Det er ikkje alltid so greitt for ei husmor å finne tid til å blogge. Særskild ettersom barneflokken
aukar både i alder og antal, det krever då meir etterkvart og so skal ein finne tid til å sove og. Men som bestemor seier; "Dess fleire ungar ein får, dess lettare vert ein på foten." Eg er likevel ganske nøgd med at denne bloggen eksisterar. Målet var jo at det skulle vere ei nettside på norsk som faktisk inneheld litt informasjon for dei som søkjer Gud og leitar etter den Katolske Kyrkja. Då ligg bloggen ute og det er mi bøn at einkvan som har god vilje skal dra nytte av han. Kor ofte eg oppdaterar bloggen er ikkje like viktig.
Ja, Ratzinger, som den tilhengjaren av protestantisme som han er, hoppa jo av båten og inførte "pavepensjon." Som om pavedømet var eit midlertidig yrke på linje med fotballstrenar eller "den norske-kyrkja-sjaman." Og so fekk me anti-Frans. Då kjende eg som Tradisjonalist lang inn i sjela kor trøytt eg var. Skulle eg orke å setja meg inn i detaljane rundt enno ein galning? Det vert so mange avsporingar frå Katolsk Tru at ein nestan vert immun mot informasjonen. Eg og mannen min byrja so vidt. Me kikka på ulike fjernsynsprogram som anti-Frans hadde delteke på i Brasil. Det handla jo mykje om samme smørja som dei andre har kome med; om at det t.d. ikkje er nokre viktige teologiske skilnader mellom jødar og kristne og at me alle kan synge Kum ba yah ilag utan redsle. Og noko av det fyste anti-Frans gjorde som ny leiarskurk i Vatikanet var då å vitje ein synagoge. Eg kjende meg berre trøytt og umotivert. Mannen min held ut noko lengre. Han grov fram artiklar, bilete, utsagn, avgudsseremoniar og videoar for å eksponere kvifor og denne mannen var ein manifistert kjettar. Vaticancatholic.com har teke tak i same oppgåve som vanleg, og det er jo bra.
Det ligg jo ei fare i dette at om det vert for gale, so forventar ein berre at det blir verre og verre, og stengjer berre det heile ute. Det siste me høyrde var jo at den nye anti-paven tenkjer på å settje inn ein kvinneleg kardinal. Og då var det fleire innom Novus Ordo som byrja å reagere negativt. Når det gjeld ei slik sak (som sjølvsagt er gale nok) let fleire seg irritere, men når dei spottar Kristus meir direkte gjennom å angripe dei aller viktigaste trusdogmene, då er det liksom greitt for dei mange. Det er kanskje bra likevel at det i allefall dukkar opp noko som får nye til å reagere. Det leier kanskje til at fleire får opp augene for kva Novus Ordo faktisk er, eller rettare sagt ikkje er: Den Sanne Katolske Kyrkja. Vakn opp folkens!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar