sjå at dei forfylgde skal få gjenoppretting, gudløysa dreg seg attende til sine holer og den rette trua forkynnast med full fridom på alle stader. Sjå berre til at de ikkje skitnar dykk ut med arianarane. Den læra er ikkje frå Apostlane, men kjem frå demonane og far deira, djevelen. Nei, ho er utan frukt og ufornuftig, ho saknar rett innsikt, nett som esela utan sjeler."
(1.bilete: St. Antonios, 2.bilete: St. Athanasios)

torsdag 22. april 2010

Brev av Jeanne d'Arc til Hussitane 23 mars 1430

Jeanne av Arc (født 6. januar 1412, død 30. mai 1431, og kjend som Møya av Orléans, ho er ei nasjonal heltinne i Frankrike og ein helgen i den Katolske Kyrkja)
(Fyst ein kort introduksjon:
Dette er eit brev diktert av Jeanne av Arc, der ho truar med å leie ein Krosstogsarmè mot Hussitane, ei religiøs og militær gruppering i Tjekkoslovakia som vart rekna som "radikale revisjonistar" eller "protestant-forgjengarar," då dei var etterfylgjarar av teologen og heretikaren Jan Hus og av andre grupperingar som hadde ei felles motstand mot Kyrkja og det Heilage Romerske Riket. I brevet, avseier Jeanne teologien deira som "galen og motbydeleg overtru," og truar med å leggje til sitt eige leiarskap til dei pågåande krosstogsslaga mot dei, om dei ikkje, sitat, "vender attende til den Katolske trua og det opprinnelege Lyset.")

Jesus, Maria (Hennar vanlege helsing når ho skreiv brev)

I ei lang tid no har rykta og røystene frå folket rapportert til meg, Jeanne Møya, at de har gått frå å vere sanne Kristne til å verte heretikarar, og på same vis som Sarasearane (muslimane) har de øydelagt den sanne trua og tilbedinga, og teke til dykk ei skamfull og ulovleg overtru, og då de ynskjer å bevare og spreie ho ut til andre, er der ikkje ei ende vanæra sak og idiotisk tru som de ikkje utmanar. De fordervar Kyrkja sine Sakrament, de riv opp trusartiklane, de øydelegg Kyrkjene, de bryt ned og brenn opp statuane som vart sette opp for å minnast, de massakrerar Kristne fordi dei bevarar den sanne Trua. Kva er dette ofsevesenet? Eller kva slags raseri og galenskap overmannar dykk? Denne trua, som Allmektig Gud, Sonen og den Heilage Ande har openberra, grunna, lyfta opp i kraft og herleggjort på tusen vis gjennom mirakel- de forfylgjer denne Trua, de ynskjer å overmanne henne og øydeleggje henne. De er blinde, men ikkje fordi de manglar auge eller skjøn. Trur de verkeleg at de kjem til å forbli ustraffa for dette? Fattar de ikkje at Gud går imot dykkar laglause freistingar og at Han ikkje kjem til å late dykk forbli i myrkre og vranglære? Jo meir de fyller dykk med brot og spott, jo meir kjem Han til å førebu ei voldsom straff og pine for dykk.
             For å seie det som det er, om det ikkje var for at eg har so mykje for meg her i krigen i England, so skulle eg ha komme og vitja dykk for lenge sidan. Men om eg ikkje snart høyrer at de har endra dykk sjølve, so kan det vere at eg forlet slaget mot engelskmennene og kjem imot dykk, slik at eg gjennom sverdet, om det ikkje kan gjerast på annan måte, skal utrydde dykkar galne og motbydelege overtru og fjerne enten heresiane dykkar eller dykkar eigne liv. Men om de heller ynskjer å vende attende til den Katolske Trua og det opprinnelege Ljoset, so kan de sende nokre ambassadørar til meg og eg vil forklare for dei kva de treng å gjere. Om, på den andre sida, de ikkje er villige og om de absolutt motset dykk dette, grunna då på dei skader og fornærmingar de har gjort og vent på meg, som vil påføre dykk det same som de sjølve har gjort med både menneskeleg og gudommeleg kraft.

Gjeve dykk i Sully 23 mars 1430
til heretikarane i Bohemia

onsdag 21. april 2010

Vulkan-link for dei som tykkjer om å lese på engelsk.

I desse vulkaniske tider, so har dei i nyhendingane fokusert mest på Island sitt vulkanutbrott på 1820-talet.
Personleg tykkjer eg at det som var i 1783 er mykje meir interessant. Det som er mest interessant er vel at det byrja å buldre på Pinsedagen!! Ikkje tilfeldig det nei. Same dag som Gud let det komme eldtunger frå himmelen for snart 2000 år sidan, so let Han flytande eld velle opp til yta på Island. Og konsekvansane var store, i fleire år etterpå. Verst vart det for m.a. Japan, Egypt og Alaska. Men Europa fekk og lide. Jordbrukarar døydde, buskap døydde og det vart hungersnaud. På Island døydde 25% av innbyggjarane. 5% av alle franskmenn døydde på ein sumer. I japan måtte dei leige inn spesialstyrker for å BRØYTE vegane for lik, då dei døde låg overalt. Det vart ekstremt varme sumarar og kalde vintrar, flaumar og tørke. Alt etter kvar vinden for. Det er ofte værre med ein jamn straum av mindre utbrott frå ein vulkan, for då vert oska liggjande i same høgde som regnet oppstår i. Og kva hender då? Jau, nedbøren reflekterar etter kvart sollyset vekk ifrå jorda og ut att i rommet, og klimaet endrar seg. Svovel og særskild fluor som kjem ned på jorda med vind og vær skadar buskap og avlingar. Og i dag då so mykje av infrastrukturen og økonomien er avhengig av flytrafikken kan dei økonomiske tilhøva verte hardt råka. No har då dessutan EU konkurrert ut store mengder av småbønder til fordel for storgardar som leverer varene sine til heile kontinentet. Landa har vorte spesialiserte på ulike produkt, og er særs avhengige av kvarandre for å ha variasjon av varer i butikkane sine. Land er enno mindre sjølvforsynte i dag enn dei var tidlegare. Vert eit land råka av noko, vert alle. Store variasjonar av frøslag som vert mat, har vorte reduserte til få frøslag. Vert eit slag poteter, ris eller korn sjuke, kva ringverknader får ikkje dette for verda? Her er i alle høve ein link til ein interessann artikkel om ståa i 1783 frå "The Economist."
http://www.economist.com/science-technology/displaystory.cfm?story_id=10311405

mandag 19. april 2010

Sankta Monika! Del 4: Artikkel frå "Nordisk Ugeblad for Katholske Kristne 1887"

Monika arbeidde med stort alvor for å vinne sonen for Gud, og slik har ho vorte eit mønsterdøme for alle mødre. Ho var overtygd om at han ikkje levde, ja, at den ståa han var i var langt meir ynkeleg enn om han aldri skulle ha vorte til, so lenge som han ikkje levde for H a n som hadde skapt han og som var den ende sanne lukka og endemålet. Ho freista heile tida å overtyde han med nydeleg klårskap og med hjelp av ein sunn og djup filosofi, i samtalar som ho hadde med han og med venene han hadde, og i tida etter at han hadde omvendt seg. Augustinus sjølv har samla og skrive ned fleire av desse samtala i skriftene sine, for å heidre minnet hennar. Det at ho held ut so lenge i tårer og bøn for at han skulle omvende seg, kunne ikkje unnlate å bære frukt, fordi ho bad med oppriktig tillit til Gud, med reine intensjonar og ei heilag livsføring, og fordi ho nytta alle dei middel som stod til hennar disposisjon, alt for å leie han attende til plikta. Forgjeves smigra fleire mødre seg med, ved å påstå at dei gjennom sine lange andaktsstunder oppfyllde dette vanskelege vervet. Dei er då og pliktige til å støytt vake over borna sine, å gje dei eller å leggje til rette for at dei får opplæring i det som høyrer Himmelen til, å gå framfor dei med eit godt døme, og å gjere bruk av- når det er naudsynt- irettesettelsar og tukt, sjølv om det alltid skal vere med mildskap og heilt utan spor av raseri. Desse tinga lukkast kun for dei som har vunne siger over seg sjølv. Hovmoda og eigenkjærleiken er alltid utolmodig og syner seg alltid ved slike høve. Og når dette syner seg, flammar alt opp som eld og gjev brennved til ondskapen, istadenfor å lækje det såra hjarte. Monika omvende Patrisius og gjorde eit djupt inntrykk på Augustinus midt i alle utskeielsane han hadde, fordi ho irettesette utan desse lytene. Men når sjølv Monika, som underviste full av visdom og med vakande omsorg, endå ikkje kunne forhindre at Augustinus ramla i hendene på dårlege vener, kor nøye må ikkje då me som foreldre vake over borna våre for å beskytte dei uerfarne ungdommane frå å strande på desse syrgelege klippene?
            Me kunne ikkje avslutte skildringane av livet til den Heilage Monika, utan grundig å oppmode alle Kristne koner endå ein gong til å verte medlemmar i Mødreforeininga, i det me legg til ei kort forteljing om korleis det heile byrja og om skipinga av laget.
             Det var i mai månad 1850, at nokre mødre i Paris uroa seg for borna si frelse, og bestemte seg for å be ei felles bøn til ære for den Lytelause Møya og smertefulle Gudsmora. Dei vona at under hennar beskyttelse og gjennom hennar forbøn skulle dei med større visse løyse den Kristne mora si edlaste og høgste oppgåve, å fremje den evige lukka for borna og familien. Dette vakre laget av bedande mødre auka snart i omfang. Ein nidkjær prest, Fader Th. Ratisbonne, tok på seg den andelege leiinga av desse mødrene, og samla dei til ei månadleg Gudsteneste. Den Heilage Fader Pave Pius IX, signa foreininga, og denne signinga bar vakre frukter, for frøet som vart sådd i Paris, vaks fort og vaks seg på kort tid til eit stort tre, som breidde greinene sine utover heile Frankrike. Då no fleire biskopar uttalte seg grundig om Mødreforeininga, vart det slik at den Heilage Faderen i året 1855 opphøga henne til eit brorskap og benåda henne med avlat. No for tida er foreininga utbreidd i alle kristelege land og har tusenvis av medlemmar. Desse talrike medlemmar frå alle verdsdelar kjenner ikkje kvarandre, men likevel ber dei for kvarandre kvar ende dag, for dei andre sine familiar, for borna deira og ektefellane deira. Dei kan ikkje ein gong namnet på sine medsystrer, men likevel offrar dei opp den Heilage Kommunionen for dei. Dei spør ikkje etter rang og stand, men kvar månad på mange stader let dei bere fram Messeofferet for dei høge og dei låge, dei rike og dei fattige. Det er berre ein ting som dei veit om kvarandre; dei er MØDRE. Men dette eine ord "moder" som inneheld so mykje, som i seg inneber både kjærleik og oppoffringar, glede og smerte, lukke og sorg, dette eine ord er nok for å tenne ein eld i hjarte til ihuga bøn for kvarandre. Er det då noko å undrast over, at mødre, so snart dei fekk høyre om dette velsigna laget, skunda seg å verte ein del av det heile? Vil du og, Kristne mor, gå inn i det same, so må du fylgje desse lovene:
1) Ein let seg skrive inn i Mødreforeininga, som vart grunna i St. Ansgars Kyrkje i Kjøpenhamn og den 28. oktober 1880 er agregert Erkebrorskapet i Paris.
2) Ein ber dagleg underståande korte foreiningsbøn.
3) Ein vitjar so ofte som det er mogeleg den Heilage Messa som vert feira den fyste tysdagen i månaden i St. Ansgars Kyrkje, og ofrar opp om det er mogeleg, den Heilage Kommunionen for foreininga, eller i det minste tek del i den andelege Kommunionen med denne avsikta.
Der er mange Kristne lag, men for den Kristne mora er der utan tvil ikkje noko lag som er viktigare enn Mødreforeininga. Fordi ho fyst og framst er MOR, må ho ein dag framfor Domaren gje rekneskap for borna sine. Dei burde difor få fysteprioritet når det gjeld hennar omsorg. Ho må heile tida grunne på korleis ho gjennom god Kristen oppseding kan fremje deira timelege og viktigast av alt, evige lukke. Og då det er slik at menneske berre kan så og plante, men det er Gud som signar, so må ho aldri slutte med å vende seg til Han for å få ljos og hjelp i dette viktige verv og å dagleg be for borna sine. Men det som gjev dette laget ei særskild kraft, er det fine tilhøvet at dagleg so ber tusenvis av mødre, og mange av dei er fromme og dygdsame mødre, som ikkje berre bed for seg sjølve men og for alle medlemmane i laget. Og på dette vis vert borna til og med bedt for etter at mødrene døyr. Er det då ikkje ein trøystande tanke for henne å vite at det vert bedt so mange bøner for borna hennar, at so mange Heilage Kommunionar vert offra opp for henne og hennar familie, so mange Messeoffer, når ho er medlem i dette laget? Dessutan kan desse mødrene og i særskilde tider, t.d. når borna er ekstra sjuke, henvende seg til heile laget sine forbøner.
          Dessutan må me rette merksemda mot at sjølv om laget fyst og framst er for mødre i bokstaveleg meining, enten dei no lever i ekteskapet eller som enkjer, so kan og koner som ikkje har eigne born likevel slutte seg til laget. Dei og er då husmødre og har liknande, viktige plikter som dei kan få hjelp til å utføre når dei tek del av dei Heilage Messeofferet og offrar opp på same vis som dei andre medlemmane i laget, og når dei bed om nåde for seg sjølve og for alle dei andre. Gud har då gjeve desse barnlause endå større plikter i sine oppgåver. Difor handlar foredraga på dei månadlege møta ikkje berre om kvardagslege Kristenplikter, men og dei særskilde pliktene som ikkje berre gjeld for mødrer, men og for gifte koner. Til slutt skal me likevel merke oss, at mødre som bur i område der laget enno ikkje er stifta, kan la seg innskrive i Køpenhamn, for å få del i Erkebrorskapet sine bøner, gode gjerningar og avlat. 

  LAGSBØN: (som alle medlemmar skal be kvar dag)
O Lytelause Møy og smertefulle Moder Maria! Ber fram borna våre til Jesu Tilbedingsverdige Hjarte, som ikkje nektar Mor si noko. Bed for dei.
Heilage Skytsengel, be for dei.
Heilage Josef, du mektige beskyttar, bed for dei.
Heilage Anna, du Mor til Maria, bed for dei.
Heilage Aloysius, bed for dei.
Heilage Augustinus, bed for dei.
Heilage Monika, bed for dei og for oss. Amen.
      

Følgere


Vitjarar