(Bilete frå ei av Novus Ordo sine klovnemesse)
Der er ei bøn i Bibelen, i Daniel, som er slåande lik den ståa som me har i Den Katolske Kyrkja i dag. Ei profetisk bøn rett inn i våre tider. Daniel 3:34 "For Ditt Namn si skuld, forkast oss ikkje for alltid, og opphev ikkje Di pakt. 35 Ta ikkje Di miskunn frå oss, for Abraham, Din ven si skuld, for Isak, Din tenar si skuld og for Israel, Din heilage si skuld! 36 Du lova dei å gjere etta deira så talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havet si strand. 37 Men no, Herre, er me blitt gjort til det minste av alle folkeslag. Alle stader på jorda er me i dag fornedra for våre synder si skuld. 38 Me har no verken fyrste, profet eller leiar, heller ikkje brennoffer, slaktoffer, grødeoffer eller røykjelse, eller ein stad der me kan bere fystegrøda fram for Ditt Åsyn og finne miskunn. 39 Men ta imot oss fordi me kjem med angrande sinn og audmjuk ande. 40 Lat dette vere slaktofferet vårt for Ditt andlet i dag, som om me kjem med brennoffer av verar og oksar og titusenar av feite lam. Lat oss trufast fylgje Deg, for dei som set si lit til Deg, skal ikkje verte til skamme." Nett som når Jødane vart vekkførde til Babylon, so har me i dag ei Babylonhore i Vatikanet. Den sanne Katolske Kyrkja, som ikkje fylgjer det Andre Vatikankonsiliet, har vorte redusert til det minste av alle folkeslag. Og me veit at Gud skulle ikkje straffe oss slik om det ikkje var for syndene våre, for modernismen og fråfallet av den sanne trua som spreidde seg mellom Kristne som pest. No har me ikkje nokon Pave, me har ikkje prest eller biskop i Noreg, heller ikkje det heilage messeofferet eller noko Kyrkjebygnad å samlast i, der me kan få nåde i Sakramenta. Det ende me kan gjere er å halde fram i ei sann tru, å praktisere trua. Me kan naudbe Gud om nåde, gjere bot og ofre opp bøner og botgjeringar for våre eigne synder og for andre sine synder. Ja, til og med for fedrane våre sine synder og for nasjonen vår sine synder. Den som held ut til enden skal verte frelst. Det er profetert i Bibelen at i dei siste tider skal det daglege messeofferet takast vekk. Stå då faste i trua. Det skal då verte som i Noa sine dagar, og då var det då berre 8 sjeler som vart frelste, so sjå ikkje på tala, men på Kristus, som framleis kan frelse deg! Ingenting er umogeleg for Gud. Sann syndene dine for Gud med intensjonen å Skrifte dei for ein prest om du får høve til å gjere det. Be om at Han må gje deg perfekt anger for syndene dine og lov Han å forbetre deg. So er Han framleis trufast til å tilgje deg.
(Bilde frå ei av Novus Ordo sine klovnemesse)
Watch out this might be opus dei.
SvarSlettNei, eg er ikkje opus dei
SvarSlett