Profetien!
Etter året 1900, mot midten av det 19. århundret, menneska av denne tida kjem til å verte ugjenkjennelege. Når Adventstida for antikrist nermar seg, kjem menneska sine sinnelag til å verte fulle av skodde, på grunn av kjøtlege lyster, og vanvørdnad og lovløyse vill vekse seg sterkare. Då kjem verda til å verte ugjenkjenneleg. Menneska sin utsjånad kjem til å endre seg, og det vert umogeleg å skilje ut kven som er menn og kven som er kvinner grunna den skamlause måten dei kler seg på og har håret sitt. Desse menneska kjem til å vere som ville dyr på grunn av freistingane frå antikrist. Der kjem ikkje til å vere meir respekt for foreldre og eldre, kjærleiken forsvinn, og Kristne hyrdingar, biskopar og prestar vert forfengelege menn, som heilt mislukkar å skilje mellom vegen åt høgre og venstre handa. På denne tida kjem moralen og tradisjonane til dei Kristne og Kyrkja til å endre seg. Menneska kjem til å gå vekk ifrå blygsla, og splittring vill regjere. Falskheit og grådigheit får ein sterk posisjon, og ve til dei som samlar seg skattar. Lyst, homofili, løynde synder og mord kjem til å styre i samfunnet. På denne tida i framtida, grunna krafta av slike enorme brot og laus oppførsel, kjem folk til å verte fråtekne nåde frå Den Heilage Anden, som dei fekk i den Heilage Dåpen og det same gjeld anger.
Guds Kyrkje vert fråteken Gudfryktige og pietistiske hyrdingar, og ve til dei Kristne som vert att i verda i desse tider; dei kjem til å miste trua heilt for dei kjem ikkje til å få høve å sjå kunnskapsljoset frå ein einaste ein. Då kjem dei til å skilje seg frå verda på heilage gøymestader, på leiting etter å lette dei andelege lidingane, men på alle kantar møter dei støytesteinar og motstand. Og alt dette kjem som ein konsekvens av det faktum at antikrist ynskjer å vere herre over alle ting, og å verte styrar over heile universet, og han kjem til å gjere mirakel og fantastiske teikn.
Han kjem og til å gje stolen visdom til ein ulukkeleg mann, slik at han kjem til å finne opp eit vis som gjer at ein mann kan føre ein samtale med ein annan mann frå ein kant av verda til ein annan. På denne tida kjem menn og til å kunne flyge gjennom lufta som fuglar og gå ned på havsdjupa som fiskar. Og når dei har oppnådd alt dette, kjem desse ulukkelege menneska til å leve liva sine i stor behagelegheit i uvisse om, stakkars sjeler, at det er lureri frå antikrist. Og, den ureine! Han kjem til å ha slik enorm framgong i
fåfenge at den rette vegen vert løynd og menneska mister trua på at den Treeinige Guden eksisterar.
Då vil Gud, som er heilt god sjå menneskeslekta sitt fall og vil korte ned dei dagane for dei få utvalde si skuld, dei som vert frelste, fordi fienden ynskjer å leie sjølv dei utvalde ut i freisting om det er mogeleg... då kjem tuktesverdet brått til å openberre seg og drep han som perverterar og hans tenarar.
Watch out this might be opus dei.
SvarSlettNei, eg er ikkje opus dei
SvarSlett