TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 15. september 2010

Kyrkja kom innan det Nye Testamentet! Del 1 av 2

(Henta frå boka "Where we got the Bible" av Henry G. Graham i 1911.
Eg har nokre ekstra kopiar av denne boka heime, og dei som er særskild interesserte i å lese boka på engelsk, kan emaile meg ei postadresse, so skal dei få boka gratis av meg. Boka kan og bestillast på http://www.tanbooks.com/)

1)..No hugsar de sikkert at eg har sagt at nett som det var med det Gamle Testamentet, so vart heller ikkje det Nye Testamentet skrive ned alt på ein gong, eller av ein mann, men at det gjekk minst 40 år frå den fyste boka vart skrive til den siste boka vart skrive. Det Nye Testamentet er bygd opp av dei fire Evangelia, 14 Epistlar av St. Paulus, to av St. Peter, ein av St. Jakob, ein av St. Judas, tre av St. Johannes som og skreiv Johannes Openberring og Apostelgjerningane som St. Lukas skreiv og som dessutan skreiv det tredje Evangeliet. Me har difor i denne boksamlinga verk av minst 8 ulike forfattarar; og frå året då den fyste boka vart skrive (mest sannsynleg Matteus Evangeliet) og fram til året då St. Johannes skreiv sitt Evangelium, gjekk det omlag eit halvt århundre. So vidt me veit, skreiv ikkje Vår Herre Jesus Kristus noko sjølv- iallefall ikkje noko som har vorte bevara. Han ba heller aldri Apostlane om å skrive noko. Han påla dei ikkje å skrive ned alt det som Han gav dei: Men Han sa, "Gå de og lær alle nasjonar," "forkynn Evangeliet til kvar skapning," "Den som høyrer dykk, høyrer Meg." Det Han meinte og befalte dei å gjere var nett det som Han sjølv hadde gjort, nemleg å gje Guds Ord til menneska ved hjelp av den levande tale- å overtyde, bevise, instruere og omvende dei gjennom å forkynne for dei andlet til andlet, til levande menn og kvinner; ikkje å overgje denne bodskapen til ei død bok som kanskje skulle forsvinne eller verte øydelagd, og verte misforstått og mistolka og korruptert, men tiltrudd ein tryggare og meir naturleg veg å presentere sanninga på for verda, gjennom munnleg forkynning og gjennom opplæring av andre til å gjere det same etter at dei sjølve var vekke. Slik, gjennom ein levande Tradisjon vart Guds Ord bevart og gjeve vidare ettersom dei tok imot det, til alle generasjonar.
2) Og dette vart, noko som er sant og visst, metoden som Apostlane adopterte. Berre fem av dei tolv skreiv ned noko i det heile, som har vorte bevara ned til denne dag; og av dette vart ikkje eit ende pennedrag gjort før minst 10 år etter Kristi død, for Jesus Kristus vart krossfesta i år 33 e.Kr., og den fyste av dei Nytestamentlege bøkene vart ikkje nedskrive før omlag år 45 e.Kr. Ser du kva som kjem her? Kyrkja og Trua eksisterte før Bibelen; det verkar som eit elementært og enkelt faktum som ingen kan fornekte eller nokon gong har fornekta. Tusenvis av menneske vart Kristne gjennom Apostlane si verksemd og Kristi misjonærar i ulike land, og dei trudde på den heile Gudssanninga som me trur på henne no, og dei vart Helgenar, lengje innan dei fekk sjå eller lese, og innan det i det heile var mogeleg å sjå eller lese ein ende setning frå den Inspirerte Skrifta av det Nye Testamentet, av den enkle grunnen at det enno ikkje eksisterte slike Skrifter. Korleis vart dei so Kristne? På same vis, sjølvsagt, som heidningar vert Katolikkar idag; gjennom å høyre Guds sanning frå lippene til Kristne misjonærar.
            Då dei 12 Apostlane samla seg i Jerusalem og delte opp verda som dei kjende henne seg imellom, for å nå desse områda med Evangeliebodskapen, fekk kvar Apostel tildelt eit område. (St.Thomas fekk t.d. India), og dei andre fekk andre område. Korleis freista dei å evangelisere for desse menneska? Hadde dei tenkt å gje kvar og ein av dei eit Nytestamente? Noko slikt eksisterte ikkje, og me kan sei med sikkerheit, dette vart ikkje tenkt på eingong. Kvifor lova Vår Herre dei Den Heilage Ande sine gåver og befalte dei å vere "vittne" om Han? Og kvifor, dessutan, kom den Heilage Ande ned over dei 12, og gav dei krafta til å tale på ulike språk? Kvifor, om det ikkje var for at dei skulle kunne "forkynne Evangeliet til kvar ende skapning" på det tungemålet som kvar skapning hadde.
3.) Eg har sagt at Apostlane fyst aldri tenkte på å skrive det Nye Testamentet; og det gjorde dei heller ikkje. Dei Nytestamentlege bøkene vart produserte og bore fram under særskilde ståe som oppstod, ja, dei vart skrive for å imøtegå særskilde krav og krisar som dukka opp. Ingenting var lenger vekke frå Apostlane og Evangelistane sine tankar enn idèen om å forfatte verk som skulle samlast og formast til ei heilag bokskrift som skulle representere Kristendomen. Me kan berre sjå for oss korleis St.Paulus skulle ha måpa i forundring om han hadde fått vite at dei Epistlane han skreiv, saman med Epistlane til St. Peter og St. Johannes og dei andre skulle verte samanbunde og opplyfte til ein posisjon av fullstendig og uttømmande utsegn av Kristen doktrine. At kvar og ein skulle få ein kopi av skriva i handa som ei enkel og ufeilbar rettesnor i tru og moral, uavhengig av nokon levande læreinstans til å tolke dei. Ingen skulle ha vorte meir sjokkert over denne tanken; at Paulus skriv skulle røve vekk ein autoritativ lærar, Kyrkja, enn den kjende Apostelen som sjølv sa:  "Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord." Faktum er at ingen kjend religion har spreidd seg mellom menneska på anna vis enn ved munnleg forkynning, og særskild alt som gjelde den naturlege og andelege posisjonen til Apostlane på eine kanten, og til jødane på andre kanten, som båe var imot utbreiinga av Kristendomen gjennom skriftlege referat. 
            Det jødiske foket var ikkje vane til det, og heidningane skulle ikkje ha forstått det. Sjølv protestantiske forfattarar av "høgste rang" vert tvinga til å innrømme at den levande læra til Kyrkja var naudsynt og den metoden som vart vald av Jesus Kristus for spreiinga av Hans Evangelium, og at bestemmelsen om å skrive alt ned var ei seinare utvikling som var underordna Kyrkja. Dr. Westcott, biskop av Durham, den høgste autoriteten i den Anglikanske "kyrkja", og som er ansett av alle som ein høgt lærd i Bibelkanonen, sa (The Bible in the Church-s.53 og framover): "Om ein skal verdsette den Apostoliske tidsalderen i sin essensielle karakter, vert det naudsynt å forkaste alle idéar om eit samla NyTestamente, men og i stor grad idéane som har oppkome om at der skulle vere fleire gupperingar av skrifter som dei er forfatta ut ifrå. Det fyste arbeidet som Apostlane utførte, og som alle funksjonane deira vaks ut ifrå, var å bere fram med levande ord personlege vittnesbyrd om kjerna i Evangeliet. Gjerningane, Døden og Oppstoda til Vår Herre. Det var berre etter ei lang tid og under innflytelse av yttre faktorar, at dei skreiv ned vittnesbyrdet eller delar av det. Deira fyste kall var å forkynne. Det faktum at dei starta ein kontinuerleg misjon for alle tidsaldrar, som fekk i oppgåve å bevare og føre vidare den glade bodskapen, ikkje forma etter eigne idéar som dei fekk og ikkje etter befaling frå ein annan instans, men etter den mystiske krafta som dei hadde motteke...Den gjentatte erfaringa frå mange tidsaldrar, har synt oss at å ha eit permanent referat av Hans ord og gjerningar, tilgjengeleg for alle, ikkje er naudsynt for at den Lekamlege Kyrkja skal leve og halde fram på ein rein og sunn veg." og igjen: "Når Apostlane tala, hevda dei at dei hadde Gudommeleg autoritet, men dei hevdar aldri at dei har eit nedskrive system av Kristen Doktrine. Evangelium og Epistlar, med unntak av St. Johannes skrifter, vart kalla fram av særskilde ståe. Der er ikkje eit ende spor av utforma samband mellom dei separate skriva, utanom mellom Lukas Evangeliet og Apostelgjerningane (og av St. Lukas), og heller ingen spor av ein yttre einskap eller fullføring av ein samla Kanon. Tvert imot, er det ikkje usannsynleg at fleire av St. Paulus Epistlar har gått tapt. Og sjølv om det er eit faktum at dei bøkene som er att passar ihop og utgjer ei perfekt form, so har ikkje denne fullendinga oppstått pga eit redigeringssamarbeid mellom forfattarane, men etter viljen hjå Han som gav dei kraft til å skrive og forme.
           For ei kontrast desse klare orda frå ein lærd mann utgjer, til den vanlege villfarelsen som verkar å ha gripe tak i so mange sinn- at Bibelen, fullstendig og samanbunden, ramla ned frå Himmelen etter Pinsedagen; eller, i det minste, at dei 12 Apostlane sette seg ned i lag i eit rom, pennar i hendene, og skreiv ned mens dei sat der alle dei Nytestamentlege bøkene! Og lat meg kort sitere, for å underbygge poenget eg vil ha fram, at det Nye Testamentet aldri kunne ha vore tenkt som den ende reiskapen til frelsa. "Det hadde gått ei betydeleg stund etter Kristi Himmelferd" (skriv den protestantiske forfattaren av Helps to the study of the Bible s.2), "før ei ende av bøkene som hamna i det Nye Testamentet faktisk vart skrive. Den fremste og viktigaste oppgåve til Apostlane var å overgje eit personleg vittnesbyrd om dei viktigaste faktorane av Evangeliet si historie. Deira lære var fyst og framst munnleg, og dei hadde ikkje som intensjon å forfatte ein permanent litteratur." Dette ser eg på som verdifulle innrømmelsar..

forts..

fredag 3. september 2010

St. Denis del 2/2, henta frå "Dei gyldne legendane" samla år 1275

....Men djevelen, som var svartsjuk, og som kvar dag såg korleis makta hans vart mindre og gruslagt, og korleis Kyrkja auka og vann siger over han, rørde opp Domitian, keisaren, til slik ondskap at han laga ei ny lov, der han påbudde alle som kom over Kristne menn å tvinge dei til å offre til avgudane eller å plage dei med tortur av ymse slag. Han sende so borgarmeisteren Fescennius av Roma til Paris i kampen mot dei Kristne. Denne fann den Heilage Denis midt i forkynninga, og fekk det ordna slik at han vart voldsomt banka opp, spytta på og håna, og ilag med Rusticus og Eleutherius vart han bunden og teken fram til borgarmeister Fescennius. Då denne fekk sjå korleis desse heilage menna stod faste og urokkelege i truskap til vår Herre, vart han vemodig og sorgtyngd. Då kom det til plassen ei høgetta frue, som fortalte at mannen hennar hadde vorte fullstendig hjernevaska av desse trollkarane. Mannen hennar vart henta med det same, og då han og stod fast i truskap til vår Herre, vart han avretta på staden.
                   Og helgena vart banka opp av tolv riddarar og bunde med jernlekkjer innan dei vart kasta i fengsel. Dagen etter vart Denis lagt på eit grilljern og utstrekt heilt naken over det brennande kolet, og der song han til Herren desse orda: "Herre, ditt ord er som ein brennande eld, og tenaren din er femna i denne kjærleiken." Etter dette vart han kasta inn hjå ville dyr, som hadde vorte utsvoltne etter lang tid i svolt og faste, og med det same dei kom springande imot han, gjorde han Krossteiknet mot dei, slik at dei vart tamme og milde. Denis vart difor kasta inn i ein fortærande eldloge, men elden slokna med det same og han fekk verken smerte eller skade på kroppen. Han vart då hengd på ein kross, og der vart han ille plaga lengje før han vart teken ned og kasta inn i ei myrk fengselshole saman med fylgjet sitt og ei mengd andre Kristne menn.
           Det hende seg då i fengselet at han sang den Heilage Messa og gav folket Kommunion, då vår Herre openberra seg for han med eit himmelsk ljosskin, og gav han brød og sa: "Ta dette, min kjære ven, for løna di er stor hjå Meg." Etter dette vart dei stilte framfor dommaren og vart enno ein gong gjeve over til ulike plager, før dei til slutt kappa hovudet av dei tre venane, det vil seie Denis, Rusticus og Eleutherius, fordi dei sanna namnet åt den Heilage Treeinige Gud. Og dette vart gjort ved templet til Merkur, og dei vart halshøgde med tre ykser. Men med det same han var halshøgd røyste Denis sin lekam seg opp, plukka opp hovudet sitt i armane sine og ein engel leidde han tre romerske mil (vel 6,6 km) frå plassen, til martyrhøgda, til høgda der han no kviler etter eige val og etter Guds forsyn. Og ein kunne høyre ein spektakulær og søt melodi av englar som song, og mange av dei som høyrde det kom til tru på Herren. Ei kvinne kalla Laertia, kona til den tidlegare borgarmeisteren Lubrius, fortalte at ho var ein Kristen, og med det same vart ho halshøgd av dei onde forbrytarane, og mottok blodsdåpen og slik døydde ho.
                  Og Virbius, sonen til Lubrius, som var ein riddar i Roma under tre keisarar, drog seinare til Paris og vart døypt og la seg sjølv til skaren av religiøse. Og dei onde heidningane tvila på at dei gode Kristne menna ville freiste å gravleggje lekamane til Rusticus og Eleutherius, og gav difor ordre om at dei skulle slengjast i elva Seine. Men ei høgetta kvinne bad dei som skulle bære lika om å ete middag heime hjå henne, og mens dei åt tok denne kvinna og gravla dei i løynd ute på eit jorde som tilhøyrde henne. Noko seinare, då den intense forfylgjinga var over, tok ho dei derifrå og la dei vyrdsamt attmed lekamen til den høgvyrdige St. Denis. Og dei leid dauden omlag Herrens år 96, under Domitian. St. Denis var då 90 år gammald.

Då Regulus den heilage Biskopen sang Messa i Arles, og øvde seg på namna til Apostlane i Kanonen, hende det at han la til namna åt dei velsigna martyrane Denis, Rusticus og Eleutherius. Men mange trudde at dei framleis levde og undra seg då han nemnde deira namn i Kanonen. Men mens dei tenkte på dette, synte det seg brått på Krossen på Altaret tre sittjanede duer, som hadde namna åt helgena skrive på brystet med blood, og då dei såg dette skjøna dei vel at helgena hadde forlete denne verda. Hinchmar, biskopen av Rheims, sa i sin epistel som han sende til Charles, at denne Denis som vart utsendt til Frankrike var Denis Areopagite, som tidlegare er sagt, og det same seier Johannes Scotus i ein epistel til Charles, dersom nokon med tida skulle seie noko anna, ettersom det alltid vil vere dei som protesterar. I vår Herres år 832, i regjeringstida åt Louis, konge av Frankrike, hende det seg at budberarane åt Mikael, keisar i Konstantinopel, m.a. sende til Louis, son av Charles le Grand (Karl den Store), boka av St. Denis om englehierarkia, oversett frå det greske målet til latin. Dette vart motteke med stor glede og den same natta vart 19 sjuke menn bota i Kyrkja hans. 
                 I Herrens år 643, som det er nedskrive i ei krønikebok, byrja Dagobert, konge av Frankrike, som regjerte lengje innan Pepin, allereie som barn å syne stor vyrdnad for St. Denis, og ein gong då han tvila på intensjonane til faren Clothair, rymde han til St. Denis Kyrkja. Og då denne heilage kongen var død, vart det synt til ein heilag mann i eit syn korleis sjela åt kongen vart stilt framfor domen, og at mange heilage der skulda han for å ha plyndra Kyrkjene deira. Då dei onde englane ville ta han med til smerter, kom den velsigna Denis og løyste han frå plagene, og sjela fekk vende attende til kroppen for å gjere bot. Kong Clovis oppdaga lekamen åt St. Denis, og braut beina på armen hans og slenge det skjødeslaust vekk, men i same stunda vart han sinnssjuk. Lat oss då tilbe den Allmektige Gud i hans heilage, at me, gjennom deira siger, må rette til liva våre i dette onde jordelivet, slik at me etter vår tid på jorda måtte nå den himmelske saligheita i all eve. Amen

torsdag 2. september 2010

St Denis- del 1/2, henta frå "Dei gyldne legendane", samla i 1275.

(St. Denis sitt liv og martyrdød vart nedskrive av Methodius av Konstantinopel på det greske målet, og Anastasius, som var ein av Roma sine Bibelskriftlærde, som Hinchmar, biskopen av Rheims og stadfestar, skreiv om han på det latinske målet.)

Om den Heilage Denis.
Sankt Denis Areopagite vart omvend til den sanne trua på Jesus Kristus av Sankt Paulus Apostelen. Han vart kalla Areopagite på gata der han budde, og på denne gata låg Marstemplet, for athenarane namngav alle gater etter den (av)guden som dei tilbad i omeigna. Nett på denne gata tilbad dei Mars(av)guden, som dei kalla for Areopage, då Areo tyder Mars og pagus tyder gate. På plassar der dei tilbad Pan, kalla dei gata for Panopage, men av alle gater var Areopage den viktigaste, då eidle menn valfarta henne, og på denne gata kunne ein finne dei lærde i liberal kunst, og Denis budde og på denne gata, då han var ein rett stor filosof. Ettersom visdomsfrøet frå Gud sjølv var i han vart han omtala som Theosofus, det vil seie "ein kjennar av Gud." Og ein viss Apollophanes var den næraste filosofikollegaen han hadde. Ein annan kollega var Epicureans, som sa at all menneskeleg glede var å finne i nytesykja i kroppen. Og Stoics må og nemnast, som meina at den same lukka berre var å finne i dygda mot.
          
 Og det hende seg nett på den dagen då vår Herre leid på Krossen, at myrke låg over heile verda, men filosofane som var i Athen kunne ikkje finne noko naturleg forklaring på kvar dette myrke kom ifrå. Og det var ikkje ei naturleg solformyrking, for månen var vekke frå sola ettersom han var 15 dagar gamald, og var difor i perfekt avstand frå sola. Dessutan tek ikkje ein eklipse vekk ljoset over kvar ende del over heile den universelle verda, og solformyrkingar varar ikkje i 3 heile timar. Det var dessutan slik at denne eklipsen tok vekk alt dagsljos, nett som St. Lukas seier at vår Herre leid i alle sine lemmar; og denne eklipsen var i Heliopolis, i Egypt, i Roma og i Hellas. Orosius fortel at det var myrke i Hellas og heilt i utkantane av Vetleasia, og han sa at då vår Herre vart nagla til Krossen var der eit voldsamt bulder og jordskjelv gjennom verda. Steinane vart brote i bitar, fjella rivna, reint store elvar delte seg i mange delar, fleire enn dei bruka å gjere, og nett på den dagen, frå den sjette timen og fram til den niande timen mista sola sitt ljos gjennom alle land i den universelle verda. Og den natta kunne ein ikkje sjå ei ende stjerne i heile Egypt, og dette påminna Denis sin ven Apollophanes om i epistelen sin: Og heile verda var lagt i eit obskurt myrke, ja kvar ende diameter kom lidande attende til oss, og sola leid tyngre enn nokon sinne, og me var utan kunnskap å hente mot ifrå, heller ikkje kunne me forstå dette mysteriumet i vår kjennskap og visdom. Og Apollophanes, spegel av doktrine, kva skal eg seie om desse løynde og gøymde tinga? Eg gjev deg dei som vedlegg og legg dei i dine hender, som til ein gudommeleg munn, og ikkje som menneskeleg skjøn og tale. Svaret som han gav var: Å gode Denis, dette er mutasjonar av gudommelege ting, og det peika heile tida på den dagen og det året som Paulus, vår doktar, tala om til våre døve øyrer. Og etter teiknet som var at alle menn gret, som eg hugsar på no, har eg komme fram til den fulle sanninga og har vorte løyst ifrå dei falske lenkene. Dette er orda av Denis som han skreiv i sin epistel til Polykarp, og til Apollophanes, då han sa: Me var, me to, i Heliopolis, og me såg månen på himmelen røre seg utan ordning, og tida var ikkje passande. Og igjen frå den niande timen og fram til kveldsongstimen, observerte me diameteren på sola som er fastsett over alle naturlege ordningar, og eklipsen som me såg byrja i aust og inn mot sentrum av sola. Etter dette gjekk den attende, uskada etter dette unormale fenomenet, heilt motsett frå det det brukar å vere med utgongspunkt i sola sin diameter. Slik vart det at Denis og Apollophanes drog til Heliopolis i Egypt med eit ynskje om å lære seg astronomi. Og seinare drog Denis attende. At den ovanfor nemnde eklipsen tok vekk alt ljos frå dei universelle delane av verda, kan me og sjå at Eusebius vittnar om i sine eigne krønikebøker. Her seier han at har lest i diktatane hjå Ethnicianarane at der var i Bithynia, som er ein provins i Vetleasia, eit stort jordskjelv og dessutan det djupaste myrke som ein kan tenkje seg, og at det i Nicene, som er ein by i Bithynia, var slik eit skjelv i jorda at det kasta ned hus.

 Det står og skrive i Scholastica Historia at filosofane kom fram til dette, då dei sa: Gud av naturen leid døden, eller so var det slik at dei naturlege ordningane i denne verda var i oppløysing, eller at elementa levde sitt eige liv, eller at Gud av naturen leid og elementa hadde medynk med Han. og på ein annan plass er det sagt at Denis sa: Denne natta tilkjennegav at det nye ljoset i verda skulle komme. Og dei i Athen laga til denne Guden eit altar, og sette på det denne tittelen: "Dette er eit altar til den ukjende Gud." Og på kvart ende altar som dei hadde til sine gudar, bruka dei å sette ein tittel ovanfor for å syne kven altaret var dedikert til. Og kvar gong athenarane skulle ofre til denne ukjende Guden, seier filosofane: Denne Guden hadde ikkje bruk for gudane våre, men fekk oss til å knele ned framfor Han og be med iver, for Han fann ikkje behag i dyreoffer men i vår djupe andakt. Og seinare, då den velsigna Sankt Paulus kom til Athen, diskuterte dei epicureanske filosofane og stoicarane med han. Nokre av dei sa: Kva vil denne ordsåmannen seie? Og andre sa at han kom med ein straum av nye gudar som er demonar. Difor tok dei han med seg til filosofigata, for å undersøke denne nye læra, og dei sa til han: Har du noko nytt og koma med? Me vil vite kva det er du har med til oss. For Athenarane var berre interesserte i å få høyre noko nytt. Og slik vart det, at då St. Paulus hadde sett alle altera deira, la han merke til eit altar til ein ukjend Gud. Og Paulus sa: Den Gud som de ærar men som de ikkje kjenner, Han er det som eg syner dykk er den Sanne Gud som skapte himmel og jord. Og etter dette sa han til St. Denis, som han innsåg var den mest lærde i gudommelege ting: Denis, kven er Han, den ukjende Guden? Og Denis svara: Han er i sanning ein Gud som mellom gudar  ikkje har synt seg, men for oss er Han ukjend, ein som kjem inn i denne verda for å regjere utan ende. Og Paulus sa: Er Han då berre ein mann, eller ein ande? Og Denis sa: Han er Gud og mann men Han er ukjend, for Hans samtalar er i Himmelen. Då svara St. Paulus: Dette er Han som eg forkynner, som steig ned frå Himmelen og tok på seg vår menneskelege natur, leid døden og stod opp ifrå dei døde på tredje dagen.

              Då Sankt Denis held fram å diskutere med Sankt Paulus, hende det seg at ein blind mann passerte dei, og med det same sa Denis til Paulus: Om du seier til denne blinde mannen i namnet åt Guden din: Sjå! og han får synet att, skal eg med det same tru på Han, men du skal ikkje bruka manande ord, for det kan hende at du kjenner til slike formlar som har stor makt og dygd. Og St. Paulus svara: Eg kan skrive ned orda, som er desse: I namnet åt Jesus Kristus, fødd av ei møy, krossfesta og død, som stod opp att og for opp til Himmelen, og derifrå skal koma att for å døma verda: Sjå! Og for at all tvil skulle fjernast, sa Paulus til Denis at Denis sjølv skulle uttale orda. Og då Denis hadde sagt desse orda nett slik som dei stod til den blinde mannen, med det same fekk han synet att. Og so vart Denis døypt ilag med kona Damaris og heile hans hus. Han vart ein sann Kristen mann og vart instruert og opplærd i tre år av St. Paulus, og han vart ordinert biskop av Athen, og var der i predikasjon, og omvende den byen, og store delar av den regionen til den Kristne trua. Og det vert sagt at St. Paulus synte han kva han såg då han vart rykka inn i den tredje Himmelen, som St. Denis sa og sjølv synte på ulike stader, ettersom han pratar so tydeleg om englehierarkia, og om dei ulike ordrane og disposisjonane og embeta deira, slik at det vert annteke at han ikkje lærde alt dette av nokon annan, men berre av han som vart rykka inn i den tredje Himmelen, og har sett alle ting. Han fløymde over av profetisk ande som det kjem fram i ein epistel som han sende til Johannes Evangelisten, på øya Patmos, der han hadde vorte send i eksil. Og han profeterte for Johannes at at han skulle kome attende, med desse orda: Gled deg du høgt elska, vidunderleg og verd å lengte etter, du som er elska, du skal verte frisleppt frå dette fangenskapet som du er i på Patmos, og skal vende attende til landet Asia, og du skal halde fram å fylgje din gode Gud, og Hans gode verk, og skal gje dei vidare til dei som kjem etter deg. Og som det kjem fram og synast i boka om dei heilage namna, var han til stades ved dødsleiet til den velsigna Maria Møy. Og då han fekk høyre at Peter og Paulus hadde vorte fengsla i Roma under Nero, ordinerte han ein Biskop under seg, og drog i veg for å vitje dei. Og då dei vart martyrar og for heim til Gud, og Clement vart sett i stolen i Roma (annan tittel på Paven), gjekk det ikkje so lengje før han vart sendt av Clement til Frankrike, og med seg i fylgjet sitt hadde han Rusticus og Eleutherius. Dei kom fram til Paris og omvende mange menneske der til trua, dei sette opp mange kyrkjer og plasserte i desse menn av ulike ordinasjonar. St. Denis lyste av slik himmelsk nåde at, då avgudsbiskopane i avund rørde folket opp imot han, og folket kom for å øydeleggje han, med det same dei fekk sjå han, forsvann all ondskap frå dei og dei byrja å bøye kne framfor han, og oppfyllde av gru rømde dei ifrå han alle som ein...
forts. fylgjer...

søndag 29. august 2010

St. Augustinus om den Treeinige Gud! (Frå helgensamlinga "Dei Gyldne Legendane" samla av Jacobus de Voragine, Erkebiskop av Genoa, 1275)

Den Heilage Augustinus var son til den Heilage Monika, som eg har skrive om tidlegare på denne bloggen. I dei blogginnlegga står det mange detaljar om St. Augustinus si omvendig og eg kjem difor ikkje til å skrive dette ein gong til. Eg kan jo berre nemne at han vart omvend til Kristendomen i Carthage, Afrika av St. Ambrosius, etter å ha fylgt den Manikenske kjettarlæra over lengre tid. Han mottok til slutt den Heilage dåpen i Påska år 387 og han vart seinare både Biskop og Doktar av Kyrkja. St. Augustinus fordjupa seg m.a. i Treeinigheitslæra og skreiv mykje bra på dette emnet. Her kjem ein liten smakebit på noko av det han fekk lære seg:

Der heng eit bilete ved eit alter av St. Augustinus hjå Dominikanarordenen i Antwerpen som avbildar ei oppleving Helgenen hadde då han gjekk langs havsstranda i Afrika og funderte over den HeilageTreeinigheita. Dette var eit emne han hadde kontemplert seg sår i sinnet over, og det var i ei slik stund at dette hende. Der langs strandkanten fann han eit lite barn som hadde greve seg ei lita grop i sanden, og i handa hadde han ei lita skei. Med skeia tok han vatn ut frå det store havet og ausa det opp i den vetle sandgropa. St. Augustinus vart forbausa då han såg dette og spurte barnet kva det var han held på med? Barnet svara og sa: "Eg vil ta alt dette vatnet ut ifrå havet og opp i denne gropa." "Kva?!" svara Augustinus. "Det er umogeleg, korleis kan det gjerast når ein tenkjer på kor stort og gedigent havet er og kor lita gropa og skeia di er?"  "Ja, det er sant," svara barnet, "men det skulle vere lettare og snarare fullført å helle alt vatnet frå havet opp i denne gropa enn det skulle vere for deg å helle mysteriet om Treeinigheita og Hans Gudoms velde inn i di lille forståing, om ein skulle jamføre desse to: For mysteriet om Treeinigheita er større og veldigare samanlikna med ditt vit og din hjerne enn skilnaden er mellom havet og denne vetle gropa." Då dette var sagt forsvann barnet med eit blink. Lat då kvar mann ta lærdom av dette, slik at ingen- og særskild ikkje enkle og ulærde menn, freistar å forstå og lære ut dei høgste tinga som gjeld Guddomen, anna enn det som dei har fått lære av Kyrkja om trua, for denne trua skal rekke for oss.
         Lat oss då be til den Heilage Augustinus at han må gå i forbøn for oss hjå den Velsigna Treeinigheita, slik at me kan rette til og gjere bot for liva våre i denne forbifarande verda, slik at me, når me forlet henne, måtte komme inn i eveleg herlegdom. Amen

Eg tykte at denne opplevinga skildra vel den absurde tankegongen som so mange menneske i dag sit faste i. Dei tek alltid utgongspunkt hjå seg sjølve i si Gudsforståing. Slike argumentere med at dei berre kan tru på det som er logisk ut ifrå deira eigne tankar om moral og etikk. Dei kan ikkje tru på det som ikkje verkar rettvist ved fyste augekast, ettersom dei ikkje kan akseptere at Guds rettvise er djupare og høgre enn deira eiga innsikt i saka. Dei forkastar lett mirakel, ubesvara spørsmål og heng seg opp i det som dei oppfattar som "sjølvmotseiande" anten det er i skrift eller lære. Dette er ikkje fordi noko er gale med Kristendommen, men fordi desse menneska ikkje kan underkaste seg. Dei har ikkje nokon annan Gud enn sine eigne hjernar. Dei har ikkje trua som er vissa om noko ein ikkje ser.

fredag 27. august 2010

Sjokkerande vanhelging av Katolsk heilagplass!

Her er ein sjokkerande video med eit typisk døme på den falske ekumenikken som Novus Ordo antikyrkja held på med. I Lourdes, der den Heilage Møya openberra seg, og som difor er eit særs heilag Katolsk pilgrimsmål, har falske "katolske prestar" her ei felles bønestund med jødar som fornektar at Jesus er Messias og Guds Son. Ja, framfor augene på ei stor folkemengde vågar dei å syngje ilag ei bøn om fred, som om det er falsk fred med kvarandre og ikkje fred med Gud gjennom Jesus Kristus som verda treng!
Her syng dei ein duett med Rabbi Alon Goshen-Gottstein, I LOURDES !!, den 23.juni 2009, framfor statuer tileigna vår Heilage Moder. "Shalom, Dona nobis pachem.." Og alle aksepterer den kjetterske læra om at alle religionar tilber den same guden, og står der med tende ljos som om dette skulle vere noko heilt normalt og Katolsk. Fy skam!

onsdag 25. august 2010

Pave Leo XIII si opprinnelege bøn til St.Mikael!

Den opprinnelege bøna som Pave Leo XIII skreiv til St. Mikael Erkeengelen er profetisk. Bøna vart forfatta for over 100 år sidan og seinare gøymd unnan grunna det oppsiktsvekkjande innhaldet. Men Pave Leo XIII si bøn til St. Mikael er framleis ei av dei mest interessanne og kontroversielle bønene i samband med den Sanne Katolske Kyrkja sin situasjon i vår eiga samtid. Det hende seg den 25.september 1888, etter å ha feira Morgonmessa, at Pave Leo XIII vart so traumatisert at han kollapsa. Dei som var i nærleiken trudde at han var død. Etter at han fekk medvitet attende, skildra Paven korleis han hadde overhøyrd ein skremmande samtale som utspelte seg nære tabernaklet. Samtalen var mellom to røyster- røyster som Paven tydeleg forstod tilhøyrde Jesus Kristus og djevelen. Djevelen skraut av at han kunne øydeleggje Kyrkja om han fekk ei løyve på 75 år for å utføre planen sin (eller 100 år i fylgje andre kjelder). Djevelen bad og om løyve til å få "større innflytelse over dei som vil gje seg over til teneste for han." Svaret som Vår Herre gav på denne bøna var: "Du skal få tida og krafta."
                Djupt skaka over det han hadde høyrt, forfatta Pave Leo XIII denne opprinnelege bøna til St. Mikael (som og er ein profeti) og gav ordre om at ho skulle resiterast etter alle Lågmesser som eit vern for Kyrkja mot angrep frå helvetet. Det som no fylgjer er den opprinnelege bøna, etterfulgt av nokre kommentarar gjort av Most Holy Family Monastery. Den opprinnelege bøna er henta og oversett frå "Raccolta, 1930," Benzinger Bros., s 314-315. Raccolta er ei samling bøner med imprimatur av den Katolske Kyrkja sine offisielle bøner med avlat.
               BØNA:
Å Herlege Erkeengel St. Mikael, Prins av himmelhærane, vær vårt forsvar i den forferdelege krigføringa som me står i mot herrevelder og Makter, mot heimsens herrar i denne myrke verda, dei onde andane. Kom og hjelp mennesket, som Gud skapa udødeleg, gjort etter Hans eige likning, i Hans eige bilete, frikjøpte frå djevelens tyranni  for ein høg pris.
               Kjemp i dag Herrens slag, saman med dei heilage englane, slik som du allereie har stridd imot leiaren for dei høgmodige englane, Lucifer, og alle dei fråfallne herrevelda, som var kraftlause i kampen mot deg, og som heller ikkje lenger hadde nokon plass i Himmelen. Dette monsteret, den eldgamle ormen, som vert kalla djevelen eller satan, som forfører heile verda, vart kasta ned i avgrunnen med sine englar. Men no har denne fyste fienden og menneskeslaktaren fått att si uforskamma dristigheit. Forkledd som ein ljosengel, vandrar han rundt mellom menneska, og med ein skare av onde andar innvaderar han jorda for å slette ut Namnet åt Gud og Namnet åt hans Kristus, for å fange, øydeleggje og dra med seg ned til evig fortaping dei sjelene som er forutbestemte til å arve ei krune av evig æra. Denne ondarta dragen tømmer ut som ei særs urein flod, gifta av sin eigen ondskap inn i sjelene til menneske med forderva sinn og korrupte hjarte, ein lygnarande, alt som er umoralskt og blasfemiskt, ein forpesta pust av alt som er ureint og av ei kvar last og synd.
              Desse særs listige fiendane har fylt opp og berusa Kyrkja, ektefellen til det lytelause Lammet, med galle og bitterheit, og har lagt sine ureine hender på Hennar høgst heilage eigedelar. På den sjølvaste Heilage Plassen, der den Heilage Stolen til St.Peter har vorte oppsett, Sanningsstolen som eit ljos for verda, har dei røyse opp ei trune av sin eigen avskyelege umoral, med den syndige vona om at når Hyrdingen vert slegen, vert sauene spreidde ikring.
             Stig då fram, Å uslåelege Prins, forsvar Guds folk mot angrepa frå fordømde krefter frå helvetet, og gje dei sigeren. Den Heilage Kyrkja ærar deg som hennar verge og Skyttspatron, Ho ærar deg som hennar forsvar mot ondarta krefter frå helvetet; til deg har Gud overlete menneskesjelene for å verte eveleg grunnfeste i himmelsk herlegdom. Å, be til fredens Gud for oss, at Han må leggje satan under føtene våre, so fullstendig erobra at han ikkje lenger vert skikka til å halde menneske i fangenskap og skade Kyrkja. Ber fram bønene våre for Den Høgste sitt Åsyn, slik at Guds nåder hurtig må forsone oss; og medan du sleg ned dragen, den eldgamle ormen, som er djevelen og satan, gjer han enno ein gong til ein fange i avgrunnen, slik at han ikkje lenger kan forføre nasjonane. Amen

              Sjå der, Herrens Kross: bli spreidde ut de fiendemakter.
              Løva av Juda stamme, Davids rot har sigra.
              Lat di miskunn vere over oss, Å Herre
              som me har site vår lit til Deg.
              Å Herre, høyr vår bøn.
              Og lat mitt rop komme til Deg.
Lat oss be:
Å Gud, vår Herre Jesu Kristi Fader, me kallar på ditt Heilage Namn og ber audmjukt om at Du miskunnar deg over oss, at gjennom forbøna frå Maria, evig lytelaus Møy og vår Moder, og frå den ærefulle Erkeengelen St. Mikael, måtte Du gje oss hjelp mot satan og alle andre ureine andar, som vandrar rundt på jorda til stor skade for menneskeslekta og til forderving av sjelene. Amen

------------------------------------------------------------------------
Dei som les bøna (og særskild dei understreka delane) kan sjå at Pave Leo XIII på fantastisk vis forutsåg og profeterte om det store fråfallet, og han utsåg at dette fråfallet skulle verte leia frå Roma- Roma som åleine er "Den Heilage Plassen sjølv, der det Apostoliske Sætet til den Heilage Peter og sanningsstolen som eit ljos for verda står." Pave Leo XIII såg heilt tydeleg at denne staden (Vatikanstaden i Roma), der sætet til Peter vart sett opp av den fyste Paven, St.Peter sjølv, kom til å verte trune for satans avskyelege umoral, med "den syndige vona om at når Hyrdingen (den sanne Paven) vert slegen, vert sauene (dei trufaste Katolikkane) spreidde ikring." Pave Leo XIII forutsåg ikkje eit avhopp av den Katolske Kyrkja frå den sanne trua (noko som er umogeleg ettersom helvetes portar aldri skal stå seg mot Kyrkja-Matt 16) og heller ikkje eit avhopp frå trua av Petri Stol (som og er umogeleg). Nei, han forutsåg då heller implementeringa av ein apostatisk, forfalska Katolsk religion frå Roma, der "Hyrdingen" (den sanne Paven) vert bytt ut med ein plyndrar og anti-pave (noko som har skjedd av og til i Kyrkjehistoria), med den syndige planen å "spreie sauene rundt ikring."
              Pave Leo XIII si bøn forutsåg og at satans ureine apostatar kom til å leggje hendene sine på "Kyrkja sine aller heilagste eigedelar." Kva er Kyrkja sine aller heilagste eigedelar? Dei heilagste eigedelane til Kyrkja er dei som Kristus gav henne: fyst og framst å eige den sanne trua (med alle hennar dogmer) og dei sju Sakramenta innstifta av Herren Jesus Kristus sjølv. Difor forutsåg Pave Leo si bøn forsøket på å øydeleggje forvaringa av den sanne trua med II Vatikankonsilet og dei nye sakramentale ritane som den etterkonsiliære Vatikankyrkja har komme med. Antipave Paul VI som la sine ureine hender på Kyrkja sine sju heilage Sakramentriter, noko han byrja med i april 1969, med det resultatet atein fekk ei ugyldig Ny Messe, ei ugyldig ny rit av ordinasjonar/kallelsesvigsler og særs tvilsomme riter av Konfirmasjon og Siste salvelsen, noko som har oppfylt Pave Leo XIII si profetiske bøn bokstav for bokstav.
             I 1934 vart denne fantastiske bøna av Pave Leo XIII (slik ho vart gjengjeven ovanfor) endra utan forklaring. Lykkjelfrasene som refererar til fråfallet i Roma vart fjerna. Ikring same tid (no som Pave Leo XIII hadde vore død ei tid), vart bruken av Pave Leo XIII si bøn til Erkeengelen Mikael etter kvar Lågmesse bytt ut med ein heilt ny komposisjon, den no so velkjende redigeringa St. Mikael-bøna som framleis ber Paven sitt namn, men som tydeleg ikkje var skriven av Paven. Denne bøna går slik:

"St. Mikael Erkeengelen, forsvar oss i slaget. Vær vår beskyttar mot ondskapen og snarene til djevelen. Måtte Gud irettesette han, det er vår audmjuke bøn. Og måtte du, Å Prins over himmelhærane, gjennom Guds kraft, kaste ned i helvetet satan og alle onde andar som vandrar gjennom verda for å forderve sjelene. Amen."

Det er ikkje noko gale med denne bøna i seg sjølv, tvert imot er det ei bøn somn er både god og effektiv. Derimot er poenget at dette ikkje er den opprinnelege bøna til St. Mikael som Pave Leo XIII forfatta og gav ordre om skulle resiterast etter kvar ende Lågmesse. Ho vart promulgert som ei erstattning, slik at dei trufaste ikkje skulle kjenne til det fantastiske innhaldet i den opprinnelege bøna, som skildra ovanfor. Om den opprinnelege bøna til St. Mikael hadde fått stå fast etter kvar ende Lågmesse og ikkje undertrykt i 1934, kor mange fleire millionar skulle ikkje då ha vorte rørde til motstand då antikyrkja prøvde å systematisk bryte ned den Katolske Trua og Messa etter II Vatikankonsilet?
                Pave Leo XIII si opprinnelege bøn til St. Mikael passar og perfekt ilag med vår Frue i La Salette si kjende openberring og profeti i 1846: "Roma vil miste Trua og verte sætet for antikrist...Kyrkja vil verte i ein eklipse." Pave Leo sine ord fremjar at antikrist i eigen person, eller i det minste antikrist sine eigne styrker, ville sette opp sitt sæte i Roma, "På sjølve Heilagplassen, der Stolen til den Heilage Peter er sett opp..har dei røyst opp ei trune av sin eigen avskyelege umoral.."
               Katolikkar må fatte mot i desse profetiske åtvaringane som himmelen har gjeve oss, som tydeleg forutseier våre dagar. Me må lite på Gud og at Han framleis er med si Kyrkje, slik som Han har lova å vere so lengje verda står og i all eve. (Matt 28) Han kjem aldri til å tillate at Kyrkja vert fullstendig utsletta eller fell i kjetterske lærer. Der vil alltid vere ein rest av Katolikkar som held på den heile og sanne Trua og som ikkje kompromissar med vranglærer, slølv om Gud har tillete satan , som ei straff for syndene til mennska i desse siste tidene, styrke til å innvadere og ta over skular, presteseminar, høgskular, universitet, kapell og byggnader som ein gong tilhøyrde den Sanne Katolske Kyrkja. Gud har tillete satan å ta til seg og ta over desse strukturane, og å fylle dei med ein ikkje-Katolsk fråfallen religion som ikkje er Katolsk men som har kapra namnet. Me må stå opp imot denne forfalska "katolske kyrkja", som er skapa av satan, og freista å bringe menneske attende til den sanne Katolske Kyrkja (som vart skipa av Jesus Kristus og som ikkje kan øydeleggjast), og som alle treng å tilhøyre for å verte frelste.

mandag 9. august 2010

Dei skadelege usanningane som kjettarar kjem med! (G.Savonarola 1497)

Tida er no komme for å sjå nærare på saka om kjettarar, som, sjølv om dei sannar Kristus og Evangelia, held på mange usanningar. Det skulle ta for lang tid å attendevise kvar ende heresi. Då det likevel er so mange lærde forfattarar som har tekje tak i denne oppgåva, tenkjer eg berre ved hjelp av sunn fornuft å motbevise nokre av dei felles prinsippa som dei alle feilar i.
          Fyst vil eg syne at det er naudsynt at Kyrkja vert styrt berre av eit hovud. For, om kjettarar trur at Gudommeleg forsyn styrer verda og særskild Kyrkja, som har skrive historia si med slike store undergjerningar, vert dei nøydde til å vere konsekvente og innrømme att styreforma som Herren over alle ting innførte må vere den beste. Då er den beste styreforma monarkiet; for gjennom det vert ein nasjon samanskipa i einskap, i mykje større grad enn ei styreform som er administrert av mange. Det er då ein sjølvsagt ting at einskap og fred er målet for styresmakta. Difor, då styresmakta til Kyrkja er den beste styresmakta, må styresmakta hennar vere eit monarki.
           Det er tydeleg at lågare styresmakter berre fylgjer dømet frå høgare styresmakter; og jo meir dei liknar høgre styresmakter, jo meir perfekte vert dei. Difor vert den militante Kyrkja (Kyrkja på jorda) si styreform, som er forma etter den triumferande Kyrkja (Kyrkja i Himmelen) som er styrt av Gud åleine, administrert av ein totalitær leiar.
             Det seier og seg sjølv at overnaturlege ting er styrte med meir perfekt hand enn naturlege ting. Me kan sjå tydeleg i naturen at dei styreformene som finnst der er krinsa ikring ein leiar. For bier har berre ei bidronning og lemmane på kroppen vert regulerte av eit hjarta. Difor må Kyrkjestyresmakta som står over desse naturlege fenomena, då ho er overnaturleg, vere overlegen alle andre styresmakter, og verte administrert av ein leiar åleine.
             Alle kjettarar er samde med oss i at dei trus på enten berre Nytestamentet eller Nytestamentet og Gamletestamentet i lag, sjølv om dei skiljer seg frå oss i tolkninga av Skrifta. Men både i Det Nye og Det Gamle Testamentet vert det tydeleg sagt at Kyrkja berre skal ha ein leiar. Hosea 1:11" Folket i Juda og folket i Israel skal slå seg saman og ta seg ein hovding i lag." Joh 10:16 "og det skal bli éin flokk og éin gjetar." Ingen ved sine fulle fem kan hevde at dette skulle bety at etter at Kristus for opp til Himmelen, var det Han som skulle vere Kyrkja sitt hovude på slikt vis at me ikkje treng eit jordisk hovude. For om dette var tilfellet skulle Han ha skapt uendeleg stor forvirring og splittelse, og me skulle ikkje ha noko høve til å løyse
spørsmål og alle dei ulike meiningane som kjem fram når det gjeld tru og moral, som elles skulle ha komme opp mellom Kristne. Det er og difor Herren tala til St.Peter åleine då Han sa "Fø mine lam." (Matt 21:18) og igjen i Luk 22: 32 "Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!" Her kjem det tydeleg fram at Han sette Peter til å vere Hans vikar. Han beviste denne intensjonen enno meir tydeleg då Han sa: "Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen." (Matt 16:18-19.)
              Det kan ikkje verte antatt at Kristus gav dette embetet til St.Peter åleine, utan å rekne med etterkomarane hans, for Han sa då sjølv at Kyrkja skulle stå seg for alltid etter den ordninga som Han sjølv oppretta. Då Han tala til læresveinane, og gjennom dei sa til alle dei trufaste "Sjå eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." (Matt 28:20) og igjen gjennom Jesajas munn: "7 Så skal herredømet verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans. Han skal grunnfesta det og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette." (Jes 7:9) Desse passagane indikerer tydeleg at embetet gjeve av Kristus til St.Peter, for å spele ei viktig rolle og vere naudsynt i Kyrkja, skulle vere ei evigvarande ordning, ja hennar evige garanti. Det er difor sjølvsagt at då St.Peter vart utvald til å vere vikar for Kyrkja og gjetaren for heile Kyrkja, so må alle etterkomarane hans arve denne makta. Og, då Biskopen av Roma er innehavar av Peters embete, må den Romerske Kyrkja vere Mor og leiar over alle kyrkjer, og heile den trufaste lekamen må vere i einskap med den Romerske Pontifeks. Den som på eit eller anna hald er usamde med hans lære i doktrinene til den Romerske Kyrkja, skiljer seg frå Kristus og fylgjer svingete vegar. Og nett som alle kjettarar skiljer seg frå Kyrkja si lære, har dei alle vingla seg av den rake vegen og er uverde det Kristne namnet. For gjennom kjattarar meinar me alike som vrir og vender på Skriftene og velgjer seg ut ein eigen religion og hardnakka held fram i eigne vranglærer.
            Det er ofte sagt at "sanningar fylgjer sanningar, og sanningar stadfester kvarandre." Men kjettarar er so fullstendig usamde med kvarandre at dei knappt har noko felles. Nei, dei tek då heller og kranglar med kvarandre, og ikkje eit ende fast argument vert funne i lærene deira. Dette i seg sjølv, er bevis for at dei har vandra vekk ifrå sanninga. Men lærene i den Romerske Kyrkja, når det gjeld tru og moral, er eitt! Og hennar doktarar "sjølv om dei er tallause, er alltid samde, og ynskjer heller ikkje å skilje seg frå sanninga."
              Kristi Kongerike og den Militante Kyrkja vil vare so lenge verda står. Nei, lenger, sjølv etter at jorda vert gjort ny, vil dette Kongeriket stå seg i den Triumferande Kyrkja. Nett slik som mange kjettarar har røyst seg mot den Romerske Kyrkja, og har vorte knuste gong på gong, er det klart at dei ikkje kan ha vore med å forme Kyrkja og at lærene deira ikkje kjem ifrå Gud.
              Dessutan syner det seg at mange kjettarar levde syndige liv, og at dei difor ikkje kjem frå Gud. Ikkje ein ende av desse kjettarleiarane har vorte æra som Helgen i Kyrkja, dei som til og med vert æra for beina og oska si, og som får dødsdagen sin minna gjennom pris for eit heilagt liv.
              Kjettarar fell og i tallause vranglærer, ikkje berre når det gjeld Heilage Skrifter men og når det gjeld sunn fornuft og sann filosofi. Dette er berre enno eit bevis for at læra deira ikkjer inspirert av Gud. Men det er ikkje naudsynt å halde fram å diskutere lærene deira, då dei har vorte so grundig avviste av dei heilage doktarane. Og dei kjetterske doktrinene deira (eg snakkar om dei som offentleg har angripe Kyrkja), har vorte nestan heilt og fullt utrydda. Dette i seg sjølv er eit bevis for at dei ikkje kom ifrå Gud.               

              
      

Følgere


Vitjarar